burmesisk

Artikkelstart

Burmesisk er eit språk som blir snakka som førstespråk av nærmare 40 millionar menneske og som andrespråk av mellom 10 og 15 millionar. Dei fleste bur i Myanmar (Burma), der burmesisk er einaste offisielle språk, men det finst òg mindre grupper av burmesisktalande i nabolanda (Bangladesh, Malaysia og Thailand) og i USA.

Faktaboks

Også kjent som

burmesisk: mjăma badha မြန်မာဘာသာ (formell stil)

băma zăgá ဗမာစကား (uformell stil)

Uttale
burmˈesisk
Språkkoder
my, mya, bur (MY, MYA, BUR)
ISO-639:3
mya

Språkhistorie

Burmesisk har vore skrive sidan 1100-talet, med ei skrift med opphav i granthaskrifta, som blei nytta i Sør-India frå 500-talet fvt. til 1500-talet evt. for å skrive pali, det liturgiske språket i theravadabuddhismen, den dominerande forma for buddhisme i Sør-Asia og Søraust-Asia. Granthaskrifta, som nesten alle indiske skriftsystem, hadde utvikla seg frå brahmi-skrifta, som igjen hadde opphav i det arameiske alfabetet.

Den eldste kjende innskrifta på burmesisk – meir presist gamalburmesisk – står på ei søyle frå år 1113 ved Mjazeidi-pagoden (mjázeidi မြစေတီ 'smaragdstupaen') sør for byen Bagan (băgan ပုဂံ). Dette er ein lokal «Rosettastein», med innskrifter på pali, mon, burmesisk og det gamalburmanske pyu. På 1100-talet begynte burmesisk å erstatte mon som offisielt skriftspråk i kongedømet Bagan.

Skilnadene på det gamalburmesiske og det moderne burmesiske skriftspråket gjeld særleg ortografi, og i mindre grad grammatikk og ordtilfang. Dei ortografiske endringane indikerer at det har vore store endringar i uttalen sidan 1100-talet, og i mindre grad i grammatikken. Burmesisk har mange lånord frå pali og sanskrit, og slike lånord finn vi òg i dei eldste bevarte tekstane.

Gjennom hundreåra har burmesisk spreidd seg i Myanmar på kostnad av dei mange minoritetsspråka, som det framleis finst over hundre av. Minoritetsspråka er påverka av burmesisk, ikkje minst i ordtilfang, mens minoritetsspråka – som står lågare i eit sosialt hierarki – i mindre grad har påverka burmesisk.

Dialektar

Det burmesiske språket varierer både geografisk og sosialt, men detaljane i variasjonen er mindre kjende, fordi det ikkje finst nokon omfattande studiar av burmesiske dialektar. Ein del av variasjonen i uttale er omtalt i avsnittet Fonologi lenger nede.

Dialekten i Mandalay (mandălèi မန္တလေး) sentralt i Myanmar blir rekna som standard, men dialekten i byen Yangon/Rangoon (jangoun ရန်ကုန်), som var hovudstad fram til 2006, og som framleis er det økonomiske sentrumet i landet, er meir utbreidd.

To stilartar

Burmesisk har to klart åtskilde stilartar, formell eller litterær og uformell eller daglegdags stil. Det som først og fremst skil dei to stilartane frå kvarandre, er bruken av grammatiske partiklar, mellom anna med fleire partiklar i den formelle stilen, og ein del i ordtilfanget, med ein forkjærleik for relativ lange ord i den formelle stilen. Som namna tilseier, blir den uformelle stilen nytta i vanleg, daglegdags samtale, mens den formelle stilen blir brukt i skrift og som talespråk i meir formelle samanhengar, som i offentlege talar og i statleg radio og fjernsyn. Romanar blir som regel skrivne med ein kombinasjon av formell og uformell stil, slik at hovudteksten er skriven på formell burmesisk, men med uformell stil i dialogane.

I dei seinare åra har det vore ein tendens til at den uformelle stilen har trengt inn på område der den formelle stilen tidlegare rådde – på det skriftlege området mellom anna i romanar, tidsskrift og aviser, på det munnlege området i uoffisielle medium og utanlandske kanalar med sendingar på burmesisk.

Myanmar og Burma

Myanmar har to namn på burmesisk, det formelle mjăma မြန်မာ og det uformelle băma ဗမာ. Begge kjem av eit eldre mranma (utan kjend tyding), først belagt i ei innskrift frå 1190. Det er vanleg at eldre m har blitt til b fremst i ord i uformell burmesisk, og eldre r har blitt til j i dei fleste moderne burmesiske dialektar.

Skrivemåten Burma er ein freistnad frå 1700-talet på å gje att det uformelle uttalen băma ဗမာ i engelsk ortografi, slik at ur /ǝː/ står for burmesisk ă /ǝ/. Frå same tida er òg skrivemåtar som Birmah og Bermah kjende. Skrivemåten med i ligg til grunn for tysk Birma (attåt Burma), fransk Birmanie og spansk/italiensk Birmania.

I 1989 vedtok den burmesiske militærregjeringa at det engelske landsnamnet heretter skulle byggje på det formelle namnet mjăma မြန်မာ og skrivast Myanmar, som representerer den burmesiske skriftforma မြန်မာ, translitterert ⟨mranma⟩. R-en på slutten av Myanmar finst ikkje på burmesisk, og blei lagd til fordi ein tenkte skriftforma Myanma (utan r på slutten) ville bli uttalt /ˈmjænmə/ på engelsk, i staden for /ˈmjænmɑː/, som ligg nærmare den burmesiske uttalen mjăma. Namneendringa er omstridd, og Aung San Suu Kyi (aun hsàn sú kji အောင်ဆန်းစုကြည်) uttrykte i 2016 at ho stiller seg likegyldig til kva landet skal kallast på engelsk og fortalde at ho sjølv ofte seier Burma når ho snakkar engelsk.

Endringa frå Burma til Myanmar var ein del av ein omfattande endring av engelske skrivemåtar av burmesiske stadnamn frå perioden då Myanmar var britisk koloni (1885–1948). Mellom anna blei Rangoon endra til Yangon; jamfør burmesisk jangoun ရန်ကုန်, translitterert ⟨rankun⟩.

I 2011 gjekk den norske regjeringa over til berre å bruke skrivemåten Myanmar. Denne forma, med uttalt r på slutten, har blitt teken i bruk i mange språk, jamfør tysk Myanmar og kroatisk Mjanmar, men nokre språk brukar ei form utan den finale r-en, jamfør russisk M'janma (Мьянма) og koreansk Miyanma (미얀마).

Sjølv om vi har teke i bruk Myanmar på norsk, kallar vi framleis språket for burmesisk, ikkje myanmarsk. Myanmarsk blir berre nytta om det som har med landet Myanmar å gjere, ikkje språket.

Grammatikk

Leddstilling i setningar

Med nokre få unnatak står verbalet sist i ei burmesisk setning, og rekkjefølgja på dei andre ledda er styrt av informasjonsstrukturen, mellom anna slik at temaet alltid kjem først. Her er eit døme på ei setning som tyder 'Eg har ikkje lese avisa i dag':

TEMA / subjekt adverbial objekt verbal
ကျနော်က ဒီနေ့ သတင်းစာ မဖတ်ရသေးဘူး။
kjăno-gá di néi dhădìnza măhpa'jádhèibù.
eg-SUBJEKT i dag avis har ikkje lese

Subjektet kjăno-gá ကျနော်က er pronomenet kjăno ကျနော် 'eg' pluss subjektsmarkøren - က. Når subjektet står fremst, inneber det som regel at det er temaet i setninga. Adverbialet og objektet kunne òg ha stått fremst i setninga og fungert som tema. I denne setninga står objektet først med objektsmarkøren -gou ကို etter, og omsetjinga kan til dømes vere 'Avisa, den har eg ikkje lese i dag'.

TEMA / objekt subjekt adverbial verbal
သတင်းစာကို ကျနော် ဒီနေ့ မဖတ်ရသေးဘူး။
dhădìnza-gou kjăno di néi măhpa'jádhèibù.
avis-OBJEKT eg i dag har ikkje lese

Set vi adverbialet fremst som tema, kan omsetjinga bli 'I dag har eg ikkje lese avisa':

TEMA / adverbial subjekt objekt VERBAL
ဒီနေ့ ကျနော်က သတင်းစာ မဖတ်ရသေးဘူး။
di néi kjăno dhădìnza măhpa'jádhèibù.
i dag eg avis har ikkje lese

Nomenfrasen

I ein nomenfrase står nokre adledd føre hovudet og andre etter. Til dømes står eit possessivt ledd føre hovudet, som i dette eksempelet, der substantivet hsăjá ဆရာ့ 'lærar' pluss possessivmarkøren - ရဲ့ står føre substantivet ကား 'bil':

  • ဆရာ့ရဲ့ကား hsăjá-jé kà 'bilen til læraren'

Eit talord står etter hovudet, følgt av ein klassifikator, som i dette eksempelet, der talordet thòun သိုး 'tre' pluss klassifikatoren စီး står etter substantivet ကား 'bil':

  • kà thòun-zì ကားသိုးစီး 'tre bilar', bokstavleg «bil tre stykke»

Eit determinativ står føre hovudet, som i uttrykket di néi ဒီနေ့ 'i dag' i setningane over:

  • di néi ဒီနေ့ 'i dag', bokstavleg «denne dag»

Pronomen

Mens norske pronomen uttrykkjer person (1., 2. og 3. person), tal (eintal og fleirtal), genus (maskulinum, femininum og nøytrum), uttrykkjer burmesiske pronomen i tillegg formalitet og sosial distanse. Pronomenet kjăno ကျနော် i setningane ovanfor tyder ikkje berre 'eg', men 'mannleg talar som uttrykkjer seg høfleg til ein person som er like gamal eller eldre'. Det finst åtte andre pronomen i 1. person eintal. Nokre er formelle, andre er uformelle, nokre varierer i høflegheit eller kjønnet til talaren, og ein omtalar seg sjølv med ulike former etter statusen til den tiltalte (kor gamal er den tiltalte?, er den tiltalte ein munk?).

Verbalet

Verbalet i burmesisk er bygt opp av eit verb og ulike klitiske partiklar som står føre og etter verbet. Eit eksempel er verbalet măhpa'jádhèibù မဖတ်ရသေးဘူး i dei burmesiske setningane ovanfor, som inneheld fem ledd:

  • mă- မ – nekting
  • hpa' ဖတ် 'lese'
  • -já ရ 'må'
  • -dhèi သေး 'enno'
  • -bù ဘူး – nekting

Ei nektande form av eit burmesisk verb har partikkelen - မ heilt fremst og partikkelen - ဘူး heilt til slutt. Partiklane -já-dhèi ရသေး kombinert med nekting uttrykkjer 'har enno ikkje'.

Eit verb utan nektingspartiklar har eit skilje mellom ikkje-futurum og futurum. Eit verb i ikkje-futurum, som har markøren -te/-de တယ်, uttrykkjer fortid eller notid. Nokre grammatikarar meiner at det eigentleg handlar om eit skilje mellom realis og irrealis. Ei handling i fortid eller notid har faktisk skjedd eller skjer faktisk, mens ei handling i framtid berre er tenkt, og den såkalla futurumforma, som har markøren -me မယ်, blir òg brukt om ein usikker eller spekulativ status.

Orddanning

Nye ord kjem inn i burmesisk gjennom avleiing, samansetning, reduplikasjon og lån frå andre språk, sjå også orddanning.

Avleiing

Burmesisk har avleiingsprefiks og mange avleiingssuffiks. Avleiingsprefikset 'ă- အ har fleire funksjonar, men den vanlegaste er å lage substantiv av verb:

  • chi' ချစ် 'elske' ⇨ 'ă-chi' အချစ် 'kjærleik; kjæraste'
  • thí သိ 'kjenne' ⇨ 'ă-thí အသိ 'kjenning, kjennskap'

Mellom dei mange avleiingssuffiksa er -thu/-dhu သူ, som blir lagt til eit verb for å danne substantiv som viser til ein person som utfører den handlinga verbet viser til. Eit prefiks med same skrivemåten, men med uttalen thă- har same funksjonen:

  • chi' ချစ် 'elske' ⇨ chi'-thu ချစ်သူ 'elskar'
  • hkòu ခိုး 'stele' ⇨ thă-hkòu သူခိုး 'tjuv'

Samansetning

Burmesisk brukar mange samansetningar, med både substantiv og verb. Substantivet dhădìnza သတင်းစာ 'avis' i dei burmesiske setningane lenger oppe er ei samansetning:

  • dhădìn သတင်း 'nyheiter' + sa စာ 'tekst' ⇨ dhădìn-za သတင်းစာ 'avis'

Substantivet sa စာ 'tekst', som blir uttalt za i nokre samanhengar (sjå eksempelet over), er òg etterledd i denne samansetninga, det forleddet er eit verb:

  • hpa' ဖတ် 'lese' + sa စာ 'tekst' ⇨ hpa'-sa ဖတ်စာ 'lesebok'

Reduplikasjon

Reduplikasjon har mange funksjonar i burmesisk orddanning, blant mykje anna kan adverb dannast av verb:

  • mjan မြန် 'vere rask' ⇨ mjan-mjan မြန်မြန် 'raskt'

Lånord

Burmesisk har veldig mange lånord frå pali, eit viktig språk i theravada-buddhismen, som er statsreligion i Myanmar. Lån frå dette språket er ikkje avgrensa til særskilde domene, men dei er spesielt vanlege i samband med religion, litteratur og tradisjonell administrasjon. Ord som er lånte direkte frå pali, held på stavemåten frå dette språket, mens ord som er lånte via mon, er tilpassa burmesisk fonologi. Eit eksempel på eit ord som har halde på pali-ortografien, er jăhtà 'tog', som blir stava ⟨rahtā:⟩ ရထား.

Etter at Storbritannia okkuperte Myanmar tidleg på 1800-talet, har burmesisk lånt mange ord frå engelsk. Eit par eksempel er ကား 'bil' < engelsk car og kohpi ကော်ဖီ 'kaffi' < engelsk coffee.

Det finst òg lånord frå fleire andre språk, som mon, thai, malayisk, sanskrit, hindi, portugisisk og ulike variantar av kinesisk, men ikkje i slike mengder som lånorda frå pali og engelsk. Eit lån frå portugisisk er pei ပေ 'fot (lengdemål)' < portugisisk 'fot (anatomisk og lengdemål)'.

Fonologi

Skrivemåten av burmesiske ord

I denne artikkelen blir burmesiske ord skrivne på tre måtar (ved sida av nokre eksempel med fonemisk transkripsjon i IPA):

  1. I burmesisk skrift: မြန်မာဘာသာ
  2. I translitterasjon (mellom vinkelparentesar): ⟨mranma bhasa⟩
  3. I transkripsjon (i kursiv): mjăma badha

Translitterasjonen er ei direkte overføring av alle teikn og symbol i den burmesiske skrifta til det latinske alfabetet. Transkripsjonen er ei fonemisk attgjeving av uttalen. Her brukar vi translitterasjonen og transkripsjonen til Den burmesiske språknemnda – mjămaza 'áhpwé ⟨mranmaca a.hpwai.⟩ မြန်မာစာအဖွဲ့.

Sidan den burmesiske skrifta er av indisk opphav, finst det bokstavar for alle fonema i pali, og translitterasjonen viser denne samanhengen tydeleg. I Myanmar er det vanleg å skrive pali med burmesisk skrift. Ordet badha 'språk' blir i burmesisk skrift skrive ဘာသာ, som i translitterasjon blir ⟨bhasa⟩. Dette er eit lånord frå pali, og når pali blir skrive med burmesisk skrift, er stavemåten den same, med uttalen bhasa. På burmesisk blir ⟨bh⟩ ဘ uttalt b, mens ⟨s⟩ သ blir uttalt th eller dh (sjå nærmare beskriving i avsnittet Konsonantar nedanfor).

Burmesiske konsonantar

Tabellen viser dei burmesiske konsonantfonema i transkripsjonen til Den burmesiske språknemnda (kursiv) og i fonemisk IPA-transkripsjon (mellom skråstrekar):

labial dental alveolar palatal velar glottal
p /p/ th /t̪/ t /t̺/ kj /tɕ/ k /k/ ' /ʔ/
hp /pʰ/ ht /t̺ʰ/ ch /tɕʰ/ hk /kʰ/ h /h/
b /b/ dh /d̪/ d /d̺/ gj /dʑ/ g /ɡ/
s /s/ sh /ɕ/
hs /sʰ/
z /z/
m /m/ n /n/ nj /ɲ/ ng /ŋ/
hm /m̥/ hn /n̥/ hnj /ɲ̊/ hng /ŋ̊/
w /w/ l /l/
hw /ʍ/ hl /ɬ/ j /j/
r /ɹ/

Lyden r blir i dei fleste dialektar berre brukt i lånord. Mange talarar brukar j i staden.

Dei to konsonantane th /t̪/ og dh /d̪/ er dentale plosivar, mens t /t̺/, ht /t̺ʰ/ og d /d̺/ er alveolare plosivar. Dentalane er laminale, mens alveolarane er apikale, og blir til dels uttalte som apikal-postalveolare.

Burmesisk har eit skilje mellom s /s/ og hs /sʰ/, det vil seie ein uaspirert og ein aspirert alveolar frikativ. Dette skiljet er svært uvanleg i språka i verda. Skiljet mellom stemde og ustemde nasalar er også relativt sjeldsynt.

Fremst i ei staving finst det ein del tokonsonantgrupper. Den andre konsonanten er j eller w, til dømes mwe မြွေ 'orm' og pjà ပျား 'bie'.

Burmesiske rim

Den burmesiske stavinga kan delast i ein opptakt (ein eller to konsonantar) pluss eit rim (ein vokal eller ein vokal pluss ein konsonant. Burmesisk har berre 23 rim:

I I I II II II III III III
i - u in - un i' - u'
ei ou ein oun ei' - ou'
e ă o - - - e' - -
- a - ain an aun ai' a' au'

Monoftongane e og o er halvopne, det vil seie [ɛ] og [ɔ] i IPA-transkripsjon. Ei og ou blir uttalte som [ei] og [ou] når dei er følgde av ' eller n og som [e] og [o] i slutten av ei staving.

Når n i slutten av ei staving er følgd av ein konsonant, har han same artikulasjonsstad som denne konsonanten. Når n står i slutten av eit ord, blir han ikkje uttalt, og i staden er vokalen føre nasalert. Her er eit par eksempel:

  • kunpjuta ကွန်ပျူတာ [kumpjuta] 'datamaskin'
  • hnăhkàun နှာခါင်း [n̥ǝkʰã̀ʊ̃̀] 'nase'

Tonem

Burmesiske stavingar kan delast i tre typar:

  1. Stavingar med vokalen ă
  2. Stavingar som endar på ' /ʔ/
  3. Andre stavingar

«Andre stavingar» er stavingar som endar på ein annan vokal enn ă eller som endar på n. Burmesisk er eit tonespråk, men tonem finst berre på den tredje stavingstypen, «andre stavingar». Det finst tre tonem:

  1. jamn, som i sa စာ 'tekst'
  2. fallande, som i စား 'ete'
  3. knirkande, som i စ 'begynne'

Det jamne tonemet har ein midtre eller låg tone, og vokalen har, middels lengd. Det fallande tonemet har ein lang vokal. Det knirkande tonemet, uttalt som dansk stød (med knirkande stemmebandsvibrasjon), er uttalt med ein kort vokal og ein høg, fallande tone.

Burmesisk skrift

Den burmesiske skrifta har 33 konsonantbokstavar, som her er presenterte med translitterasjonen (i vinkelparentesar) og transkripsjonen (i kursiv) til Den burmesiske språknemnda:

A B C D E
က ⟨k⟩ k ခ ⟨hk⟩ hk ဂ ⟨g⟩ g ဃ ⟨gh⟩ g င ⟨ng⟩ ng
စ ⟨c⟩ s ဆ ⟨hc⟩ hs ဇ ⟨j⟩ z ဈ ⟨jh⟩ z ည ⟨ny⟩ nj
ဋ ⟨ṭ⟩ t ဌ ⟨hṭ⟩ ht ဍ ⟨ḍ⟩ d ဎ ⟨ḍh⟩ d ဏ ⟨ṇ⟩ n
တ ⟨t⟩ t ထ ⟨ht⟩ ht ဒ ⟨d⟩ d ဓ ⟨dh⟩ d န ⟨n⟩ n
ပ ⟨p⟩ p ဖ ⟨hp⟩ hp ဗ ⟨b⟩ b ဘ ⟨bh⟩ b မ ⟨m⟩ m
ယ ⟨y⟩ j ရ ⟨r⟩ r / j လ ⟨l⟩ l ဝ ⟨w⟩ w သ ⟨s⟩ th / dh
ဟ ⟨h⟩ h ဠ ⟨ḷ⟩ l အ ⟨a⟩ '

Alle konsonantane blir uttalte med ein følgjande a, som ikkje er teken med i tabellen. Fire konsonantar har eigne kombinasjonsformer, som her er illustrerte i lag med ⟨m⟩ m:

  • ျ ⟨y⟩ j Under føregåande bokstav, til dømes မျ ⟨my⟩ mj
  • ြ ⟨r⟩ r / j Rundt føregåande bokstav, til dømes မြ ⟨mr⟩ mj
  • ွ ⟨w⟩ w Under føregåande bokstav, til dømes မွ ⟨mw⟩ mw
  • ှ ⟨h⟩ h Under følgjande bokstav, til dømes မှ ⟨hm⟩ hm

Nokre kombinasjonar med ျ ⟨y⟩j og ြ ⟨r⟩ r / j representer eigne konsonantfonem:

  • ကျ ⟨ky⟩ og ကြ ⟨kr⟩ representerer kj /tɕ/
  • ချ ⟨hky⟩ og ခြ ⟨hkr⟩ representerer ch /tɕʰ/
  • ဂျ ⟨gy⟩ representerer gj /dʑ/

Vokalane blir skrivne med teikn som står rundt (over, under, føre eller etter) konsonantbokstavane. I tabellen er dette illustrert i lag med ပ ⟨p⟩ p:

1 2 3 4 5 6
ပိ ⟨pi⟩ ပီ ⟨pī⟩ pi ပု ⟨pu⟩ ပူ ⟨pū⟩ pu
ပေ ⟨pe⟩ pei ပို ⟨po⟩ pou
ပဲ ⟨pai⟩ ပော ⟨pau⟩ po
ပ ⟨pa⟩ ပါ ⟨pā⟩ pa

Nokre av vokalteikna har same uttale, men representerer forskjellige tonem, jamfør til dømes ပိ ⟨pi⟩ og ပီ ⟨pī⟩ pi. Vokalen ⟨ā⟩ a blir skriven på to måtar, jamfør မာ ⟨mā⟩ ma og ပါ ⟨pā⟩ pa. Den høge varianten blir brukt når den låge ville skape misforståing. Dersom ⟨pā⟩ pa blei skrive ပာ, ville det sjå ut som ဟ ⟨ha⟩ .

Nokre tonemskilnader blir skrivne med eigne symbol – ့⟨.⟩ og း ⟨:⟩ – som vist med nokre få eksempel i denne tabellen:

jamn tone fallande tone knirkande tone
ဆင် ⟨hcang⟩ hsin 'elefant' ဆင်း ⟨hcang:⟩ hsìn 'gå ned' ဆင့် ⟨hcang.⟩ hsín 'steg'
ကာ ⟨kā⟩ ka 'skjold' ကား ⟨kā:⟩ 'utvide' က ⟨ka⟩ 'danse'

Tabellen viser òg noko av det relativt kompliserte forholdet mellom ortografi og uttale i burmesisk, ved at ⟨ang⟩ blir uttalt in.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg