koreansk

Artikkelstart

Koreansk er nasjonalspråket i Nord- og Sør-Korea. Det blir rekna som eit språkisolat, men kan vere i slekt med japansk. Koreansk er førstespråket til kring 78 millionar menneske: 23 millionar i Nord-Korea, 49 millionar i Sør-Korea, 2 millionar i Kina (ved grensa til Nord-Korea) og resten i andre land rundt om i verda.

Faktaboks

Også kjent som
koreansk hangungmal, hangugeo
Uttale
koreˈansk
Språkkoder
ko, kor (KO, KOR)
ISO-639:3
kor

Koreansk er det offisielle språket i Nord-Korea og Sør-Korea, og det er offisielt språk i tillegg til mandarin i Yeonbyeon Joseonjok Jachiju 연변 조선족 자치주 / 延边朝鮮族自治州 'Yeonbyeon koreanske sjølvstyrte område' i Folkerepublikken Kina.

Språkfamilie

Koreansk er ikkje nærskyldt med andre språk, og språkforskarane er usamde om klassifiseringa. Språket kan ha ein fjern skyldskap med japansk.

Språkhistorie

I 1446 blei det offentleggjort ei alfabetisk skrift i Korea, i dokumentet Hunminjeong-eum 훈민정음 / 訓民正音 'dei rette lydane for opplæring av folket'. Skrifta, kalla han-geul 한글 i Sør-Korea og joseon-geul 조손글 i Nord-Korea, blei skapt av kong Sejong den store (1397–1450) – Sejong Daewang 세종대왕 / 世宗大王. Kong Sejong meinte at ein ikkje kunne lære folket å lese og skrive med kinesiske teikn, som til då hadde vore einerådande i landet.

Mange lærde motarbeidde den nye skrifta, og då kong Sejong døydde, blei ho lenge berre brukt av kvinner og ulærde. I 1894 blei det vedteke at offisielle dokument skulle skrivast i han-geul 한글 / joseon-geul 조손글. Sørkoreanske tekstar er framleis skrivne i ei blanding av kinesiske teikn og han-geul 한글. Nord-Korea vedtok å avskaffe kinesiske teikn i 1949.

Skilnad mellom nordkoreansk og sørkoreansk

Enkelte ord er ulike i dei to delane av Korea:

Tyding Nordkoreansk Sørkoreansk
Korea Joseon 조선 / 朝鮮 Han-guk 한국 / 韓國
Nord-Korea Bukjoseon 북조선 / 北朝鮮 Bukhan 북한 / 北韓
Sør-Korea Namjoseon 남조선 / 南朝鮮 Namhan 남한 / 南韓
koreansk språk joseonmal 조선말 eller joseoneo 조선어 / 朝鮮語 han-gungmal 한국말 eller han-gugeo 한국어 / 韓國語
koreanar joseon saram 조선 사람 han-guk saram 한국 사람

Språksystem

For 2000 år sidan tok koreansk til å låne ord frå kinesisk, og dei utgjer i dag 60 prosent av ordtilfanget. Resten er 35 prosent gamle koreanske ord og 5 prosent lånord frå andre språk, særleg engelsk. Frå norsk kjem seuki 스키 'ski'. På 600-talet blei det vedteke at alle stadnamn skulle få ei slik form at dei kunne skrivast med to kinesiske teikn, og den forma har dei framleis. Den nordkoreanske hovudstaden Pyeongyang 평양 blir skriven 平壤 med kinesiske teikn. Den sørkoreanske hovudstadene Seoul 서울 er eitt av dei få stadnamna i Korea som ikkje har ein skrivemåte med kinesiske teikn.

Det høviske spelar ei uvanleg stor rolle i koreansk grammatikk og ordtilfang. Språket har to ord for 'eg': Eit vakse menneske brukar jeo 저 til eldre eller jamgamle og na 나 til yngre vaksne eller born. Det finst ikkje mindre enn seks ord for 'du', 'De'. 'Det regner' kan seiast på seks måtar, etter om ein vil uttrykkje seg nøytralt, fortruleg, familiært, endeframt, høfleg eller respektfullt.

Uttale

Koreansk har desse ti vokalane, i han-geul 한글 / joseon-geul 조손글, revidert romanisering (sjå nedanfor) og fonetisk transkripsjon:

i [i] wi [y] eu [ɯ] u [u]
e [e] oe [ø] eo [ʌ] o [o]
ae [ɛ] a [a]

Språket skil mellom korte og lange vokalar, men i skriftspråket kjem ikkje denne skilnaden fram.

Her er konsonantane i koreansk:

b [p~b] d [t~d] j [tʃ~dʒ] g [k~g]
pp [p*] tt [t*] jj [tʃ*] kk [k*]
p [pʰ] t [tʰ] ch [tʃʰ] k [kʰ]
s [s~ʃ] h [h]
ss [s*~ʃ*]
m [m] n [n] ng [ŋ]
w [w] r, l [ɾ~l] y [j]

I slutten av ei staving finst det berre éin type plosivar, ikkje tre typar, som elles, og dei blir skrivne p, t, k i revidert romanisering. Konsonantane med stjerne (*) etter har ein spesielt kraftig artikulasjon. Det finst ikkje særskilde bokstavar for w [w] og y [j]. W blir skriven med ᅮ u [u] og ᅩ o [o], følgd av ein annan vokal. y [j] blir skriven med ein ekstra strek på vokalbokstavane, jamfør ㅏa ogㅑya, ㅗ o og ㅛ yo.

I han-geul 한글 / joseon-geul 조손글 følgjer ikkje bokstavane etter kvarandre som i det latinske alfabetet, men blir ordna i stavingar, til dømes slik: 가 ga, 감 gam, 강 gang, 곰 gom, 공 gong, 괌 gwam, 걈 gyam.

På koreansk er [r] og [l] variantar av det same fonemet, og dei blir skrivne med same bokstaven, ㄹ: gul 굴 'tunnel', radio 라디오 'radio' og meori 머리 'hovud'. Her ligg årsaka til at koreanarar har vanskar med å skilje mellom l og r når dei lærer norsk.

Skrift

Koreanarane fekk sannsynlegvis kjennskap til kinesisk skrift før tidsrekninga vår. Den eldste overleverte teksten på kinesisk skriven av koreanarar stammar frå 414. Koreanarane utvikla fleire ulike system til å skrive koreansk med kinesiske teikn (漢字 한자 hanja). Sjølv etter innføringa av det koreanske alfabetet på 1400-talet heldt klassisk kinesisk fram med å vere det føretrekte skriftspråket blant den intellektuelle eliten, og det dominerte den koreanske skriftkulturen heilt fram til byrjinga av 1900-talet.

Det koreanske alfabetet, hangeul (한글 'koreansk skrift'), vart oppfunne midt i 1440-åra. Det er kulturhistorisk oppsiktsvekkjande av fleire grunnar. Skrift utviklar seg vanlegvis over lang tid. Dei aller fleste eksisterande skriftsystem har oppstått frå andre skriftsystem. Hangŭl er derimot eit resultat av medviten planlegging. Den koreanske kongen Sejong (세종), ein av Koreas nasjonalheltar, peika ut i 1440-åra ein komité til å utvikle eit skriftsystem eigna til å skrive koreansk med. Koreansk er ulikt frå kinesisk og lèt seg ikkje så lett skrive med hanja eller ei avleidd skrift: Den omfattande bøyings- og avleiingsmorfologien gjer at logografisk skrift er upraktisk. Vidare er talet på ulike stavingar stort, og fonografisk stavingsskrift krev difor bruk av mange skriftteikn.

Hangeu vart offentleggjort i 1446 under namnet hunmin cheong-eum (訓民正音 훈민정음 'dei korrekte lydane til instruksjon av folket'), noko som speglar det folkeopplysande siktemålet til skrifta. Hangeul er ei seinare nemning.

Koreansk blir skrive tradisjonelt i kolonnar, ovanfrå og ned, frå høgre mot venstre, men i dag blir mange tekstar skrivne vassrett, frå venstre mot høgre.

Det vanlegaste transkripsjonssystemet er McCune-Reischauer (1939), som i bruken sin av latinske bokstavar er baserte på engelsk uttale; det meir tekniske Yale-systemet blir føretrekt av lingvistar.

I denne artikkelen skriv vi koreansk med han-geul 한글 / joseon-geul 조손글, kinesiske teikn (hanja 한자 / 漢字) og det latinske alfabetet, det siste i samsvar med gugeouiromajapyogibeop 국어의 로마자 표기법 / 國語의 로마字 表記法 'revidert romanisering av nasjonalspråket', som sidan 2000 har vore det offisielle systemet i Sør-Korea. Gugeouiromajapyogibeop blir uttalt [kugʌɨj romadʒa pʰjogibʌp].

Utforming

Hangeul består av nokre få grafiske element som blir sette saman etter enkle prinsipp. Hangeul byggjer på ein nøyaktig og sofistikert fonologisk analyse av det samtidige koreanske språket. Det blir spegla i ei viss grad i utforminga til bokstavane; prinsippa for dette er beskrive i Hunmin Cheong-eum Haerye (訓民正音解例 훈민정음 해례 'Forklaring og eksemplifisering av hunmin cheongeum') frå 1446.

Vokalbokstavane blir utgjorde av (kombinasjonar av) ein loddrett og ein vassrett strek og ein prikk. Det blir hevda at desse symboliserer dei tre viktigaste elementa til naturen, høvesvis menneske, jord og himmel. Plasseringa til prikken i forhold til strekane viser vokalkvalitet og tilhøyrsle i vokalharmonisystemet.

Konsonantbokstavane er stiliserte illustrasjonar av taleorgana og stillingane deira. Det blir skilt grunnleggjande mellom velare, alveolare, dentale, labiale og glottale lydar. Bokstavane blir skrivne ikkje-lineært, den eine etter den andre, men blir sette saman i blokker som kvar utgjer ei staving. Hangŭl kombinerer slik fordelane ved ein enkeltlyds- og ei stavingsskrift. Med hangŭl fekk koreanarane ein særs effektiv reiskap til å skrive sitt eige språk. Hangŭl og stoltheita over det speler ei stor rolle i det koreanske sjølvmedvitet.

Bruk av kinesisk skrift

I koreansk skrift i dag blir hanja berre brukt til å skrive sino-koreanske ord og stads- og personnamn. Etter den andre verdskrigen har hanja spelt ei stadig mindre rolle i Korea. I Sør-Korea er bruken av hanja i dag avgrensa til aviser og fagprosa; i skjønnlitteratur, skulebøker og liknande blir for det meste brukt hangŭl. I skulen lærer sørkoreanarane i dag cirka 1800 hanjateikn. I Nord-Korea vart bruken av hanja i offisielle skriv avskaffa i 1949.

Lånord

Kampsporten taekwondo kjem frå Korea, der han heiter taegweondo 태권도 / 跆拳道 'spark-knyttneve-vegen'. Tae 'spark' står for fotteknikk, gweon 'knyttneve' står for hand- og armteknikk, og do 'veg' tyder 'metode'. Sporten skal vere oppfunnen av general Choe Honghui 최홍희, 崔泓熙 (1918–2002), som i 1955 gav sporten namn, men kampsportar har ein minst 1500 år gamal tradisjon i Korea.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg