tadsjikisk

Artikkelstart

Tadsjikisk er eit språk som tilhøyrer den sørvestlege gruppa av iranske språk, nært nærståande med persisk. Det er nasjonalspråket i Tadsjikistan, men blir òg brukt i andre sentralasiatiske land.

Faktaboks

Uttale
tadsjˈikisk
Språkkoder
tg, tgk (TG, TGK)
ISO-639:3
tgk

Tadsjikisk er truleg førstespråket til nærmare 7,5 millionar menneske. 5,8 millionar av dei bur i Tadsjikistan og 1,3 millionar i Usbekistan. Mindre grupper finst i Iran, Kasakhstan, Kirgisistan, Russland, Turkmenistan og Ukraina. Tadsjikisk er offisielt språk i Tadsjikistan. Standardspråket byggjer på dialektane i Bukhara og Samarkand, men dialektane er sterkt påverka av dei tyrkiske nabospråka (usbekisk).

Endonymet for språket er tōjīkī тоҷикӣ 'tadsjikisk', og tōjīk тоҷик 'tadsjik' for ein medlem av den etniske gruppa. Landet heiter Tōjīkistōn Тоҷикистон 'Tadsjikistan', med hovudstaden Dušanbē Душанбе 'Dusjanbe'.

Språkfamilie

Tadsjikisk høyrer til den sørvestlege undergruppa av dei iranske språka, som saman med dei indoariske og dei dardiske språka utgjer den indoiranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Saman med dari i Afghanistan og persisk i Iran utgjer tadsjikisk ei nypersisk grein av sørvest-iransk.

Språkhistorie

Frå 700-talet og fram til 1920-åra blei tadsjikisk skrive med det arabiske alfabetet. I 1928 tok tadsjikisk og mange andre minoritetsspråk i Sovjetunionen i bruk det latinske alfabetet, men i 1940 gjekk ein over til det kyrilliske alfabetet.

I 1929 blei tadsjikisk offisielt språk i tillegg til russisk og usbekisk i Den tadsjikiske sosialistiske sovjetrepublikken, som i 1991 blei til den sjølvstendige republikken Tadsjikistan.

Språksystem

Tadsjikisk uttrykkjer underordning i nominalfrasar med -i -и, ein enklitisk izōfat(изофат)-markør. Med orda xōna хона 'hus', zan зан 'kvinne' og zēbō зебо 'pen' kan vi lage desse uttrykka:

  • xōnai zēbōi zan хонаи зебои зан 'huset til den pene kvinna'
  • xōnai zani zēbō хонаи зани зебо 'det pene huset til kvinna'

Dersom vi forkortar subjekt som S, objekt som O og verb som V, kan vi kalle tadsjikisk for eit SOV-språk, fordi setninga normalt tek til med subjektet og sluttar med verbet, og så kjem objektet og andre ledd imellom:

Subjekt Adverbial Objekt Verb
Ман ба падарам китобашро додам.
Man ba padaram kitōbašrō dōdam.
padar-am kitōb-aš-rō dōd-am
'eg' 'til' 'far-min' 'bok-hans-akk' 'gav-eg'

'Eg gav far min boka hans.'

Alfabet og transkripsjon

Kyrillisk Uttale Transkripsjon
А а [æ] a
Б б [b] b
В в [v] v
Г г [ɡ] g
Ғ ғ [ʁ] ġ
Д д [d] d
Е е [(j)e] ye
Ё ё [jo] yo
Ж ж [ʒ] ž
З з [z] z
И и [i] i
Ӣ ӣ [i] i
Й й [j] y
К к [k] k
Қ қ [q] q
Л л [l] l
М м [m] m
Н н [n] n
О о [ɔ] o
П п [p] p
Р р [r] r
С с [s] s
Т т [t] t
У у [u] u
Ӯ ӯ [ɵ] u
Ф ф [f] f
Х х [x] x
Ҳ ҳ [h] h
Ч ч [ʧ] č
Ҷ ҷ [ʤ] ǧ
Ш ш [ʃ] š
Ъ ъ [ʿ] ʿ
Э э [e] e
Ю ю [ju] yu
Я я [jæ] ya

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg