tersamisk

Utbreiinga til dei ulike samiske språka. Grensene og inndelinga er omtrentlege.
Samiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Tersamisk er eit samisk språk som blir brukt på Kolahalvøya i Russland. Språket har ikkje standardisert ortografi, grammatikk eller lærebøker og er i ferd med å forsvinne. På UNESCOs raude liste over trua språk blir alle språka i den kolasamiske språkgruppa klassifisert som svært alvorleg trua eller nesten forsvunne.

Faktaboks

Språkkoder
sjt (SJT)
ISO-639:3
sjt

Tersamane er ei etnisk gruppe på kring 100 individ. Det er færre enn 20 personar som har kunnskapar i språket i dag, og berre ein eller to aktive språkutøvarar. Det er anslått at det er færre enn ti personar som har gode nok kunnskapar til å karakteriserast som potensielle språkutøvarar i tersamisk. Tersamane budde opphavleg på den austre delen av Kolahalvøya, men bur no over heile halvøya og i St. Petersburg-området.

Tersamane kallar språket sitt saam'ekiill са̄мекӣлл ‘samisk’ eller ‘samespråket’. På kildinsamisk kallar dei tersamisk Taarr'j saam' kiill Та̄ррьй са̄мь кӣлл. På russisk kallar dei språket jokan'gsko-saamskij jazyk йоканьгско-саамский язык ‘jokan'gasamisk’ eller tersko-saamskij jazyk терско-саамский язык ‘tersamisk’.

Språkfamilie

Det er ni levande samiske språk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske språk i den uralske språkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner: samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner: finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner: finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk.

Tersamisk er eit samisk språk. Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i to hovudgrupper: vestsamisk og austsamisk. Tersamisk er eit austsamisk språk og høyrer til undergruppa kolasamiske språk saman med kildinsamisk og akkalasamisk.

Dei fleste samiske språka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, svensk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege.

Språkhistorie

Det er vanleg å setje overgangen frå gamalsamisk til nysamisk til året 1619, då den første boka på samisk blei utgitt. Det finst likevel ei skriftleg kjelde til samisk som er frå før 1619, nemleg ei liste på 95 tersamiske ord og uttrykk, nedteikna i 1557 av den engelske sjøkapteinen Stephen Borroughs. Han forliste ved kysten av Kolahalvøya og budde eit par måneder blant tersamane. Ordista blei utgitt av den engelske geografen Richard Hakluyt (1552/1553–1616).

På slutten av 1800-talet utgjorde den tersamiske folkegruppa kring 450 personar, som truleg alle snakka tersamisk. Dei budde i seks landsbyar lengst aust på Kolahalvøya: Jofkjogk Ёфкёгк (russisk Jokan'ga Йоканьга), Lɨmbes Лымбэс (russisk Lumbovka Лумбовка), Pɨenne Пыэннэ (russisk Ponoj Поной), Sosnɨeffke Сосныэффкэ (russisk Sosnovka Сосновка), Kiintuš Кӣнтуш og Kɨedt'emjavv're Кыэдтемяввьрэ.

I dag er folkegruppa redusert til kring 100 personar, og berre nokre få eldre snakkar framleis tersamisk, dei andre snakkar russisk. Tradisjonelt levde tersamane av fiske, jakt og reindrift, men kollektivisering i 1930-åra og tvangsflytting frå 1930-åra til 1970-åra hadde negative følgjer for tradisjonelt samisk levevis og for tersamane som etnisk gruppe. I dag er tersamane spreidde over heile Kolahalvøya og i St. Petersburg-området.

Etter revolusjonen i 1917 byrja eit systematisk vitskapleg studium av dei samiske språka i Sovjetunionen, og i 1926 tok Instituttet for dei nordlege folka til å arbeide med rettskrivingsspørsmål. I 1933 blei det gitt ut ei ABC-bok i latinsk skrift med tekstar på eit felles kolasamisk skriftspråk som bygde på kildinsamisk, skoltesamisk og tersamisk. Dette skriftspråket viste seg å fungere dårleg i undervisninga, og alt i 1934 blei det laga nye bøker på kildinsamisk. I 1937 gjekk ein over frå det latinske til det kyrilliske alfabetet.

Det blei aldri laga noko eige tersamisk skriftspråk eller tersamisk undervisningsmateriell, og språket er ikkje grundig utforska.

Språksystem

I tabellen nedanfor er tolv tersamiske ord jamførte med dei tilsvarande orda i kildinsamisk og nordsamisk.

tersamisk (latinsk) tersamisk (kyrillisk) kildinsamisk (latinsk) kildinsamisk (kyrillisk) nordsamisk norsk
vɨejjve выэййвэ vuejjv вуэййв oaivi hovud
nɨkčɨm ныкчым ňuxč'em' нюхчемь njuovčča tunge
kidt кидт kiidt кӣдт giehta hand
lonn't лоннҍт lånn't лоаннҍт loddi fugl
čadc'e чадце čaadz' ча̄дзь čáhci vatn
kiedd'ke ке̄ддҍкэ kiedd'k ке̄ддҍк geađgi stein
abb're аббьрэ aabb'r а̄ббьр arvi regn
toll толл tooll то̄лл dolla eld
čahpɨs' чаһпысь čåhpe чоаһпэ čáhppat, čáhppes svart
vilgis' вилгись viillke вӣллкэ vielgat, vilges kvit
jɨjj йыйй ɨjj ыйй idja natt
pejvv'e пэйвве piejjv пе̄ййв beaivi dag, sol

Lånord

Sjøfararen og handelsmannen Ottar frå Hålogaland vitja kong Alfred av England (849–899). Han fortalde kong Alfred om tilhøva i Hålogaland – det vil seie Nord-Noreg – og om sjøferda si til Kvitsjøen. Forteljinga blei nedskriven på gamalengelsk og lagd til i ei bok saman med ei omsetjing frå latin til gamalengelsk av verdshistoria til historikaren og presten Paulus Orosius (385–420).

Forteljinga til Ottar tek til slik: Ohthere sæde his hlaforde, ælfrede cyninge, þæt he ealra norðmonna norþmest bude ‘Ottar fortalde herren sin, Alfred konge, at han budde lengst mot nord av alle nordmenn.’ Ottar fortalde vidare at landet strekte seg mykje lenger nordover enn til der han budde, men at det ikkje budde nokon der, bortsett frå her og der nokre samar, som veidde om vinteren og fiska i sjøen om sommaren.

Han sa at han ein gong ønskte å finne ut kor langt nordover landet gjekk, så han siglde nordover langs kysten. Han siglde heilt til Kvitsjøen, der han møtte terfinnas ‘tersamar’ og beormas ‘bjarmar’. Dei sistnemnde var truleg karelarar, som framleis bur på vestsida av Kvitsjøen, medan tersamane budde lengst aust på Kolahalvøya. Ottar uttalte seg jamvel om språket til desse folkegruppene: Þa finnas, him þuhte, 7 þa beormas spræcon neah an geþeode. ‘Han tykte samane og bjarmane talte nesten same målet. ’ Dette rimar godt. Karelsk er eit austersjøfinsk språk, og dei austersjøfinske og dei samiske språka er nære slektningar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, Kárášjohka 1998 (sidene 150–153 handlar om tersamisk)
  • Elisabeth Scheller: «Samernas språksituation i Ryssland», Multiethnica. Meddelande från Centrum för multietnisk forskning, Uppsala universitet 2010 (32) (sidene 3–8)
  • Elisabeth Scheller: «Samisk språkrevitalisering i Ryssland. Möjligheter och utmaningar», NOA. Norsk som andrespråk, 2011, volum 27 (1) (sidene 86–119)
  • Sergej N. Tereškin: «Jokangskij dialekt saamskogo jazyka», 10.2.2002. – jazyki narodov Rossijskoj Federacii. Dissertacija na soiskanie učenoj stepeni kandidata filologičeskich nauk. Rossijskij gosudarstvennyj pedagogičeskij universitet imeni A.I. Gercena, Sankt Peterburg 2002 (Tерешкин, С.Н.: Йокангский диалект саамского языка, 10.2.2002 – языки народов Российской Федерации. Диссертация на соискание ученой степени кандидата филологических наук. Российский государственный педагогический Университет имени А.И. Герцена, Санкт-Петербург 2002
  • Her finst det ei tersamisk ordliste: http://dicts.uit.no/sjtdicts.nob.html

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg