kildinsamisk

Utbreiinga til dei ulike samiske språka. Grensene og inndelinga er omtrentlege.
Samiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Kildinsamisk er eit samisk språk som blir snakka på Kolahalvøya i Russland, dei fleste i tettstaden Lujavv'r, Lovozero. Kildinsamisk er det største samiske språket som blir talt i Russland i dag. På UNESCOs raude liste over trua språk blir alle språka i den kolasamiske språkgruppa klassifisert som svært alvorleg trua eller nesten forsvunne.

Faktaboks

Språkkoder
sjd (SJD)
ISO-639:3
sjd

Av dei cirka 700 personar som har kunnskapar i kildinsamisk er truleg fleire enn 200 personar potensielle språkberarar og om lag 100 av desse er aktive språkutøvarar.

Kildinsamisk har ingen formell status, men det blir undervist i kildinsamisk på to skular i Lovozero kommune, i tettstadene Lovozero og Revda. Slik undervisning byrja i 1920-åra. Lokalavisa Lovozerskaja Pravda Ловозерская Правда og ein del andre lokale tidsskrift publiserer av og til tekstar på kildinsamisk. Dei fleste programma i Kola Sámi Radio er på russisk, men nokre er på kildinsamisk.

Kildinsamane kallar språket sitt kiillt saam' kiill кӣллт са̄мь кӣлл ‘kildinsamisk språk’, eller berre saam' kiill са̄мь кӣлл ‘samisk språk’. ‘Same’ heiter saamm'l'enč са̄ммьленч. Den største kildinsamiske tettstaden, som heiter Lovozero Ловозеро på russisk, har det kildinsamiske namnet Lujavv'r Луяввьр. Kíllt Киллт (russisk Kil'din Кильдин) er namnet på ei øy ved nordkysten av Kola, som er heimstaden for ein av fire levande kildinsamiske dialektar.

Språkfamilie

Det er ni levande samiske språk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske språk i den uralske språkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk.

Kildinsamisk er eit samisk språk. Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i to hovudgrupper: Vestsamisk og austsamisk. Kildinsamisk er eit austsamisk språk, og høyrer til undergruppa kolasamiske språk saman med akkalasamisk og tersamisk.

Dei fleste samiske språka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, svensk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege.

Fire kildinsamiske dialektar er framleis i bruk, nemleg dialektane i Lujavv'r Луяввьр (russisk Lovozero Ловозеро), Kiillt Кӣллт (russisk Kil'din Кильдин), Kårrdegk Коаррдэгк (russisk Voron'e Воронье) og Aarsjogk А̄рсёгк (russisk Varzina Варзина).

Språkhistorie

Den første samiskspråklege boka for samane i Russland blei utgitt i Helsingfors i 1878 og hadde tittelen Max'tveest Пas'-Evangeli Samas. Evangelìe ot" Matḟeja (na russko-loparskom" jazykě) Махьтвеест Пась-Евангели Самас. Евангеліе отъ Матѳея (на русско-лопарскомъ языкѣ) og inneheldt Matteusevangeliet – dei tjueto første kapitla på kildinsamisk og dei seks siste på akkalasamisk. Teksten var omsett av den finske språkforskaren og diktaren Arvid Genetz (1848–1915).

Etter revolusjonen i 1917 byrja eit systematisk vitskapleg studium av dei samiske språka i Sovjetunionen, og i 1926 tok Instituttet for dei nordlege folka til å arbeide med rettskrivingsspørsmål. I 1933 blei det gitt ut ei ABC-bok i latinsk skrift med tekstar på eit felles kolasamisk skriftspråk som bygde på kildinsamisk, skoltesamisk og tersamisk. Dette skriftspråket viste seg å fungere dårleg i undervisninga, og alt i 1934 blei det laga nye bøker på kildinsamisk. I 1937 gjekk ein over frå det latinske til det kyrilliske alfabetet.

I 1970-åra blei arbeidet med å lage eit kildinsamisk skriftspråk teke opp att, no med det kyrilliske alfabetet, og i 1982 gav den samiske læraren Aleksandra Andreevna Antonova Александра Андреевна Антонова (f. 1932) ut ei ABC-bok på kildinsamisk, Saam' bukvar' Са̄мь букварь. Rettskrivinga blei vidareutvikla utover i 1980-åra, mellom anna i eit samarbeid mellom Antonova og språkforskaren Rimma Dimitrievna Kuruč Римма Димитриевна Куруч (f. 1938). I 1995 gav Kuruč ut ei bok om den nyaste versjonen av rettskrivinga.

UNESCO klassifiserer kildinsamisk som eit alvorleg trua språk, sidan dei yngste som snakkar språket, er middelaldrande. Sidan 1989 har kolasamane vore organiserte, og i 2007 byrja samane i Lovozero å arbeide med språkrevitalisering og heldt kurs i kildinsamisk i samarbeid med Universitetet i Tromsø og Sámi allaskuvla (Samisk høgskole) i Guovdageaidnu/Kautokeino. I 2010 blei det skipa eit folkevalt kolasamisk parlament, Kuellnegk ňårk Saam' Sobbar Куэллнэгк нёарк Са̄мь Соббар.

Språksystem

Ei samanlikning mellom nokre substantiv på ursamisk, kildinsamisk, nordsamisk og sørsamisk viser eit særdrag ved kildinsamisk og dei andre samiske språka på Kolahalvøya:

ursamisk kildinsamisk nordsamisk sørsamisk
‘frosk’ *cuompōj cuemp цуэмп cuoppu tsååbpe
‘strand’ *kāntē kaann't ка̄ннҍт gáddi gaedtie
‘fugl’ *lʊntē lånn't лоаннҍт loddi ledtie
‘fiskekrok’ *vuoŋkǝ vuuŋŋk вӯӈӈк vuogga håagke
‘vind’ *pieŋkǝ piiŋŋk пӣӈӈк biegga bïegke

Medan ursamiske konsonantgrupper som *mp, *nt og *ŋk, ein nasal pluss ein plosiv, har overlevd i dei samiske språka på Kolahalvøya, er dei blitt til doble plosivar i alle andre samiske språk.

Lånord

Ordet tundra – som er ei nemning for eit flatt myr- og grusområde nord for den polare skoggrensa, der telen aldri går heilt ut or jorda – har vi lånt frå russisk, der det også heiter tundra тундра, men russisk har lånt ordet frå kildinsamisk, eit av dei samiske språka som blir snakka på Kolahalvøya.

Kildinsamisk har tuundar тӯндар ‘trelaus vidde’, som i genitiv heiter tuundra тӯндра, og det er genitivsforma som er lånt inn i russisk, og derfrå har det vandra vidare til språk over heile verda – jamfør spansk (kastiljansk) tundra, gresk toúndra, tyrkisk tundra, arabisk tandrā, persisk tūndrā, hebraisk tundra, hindi ṭuṇḍrā, koreansk tundeura og japansk tsundora.

Kildinsamisk tuundar kjem av ursamisk *tuontǝr, som er blitt til duottar på nordsamisk og doedtere på sørsamisk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nina E. Afanas’eva, Rimma D. Kuruč, Aleksandra A. Antonova, L.D. Jakovlev og B.G. Gluxov: Saamsko-russkij slovar’. 8000 slov. Саамско-русский словарь. 8000 слов. Redigert av Rimma D. Kuruč. Russkij jazyk, Moskva 1985
  • Aleksandra A. Antonova: Saam' bukvar’ Са̄мь букварь. Leningrad 1982
  • Sānndrė Antonova: Piiras: stiixa kɨrr'j parrne guejke Пӣрас: стӣха кыррьй паррнэ гуэйкэ = Sandra Antonova: Bearaš: mánáid diktagirji. Kárášjohka 2004
  • Rimma D. Kuruč, Nina E. Afanasʼeva og Iraida V. Vinogradova: Pravila orfografii i punktuacii saamskogo jazyka Правила орфографии и пунктуации саамского языка. Murmanskij sektor lingvističeskich problem finno-ugorskich narodnostej Krajnego Severa Instituta Jazykoznanija Rossijsskoj Akademii nauk, Murmansk 1995
  • Pekka Sammallahti: The Saami Languages. Davvi Girji, Kárášjohka 1998 (sidene 147–150 handlar om kildinsamisk)
  • Elisabeth Scheller. «Samernas språksituation i Ryssland», Multiethnica. Meddelande från Centrum för multietnisk forskning. Uppsala universitet 2010 (32) (sidene 3–8)
  • Elisabeth Scheller: «Samisk språkrevitalisering i Ryssland – möjligheter och utmaningar», NOA. Norsk som andrespråk 2011, volum 27 (1) (sidene 86–119)
  • Kildinsamisk nettside, laga av kildinsamen Pjotr Lukin, som arbeider i ein samisk dagheim i Tromsø, og som er oppteken av revitalisering av kildinsamisk: http://saamkill.ucoz.com/
  • Kildinsamisk–engelsk ordliste: http://wold.livingsources.org/vocabulary/14

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg