thai

Artikkelstart

Thai er eit språk som høyrer til den sørvestlege greina av tai-språka i språkfamilien tai-kadai. Det er hovudspråk og offisielt språk i Thailand.

Faktaboks

Også kjent som

siamesisk

Språkkoder
th, tha (TH, THA)
ISO-639:3
tha

Thai blir tala av over 60 millionar menneske – eller av litt over 20 millionar, avhengig av korleis ein definerer thai. Thai og lao (i Laos) er innbyrdes forståelege. 97,5 % av innbyggjarane i Thailand snakkar thai, og i tillegg finst det mindre grupper i grannelanda Kambodsja, Myanmar og Malaysia.

Thai er det einaste offisielle språket i Thailand, og det har status som minoritetsspråk i Kambodsja, Myanmar og Malaysia.

På thai heiter språket phaasǎa thaj ภาษาไทย, der phaasǎa ภาษา tyder 'språk'. Thailand heiter offisielt râaca-aanaacàk thaj ราชอาณาจักรไทย 'Kongeriket Thailand', men til dagleg blir landet kalla mɯaŋ thaj มืองไทย, eller meir formelt prathêet thaj ประเทศไทย. Ein person som kjem frå Thailand, heiter caauthaj ชาวไทย eller khon thaj คนไทย. Hovudstaden i Thailand, som vi kallar Bangkok, har det offisielle namnet kruŋ thêep mahǎa nákhɔɔn กรุงเทพมหานคร, til dagleg berre kruŋ thêep กรุงเทพฯ.

Språkfamilie

Thai høyrer til språkfamilien tai-kadai. Det finst 95 språk i denne familien, og dei blir talte av til saman kring 93 millionar menneske i Søraust-Asia og Sør-Kina.

Det er vanleg å dele familien i tre til fem undergrupper, og ei av dei er tai-språka, der thai høyrer heime. Thai er utan samanlikning det største språket i familien. Thai er nært i slekt med laotisk, og dei to språka er innbyrdes forståelege.

Dialektar

Thai har fire hovuddialektar: sør-, nord-, nordaust- og sentralthai. Talespråket til dei høgare sosiale laga i Bangkok, ein variant av sentralthai, er den mest prestisjefylte dialekten og fungerer i praksis som standardspråk.

I fleire oppslagsverk står det at thai blir snakka av litt over 20 millionar menneske. Dette er talet på dei som snakkar sentralthai, og då blir sør-, nord- og nordaustthai rekna som eigne språk:

  • sørthai, med rundt 5 millionar talarar, også kalla pak tai og dambro.
  • nordthai, med over 6 millionar talarar, også kalla lanna og kam mueang.
  • nordaustthai, med over 20 millionar talarar, også kalla isan, etter Isan, den nordaustlege regionen i Thailand. Nordaustthai ligg nær lao (laotisk, i Laos).

Språkhistorie

Folk som snakka tai-språk, byrja å spreie seg sørover frå Sør-Kina i det første tusenåret etter vår tidsrekning, og dei kom til det området som no utgjer Thailand, på 1000-talet. Dei folka som budde der tidlegare, snakka mon og khmer (kambodsjansk), og thai fekk tidleg mange lånord frå desse språka.

Ifølgje tradisjonen konstruerte kong Ram Khamhaeng, thai raam khaamhɛ̌ɛŋ รามคำแหง, thai-skrifta tidleg i regjeringstida si, frå 1275 til 1298, og den eldste kjende innskrifta er frå 1283 eller 1292. Men thai-skrifta ser ut til å byggje på den kambodsjanske skrifta, som har røter i ei sørindisk skrift som spreidde seg på 300-400-talet til Søraust-Asia med buddhismen, som blei statsreligion i Thailand under kong Ram Khamhaeng. Med den indiske påverknaden kom det mange lånord frå sanskrit og pali – til dømes phaasǎa ภาษา 'språk', frå sanskrit bhaaʂaa भाषा 'språk'.

Språksystem

Orda blir ikkje bøygde i thai, og substantivet skil ikkje mellom eintal og fleirtal eller ubunden og bunden form. Substantivet mǎa kan setjast om med ‘(ein) hund’, ‘hunden’, ‘hundar’ og ‘hundane’.

Thai er eit SVO-språk, og dette kan illustrerast med denne setninga:

  • ฉันไห้หนังสือแก่เขาสามเล่ม
  • chǎn hâj nǎŋsɯ̌ɯ kɛ̀ɛ khǎw sǎam lêem 'Eg gav han tre bøker'
  • 'eg' 'gi' 'bok' 'til' 3P 'tre' KL

I thai spelar alder, sosial status, kjønn, relasjonen mellom talarane og kor formell situasjonen er, ei viktig rolle – ikkje minst ved val av personlege pronomen. chǎn ฉัน, som berre er eitt av svært mange moglege pronomen i 1. person eintal, uttrykkjer at talaren er av hokjønn, og at situasjonen er uformell. Thai har ikkje kasus, og chǎn ฉัน svarer til både eg og meg på norsk.

Pronomenet khǎw เขา har vi her sett om med 'han', men det er eigentleg eit generelt 3. persons-pronomen som kan setjast om med både 'ho', 'han' og 'dei'.

Verba i thai er ubøyelege, og hâj ไห้ kan setjast om med både 'gi', 'gir' og 'gav' i ulike samanhengar.

Substantiva er òg ubøyelege, og om nǎŋsɯ̌ɯ หฺนังสือ skal setjast om med 'bok', 'boka', 'bøker' eller 'bøkene', går fram av samanhengen.

Når eit talord blir sett til eit substantiv, for å seie til dømes «tre bøker», må det òg vere med ein såkalla klassifikator, forkorta KL ovanfor. Det finst svært mange klassifikatorar, og ein må lære for kvart substantiv kva for klassifikator dei tek. Faktisk er lêem เล่ม klassifikator for bøker, knivar og stearinlys. Ein annan klassifikator er tua ตัว, som ein bruker ved substantiv som viser til dyr, stolar, bord, klesplagg og gitarar – som i tóʔ sìi tua โต๊ะสี่ตัว 'fire bord', der tóʔ โต๊ะ tyder 'bord', og sìi สี่ tyder 'fire'. Som vi ser av setninga ovanfor, treng ikkje talet pluss klassifikatoren står rett etter substantivet.

Fonologi

Stavinga i thai kan framstillast slik: K(K)V(K)+tone. Det tyder at ei staving har ein vokal (V) og ein tone. Føre vokalen står det éin eller to konsonantar (K). Etter vokalen står det ingen eller éin konsonant. Dei fleste orda i thai har berre éi staving. Nedanfor er ein presentasjon av konsonantane, vokalane og tonane i thai i lydskrift.

Dette er konsonantane som kan stå fremst i ei staving (c står for [ʧ]):

Desse konsonantgruppene kan stå fremst i ei staving:

  • pr pl phr phl
  • tr
  • kr kl, kw, khr, khl, khw

I slutten av ei staving finn vi desse konsonantane:

  • p t k
  • m n ng
  • j w

Vokalane kan delast i ni korte monoftongar, ni lange monoftongar og fem diftongar. At ein vokal er lang, kjem fram gjennom å skrive bokstaven dobbelt:

  • Tronge monoftongar: i ɯ u — ii ɯɯ uu
  • Trong-midtre monoftongar: e ɤ o — ee ɤɤ oo
  • Open-midtre monoftongar: ɛ ɔ — ɛɛ ɔɔ
  • Opne monoftongar: a — aa
  • Diftongar: ia ua — iia ɯɯa uua

Tonar

Språket har fem tonar, som ein noterer over vokalbokstavane:

  • høg tone: á
  • midtre tone: a
  • låg tone: à
  • fallande tone: â
  • stigande tone: ǎ

I tradisjonell thai-grammatikk blir stavingar klassifiserte som «levande» eller «døde». Ei «levande» staving endar på ein lang vokal eller ein diftong, ein halvvokal (w, j) eller ein av nasalane m, n, ŋ. Ei «død» staving endar på ein kort vokal (som ofte er følgd av ein glottal lukkelyd, [ʔ]) eller ein av plosivane p, t eller k.

For å finne ut kva tone ei staving har, må ein ta omsyn til desse faktorane:

  • Har stavinga eit tonemerke?
  • Er stavinga «død» eller «levande»?
  • Er konsonanten fremst i stavinga «midtre», «høg» eller «låg»?
  • Er vokalen kort eller lang?

Reglane kan illustrerast med ordet sàjǎam สยาม 'Siam':

  • Den første stavinga, sà ส har ikkje noko tonemerke. Det er ei «død» staving, og konsonanten fremst i stavinga er «høg». Då har stavinga låg tone.
  • Den andre stavinga, jǎam ยาม, har heller ikkje noko tonemerke. Det er ei «levande» staving, og konsonanten fremst i stavinga er «låg». Då har stavinga ein stigande tone.

Skrift

Thaiskrifta er ei tilpassing av den sørindiske brahmiskrifta, og blei første gong brukt i 1283. Alfabetet har 44 konsonantteikn, ei lang rekkje vokalteikn og fire toneteikn, som saman med stavingstypen, konsonantklassen og vokallengda viser kva tone ei staving har.

Thai-skrifta blir skriven frå venstre mot høgre, akkurat som det latinske alfabetet. Det er ikkje noko mellomrom mellom orda i ei setning, som illustrert med setninga ฉันไห้หนังสือแก่เขาสามเล่ม 'Eg gav han tre bøker'. Eit mellomrom fungerer som komma eller punktum i latinsk skrift. Det er ei abugida-skrift, der kvar konsonant blir uttalt med ein vokal etter når det ikkje står noko eige vokalteikn.

Denne «inherente» vokalen er a i opne stavingar (stavingar som endar på vokal) og o i lukka stavingar (stavingar som endar på konsonant). Dette kan illustrerast med ordet ถนน 'veg', 'gate', som inneheld konsonantane th‑n‑n. Ordet blir uttalt thà‑nǒn, med ein a etter den første konsonanten og o etter den andre – medan den siste konsonanten, i slutten av ordet, ikkje får nokon vokal etter seg.

Bokstavane blir delte i tre grupper i tradisjonell thaigrammatikk, midtre, høge og låge. I den eldste kjende uttalen var alle midtre konsonantar ustemde, uaspirerte plosivar, alle høge konsonantar var ustemde, aspirerte plosivar eller ustemde frikativar, medan alle låge konsonantar var stemde. Slik er det ikkje lenger i moderne thai, men denne tredelinga er framleis relevant for å kunne avgjere kva tone ei staving har.

Vokalane blir skrivne med teikn som blir lagde til før, over, under og/eller etter konsonantteikna. Ein ekstra komplikasjon er det at dei teikna som står for vokalar, i tillegg ofte representerer ein konsonant på slutten av stavinga.

Lånord

Thai har ei lang rekkje lånord, i første rekkje frå pali og sanskrit (religiøst, litterært og teknisk vokabular), men også frå khmer, kinesisk, malayisk og engelsk.

Thai brukar dessutan eit differensiert vokabular avhengig av den relative sosiale statusen og alderen til talaren og tilhøyraren. Dette ser ein mellom anna ved systemet av klassifikatorar: khon blir nytta om vanlege menneske,ong om munkar og heilage gjenstandar og phrá-ong om kongelege personar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg