Turisme i Egypt
Turisme er ein viktig del av Egypts økonomi, men etter å ha nådd ein topp på 15 millionar turistar i 2010, fall dette talet kraftig etter revolusjonen året etter. År for år har talet på besøkjande byrja ta seg opp att, men det er ein lang veg igjen til toppåret: I 2018 besøkte åtte millionar utanlandske turistar Egypt.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
SICO Egypt
SICO er den første produsenten av smarttelefonar i Egypt, og i oppstartsåret 2018 produserte selskapet ein halv million telefonar retta mot innanriksmarknaden, resten av Midtausten og Afrika. Selskapet er eigd både av private egyptiske investorar og den egyptiske staten, i eit forsøk på å byggje opp ein høgteknologiindustri i landet som elles har lite av dette.
Av /Reuters/NTB Scanpix.

Egypt har den tredje største økonomien i Afrika og den største i Nord-Afrika. Med relativt avgrensa naturressursar, høgt folketal og stor arbeidsløyse har Egypt likevel lågare gjennomsnittleg inntekt enn andre land i regionen.

Trass i ein samansett økonomisk sektor har Egypt difor også eit stort fattigdomsproblem. Tidleg på 2000-talet voks prosentdelen egyptarar som lever under fattigdomsgrensa, sjølv om det var registrert monaleg økonomisk vekst. Det er anslått at mellom ein tredel og ein firedel av innbyggjarane lever under den offisielle fattigdomsgrensa (2017).

Folketilveksten kombinert med avgrensa dyrkbare område har bidrege til ei høg urbaniseringsgrad, altså at mange flyttar frå landsbygda til byane. Mangel på jordbruksareal og arbeidsplassar har ført til stor arbeidsmigrasjon – mange egyptarar søkjer arbeid i utlandet, framfor alt i Golf-området og Libya. Begge stader varierer sysselsetjingsmoglegheitene med den politiske og økonomiske utviklinga. Også Egypts inntekter frå den økonomisk viktige turistindustrien blir påverka av politiske forhold. Besøkstalet, og dimed sysselsetjinga og inntektene, svingar mykje med tryggleikssituasjonen både i regionen og i Egypt.

Den egyptiske økonomien er særleg dominert av jordbruksproduksjon og petroleumsutvinning. Dyrkbart landareal er avgrensa og i all hovudsak konsentrert langs Nildeltaet. Stor folketilvekst har auka presset på tilgjengeleg jord så vel som etterspurnaden etter mat – som i stor grad må importerast. Samstundes er landet ein leiande eksportør av bomull. Egypt har omfattande mineralførekomstar, framfor alt av olje og gass, som i stor grad har påverka næringsutviklinga i landet. Det er ein omfattande kraftproduksjon for å møte eit veksande forbruk og støtte opp under økonomisk vekst. Bygginga av Aswandammen på 1960-talet la grunnlaget for produksjon av vasskraft, og regulerte samstundes vasstilførselen til jordbruket langs Nilen. Vatnet frå Nilen har vore avgjerande for Egypt heilt sidan oldtida, og har – med Aswandammen – vore ein vesentleg faktor i moderniseringa av egyptisk samfunnsliv og økonomi. Difor er det uro i Egypt over konsekvensane av at Etiopia regulerer den eine av kjeldene til Nilen, ved å demme opp Den blå nilen gjennom Grand Ethiopian Renaissance Dam.

Egypts økonomisk politikk har endra retning fleire gonger sidan revolusjonen i 1952. Etter først å ha følgt ein sosialistisk orientert planøkonomi, med ei dominerande statleg rolle i næringslivet, blei politikken gradvis lagd om frå 1970-talet. Marknadsorienteringa auka på 1980-talet, for å bli sett endå meir ut i livet i 1990-åra, med vidare liberalisering etter tusenårsskiftet – først med noko større moglegheiter for private aktørar, deretter med deregulering og ei omfattande privatisering av statleg eigedom.

Historisk utvikling

Egypt, vatning

Helt sidan oldtida har jordbruket i Egypt vore avhengig av eit sinnrikt vatningssystem som fører vatn frå Nilen ut over markene. Her blir vatnet heva frå ein kanal til ein annan ved hjelp av prinsippet for Arkhimedes’ skrue. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Moderniseringa av den egyptiske økonomien under det britiske styret på 1800-talet blei innretta mot behova til britisk industri. Særleg blei utviklinga av jordbruket dreidd mot å dyrke bomull for eksport til Storbritannia. Nasjonal industrireising i Egypt blei ikkje prioritert før i 1930-åra. Den økonomiske politikken førte til ei gradvis forverring av levekåra, som igjen skapte misnøye også med den egyptiske leiinga, med kong Farouk.

Etter revolusjonen i 1952, og under president Gamal Abdel Nasser, blei økonomisk utvikling gitt høgaste prioritet, med stor vekt på industrietablering, mellom anna gjennom bygging av kraftverk. Sosialistisk teori blei lagd til grunn for den økonomiske utviklinga, men i praksis blei ein sosialistisk politikk med planøkonomi ikkje sett ut i livet før i 1960-åra. Men allereie i 1956 nasjonaliserte Egypt Suezkanalen så vel som fransk og britisk eigedom, etter at Frankrike, Storbritannia og Israel gjekk til åtak på Egypt etter nasjonaliseringa, i den såkalla Suezkrisa. Frå 1961 blei ei rekkje føretak nasjonaliserte.

Med Anwar al-Sadat som president på 1970-talet blei den statlege dominansen i økonomien, som blei innført under Nasser på 1950- og særleg 60-talet, redusert. Det blei gradvis gitt større rom for privat deltaking i fleire sektorar. Det blei samstundes opna for utanlandske investeringar. Denne dreiinga var forankra i ein såkalla «open-dør-politikk» (på arabisk infitah) i økonomisk sektor, som Sadat innførte i si presidenttid, og som etterfølgjaren hans, Hosni Mubarak, førte vidare då han tok over i 1981.

Den økonomiske politikken under Sadat, med deregulering og gradvis innføring av marknadspolitikk, førte til auka sosiale skilje. Desse heldt fram med å vekse under Mubarak, forsterka av den høge folketalsveksten, høg arbeidsløyse og press på tilgjengelege jordbruksareal. Dei sosiale spenningane førte ved fleire høve til opptøyar, mellom anna då subsidiar på matvarer blei fjerna i 1977.

Egypt blei skadelidande av den arabiske boikotten etter at landet underteikna fredsavtalen med Israel i 1979, men blei til gjengjeld den nest største mottakaren av utviklingshjelp frå USA. Denne bistanden blei likevel gradvis redusert gjennom 1990-åra og deretter. Dei økonomiske reformene tidleg på 2000-talet, med mellom anna auka tilrettelegging for utanlandske investeringar, har bidrege til å møte dei økonomiske og sosiale utfordringane Egypt står overfor. Med billig arbeidskraft og energi i eit geografisk og økonomisk kryssingspunkt mellom Europa, Afrika og Midtausten har Egypt ein på mange måtar fordelaktig posisjon, som landet søkjer å utnytte for å tiltrekkje seg utanlandske investeringar.

Landbruk og fiske

Jordbruk, Egypt
Jordbruket er svært viktig for økonomien i Egypt og sysselset mange menneske. Ein stor del av sektoren er likevel ikkje mekanisert, men blir driven på ein tradisjonell måte. Irrigasjon frå Nilen er sentralt for å få ting til å gro i ørkenlandet. Her plantar nokon salat, medan éin grev irrigasjonskanalar med hjelp av eit esel.
Av /IWMI.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Den viktigaste næringsvegen i Egypt er tradisjonelt sett jordbruk, og inntil første delen av 1970-åra var landet sjølvforsynt med matvarer samstundes som sektoren produserte varer for eksport. Egyptisk landbruk er heilt avhengig av vatn frå Nilen. Vatnet herfrå, kombinert med utbreidd bruk av irrigasjon og gjødsling, gjer Nildalen til eit av dei mest fruktbare områda i verda. Frå 1969 er Nilens årlege flaum fanga opp av Aswandammen, og flaumvatnet blir nytta til heilårsvatning. Dette har gjort det mogleg å auke jordbruksarealet samstundes som ein enkelte stader har auka talet på avlingar frå éin–to i året til tre–fire. Som følgje av at vassføringa er regulert, blir ikkje markene lenger gjødsla av det fruktbare elveslammet, noko som har auka behovet for mineralgjødsel. Det er også problem med forsumping og auka saltinnhald på markene. Jordbruket er dominert av små bruk, som blir drivne arbeidsintensivt og med gamle metodar.

Rundt 96 prosent av landarealet i Egypt er ørken, og det resterande, dyrkbare arealet har blitt redusert på grunn av utbygging av by- og industriområde. Styresmaktene har investert mykje i eit storstilt nydyrkingsprogram, med omfattande vatningsanlegg som har gjort det mogleg å dyrke nye område. Prosjektet New Valley, som starta i Vestørkenen i 1997, med ein tilhøyrande by (Nye Toshka by), er planlagt for å gjere om lag 200 000 hektar ørken produktiv ved å tilføre vatn gjennom eit kanalsystem frå Nassersjøen. Sjølv om berre rundt tre prosent av landarealet er dyrka, er dette, særleg i Nildalen, svært fruktbar jord, med fleire avlingar – og eigne vinter- og sommargrøder.

Jordbruket har mykje å seie for egyptisk økonomi, og står for nærare 15 prosent av BNI (bruttonasjonalinntekt), men sysselset over ein firedel av den yrkesaktive delen av befolkninga. Sektoren sysselset nærare 45 prosent av alle yrkesaktive kvinner. Jordbruket skaffar store valutainntekter frå eksport. Egyptisk landbruk er i vesentleg grad innretta mot produksjon for sal, ikkje så mykje sjølvberging i form av mat.

Frå midten av 1970-åra har ikkje matvareproduksjonen halde tritt med veksten i folketalet. Det har difor vore eit stigande behov for import, og rundt halvparten av matvarebehovet i landet, særleg kveite, må importerast. Egypt har eit høgt kveiteforbruk per innbyggjar og er difor sårbart for den typen sterke prisstigingar på matvarer som verda opplevde i 2007–2008. Korn er, saman med mellom anna grønsaker, den viktigaste vintergrøda, medan sommaravlingane særleg består av bomull, ris, sorghum og mais. Egypt er sjølvforsynt med frukt, som også blir eksportert. Den viktigaste eksportveksten er langfibra bomull av høg kvalitet, som særleg blir dyrka i deltaområdet. Egypt er den største eksportøren av dei beste kvalitetane, men om lag 80 prosent av bomullsproduksjonen i Egypt blir brukt av tekstilindustrien i landet. Auka produksjon av ris har gjort dette til ei verdifull eksportvare, medan dyrking av sukkerrøyr er oppmuntra for å redusere behovet for import av sukker. Husdyrhald speler ei relativt beskjeden rolle i egyptisk landbruk, på grunn av mangel på beitemarker og areal til å dyrke fôrvekstar. Det er likevel satsa på auka produksjon av kjøtt og meieriprodukt, mellom anna for å redusere behovet for import. Det blir halde sauer, geiter, kveg og fjørfe. Bøflar blir brukte som trekkdyr i mange område.

Fisket i Middelhavet er av relativt lite omfang, størstedelen av den samla fangsten i Egypt er ferskvassfisk. Kystfisket i Middelhavet har gått tilbake etter bygginga av Aswandemningane, som hindrar næringsstoffa å nå kysten. Til gjengjeld har ferskvassfisket auka i betydning, ikkje minst i Nassersjøen.

Bergverk og energi

Egypt, Øk. kart

Egypt: Økonomisk aktivitet

Av /Store norske leksikon ※.

Egypt har førekomstar av ei rekkje mineral, men berre få er påviste i kommersielt omfang og blir vunne ut. Unntaket er først og fremst olje og naturgass, som blir vunne ut både på land og offshore. Vidare blir det vunne ut jernmalm og fosfat fleire stader, det same blir gull, mangan og krom, og det er påvist store førekomstar av kol og uran.

Petroleumssektoren står for om lag 16 prosent av Egypts BNI. Oljeproduksjonen starta allereie i 1908, men blei først viktig økonomisk etter at det frå 1960-åra blei sett i drift nye felt i Suezbukta, i Sinai og nær al-Alamain. Produksjon av eit visst omfang tok til i 1970-åra, til Egypt på 1980-talet blei ein stor oljeprodusent i internasjonal målestokk.

Med Israels okkupasjon av Sinai etter Seksdagarskrigen i 1967 sokk Egypts oljeproduksjon, før han tok seg opp igjen særleg i 1990-åra og deretter. På det meste var produksjonen oppe i 930 000 fat per dag (1996). I 2018 produserte Egypt i overkant av 560 000 fat per dag, og eksporterte vel 200 000 fat per dag. Noko over halvparten blir produsert i Vestørkenen. Suezbukta er det nest viktigaste utvinningsområdet, framfor Austørkenen og Sinai.

Leitinga etter nye førekomstar av olje og gass blei intensivert på 1990-talet, og ho har halde fram med positive resultat. Dei påviste reservane i Egypt er på 3,3 milliardar fat olje og 1,76 billionar kubikkmeter naturgass (2017). Det egyptiske Zohr-feltet er rekna som det største gassfunnet nokon gong i Middelhavet, og består åleine av rundt 0,57 billionar kubikkmeter. Produksjonen her blei starta i 2017.

Egypt har den største raffineringskapasiteten i Afrika, på 840 000 fat per dag. Kapasiteten frå dei sju raffineria blir likevel ikkje fullt utnytta. Det største raffineriet er Nasr-raffineriet ved Suez. Det er også tre anlegg for produksjon av flytande naturgass (LNG) for eksport, og fleire anlegg er prosjekterte.

Egypt har også monalege inntekter frå transport av energi. Desse kjem dels frå skipstrafikken gjennom Suezkanalen, og dels frå røyrleidningar frå Golfen, Suez-Mediterranean Pipeline (Sumed). Fleire gassleidningar leverer egyptisk gass til Midtausten og Europa.

Egypt har ein omfattande kraftproduksjon, og i overkant av ti prosent av energibehovet blir dekt av vasskraft. Denne blei lenge produsert først og fremst frå Aswandammen, som opna i 1971. Egypt nådde i 2021 ein elektrisitetsproduksjon på inntil 210 TWh. Rundt 90 prosent av det samla forbruket blir produsert ved varmekraftverk i landet, med naturgass som den viktigaste energikjelda. Egypt er eksportør av elektrisk energi, med planar for auka produksjon for eksport til fleire land i Midtausten.

Egypt har som mål å auke prosentdelen av energiforbruket frå fornybare energikjelder til 42 prosent av det samla forbruket i 2025. I 2021 var andelen fornybar energi 5,6 prosent. Landet satsar mykje på solenergi, der eitt stort prosjekt, Benban, åleine er forventa å generere inntil 1,8 gigawatt (GW). Ein vindpark ved Zafarana har vore operativ sidan 2004, med ein planlagd kapasitet på 160 MW. Solkraft og vindkraft utgjorde til saman 5,3 prosent av elektrisitetsproduksjonen i 2021.

Industri

Teglsteinsproduksjon, Egypt
Egypt har ein omfattande produksjon av teglstein, men arbeidarane i denne industrien jobbar under forferdelege forhold, med lange dagar, låg løn og usikre utsikter.
Av /Reuters/NTB Scanpix.
Egyptisk spinneri
Egyptisk bomull er kjend for å halde høg kvalitet. Bomulla dannar grunnlaget for ein betydeleg tekstilindustri.
Av /ILO.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Egypt er eit av dei største industrilanda i Afrika, og har ein samansett produksjon både for den heimlege marknaden og for eksport. Særleg etter revolusjonen i 1952 har industrireising vore ein viktig del av den nasjonale utviklingspolitikken, og auka produksjon av energi har bidrege til å etablere tyngre industri. Etter revolusjonen i 2011 har industrialisering på ny blitt prioritert i dei økonomiske planane, med prosjektering av nye industrisoner.

Under britisk styre blei ikkje industriproduksjon fremja, Egypt skulle primært produsere råvarer (bomull) til britisk industri. Som følgje av andre verdskrigen blei importen av ferdigvarer redusert, noko som stimulerte til heimleg produksjon. Industrialiseringa auka etter krigen, først i mindre skala, deretter med utbygging av tyngre industri. Ein vesentleg del av utbygginga skjedde i 1960-åra, mellom anna som del av ein handels- og bistandsavtale med Sovjetunionen. Dette samarbeidet bidrog til dømes til å etablere jern- og stålverket i Hulwan. Tradisjonelt har staten hatt ei dominerande rolle i industrien i landet, men det er i dei seinare åra gjennomført delvis privatisering.

Omkring to tredelar av all industrien er konsentrert i og omkring Kairo og Alexandria. Resten av ligg først og fremst i Nildeltaet og ved Suezkanalen. Ein stor del av industrien er knytt til foredling av jordbruksprodukt, nærare bestemt matvarer og bomull. Egypt er ein av dei leiande bomullsprodusentane i verda, og landet har bygd opp ein stor tekstilindustri som produserer for både lokale marknader og eksport. Dei største tekstilsentera er al-Mahalla al-Kubra og Kafr ad-Dawwar i Nildeltaet. Andre viktige industriar har basis i råvarer frå jordbruket eller gruvedrifta.

Egypt produserer ei rekkje ulike forbruksvarer, og har dertil motorindustri og våpenproduksjon. Ved Nag Hammadi i Nildalen finst eit aluminiumsverk basert på kraft frå Aswandammen. Den petrokjemiske industrien har blitt viktigare og omfattar store anlegg i Alexandria, Kairo og Suez. Egypt har også ein omfattande sementproduksjon.

Utanrikshandel

Egypt har utvikla ein open økonomi med mykje utanrikshandel. Landet eksporterer ei rekkje varer, både frå jordbruk (særleg bomull og grønsaker) og mineral (olje og gass), men er avhengig av å importere både råvarer og kapitalvarer så vel som matvarer. Målt i verdi står petroleumsprodukta for om lag halvparten av eksporten.

Egypt har ein omfattande handel med mange land, og Italia er tradisjonelt den viktigaste handelspartnaren, men Dei sameinte arabiske emirata var den fremste partnaren i 2017. Størst import kom likevel frå Kina. Tyskland og USA er også viktige handelspartnarar.

Samferdsel

Egypt, Kairo-trafikk

Egypt har eit godt utbygd veg- og jernbanenett, men biltrafikken i Kairo er i ferd med å sprenge gatenettet i byen. Her er 6. oktober-brua i Kairo i rushtrafikken. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB ※.

Nildalen og deltaområdet har eit godt utbygd samferdselsnett. Egypt har eit samansett jernbanenett på om lag 5 000 kilometer, som når Aswan i sør og Libya i vest. Den første jernbanestrekninga blei fullført i 1855 og knytte saman Kairo og Alexandria. Vegnettet knyter saman alle dei større byane. I Kairo finst der også ein metro. Det statlege flyselskapet Egypt Air flyr både innanlands og internasjonalt, og Kairo har utvikla seg til eit knutepunkt for luftfart i Afrika. Dei viktigaste internasjonale lufthamnene er Kairos to internasjonale lufthamner (Heliopolis og Nuzhah) og Alexandria.

Langs kysten av Middelhavet har Egypt ni hamner, og hamna i Alexandria er den største og viktigaste. Størstedelen av utanrikshandelen i landet går over denne hamna. Nilen er også ei viktig samferdselsåre og kan seglast på nord for Aswan. Nilen blir mykje brukt til turisme og til å frakte gods. Suezkanalen har spelt ei svært viktig rolle for den økonomiske og politiske historia i landet. Kanalen var stengd i perioden 1967–1975. I ettertid har han aldri fått tilbake den tidlegare betydninga si for internasjonal skipsfart, sjølv om det er investert i oppgraderingar.

Turisme

Egypt, turisme

Pyramidane ved Giza er blant dei mest besøkte stadene i Egypt. Her myldrar det av guidar, kamelutleigarar og suvenirseljarar. Andre fortidsminne, cruise på Nilen, bading og dykking i Raudehavet m.m. trekkjer årleg eit stor mengd turistar. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Egyptisk turistindustri er svært viktig for økonomien i landet, men også sårbar for endringar i tryggleikssituasjonen både internt i Egypt og i regionen. I periodar har militante islamistar medvite gått til åtak på turistmål, mellom anna ved Raudehavet, for å råke turistindustrien og dimed respekten for staten så vel som inntekter. Uroa under opprøret i 2011–2012 bidrog likeins til ei uvisse som førte til nedgang i turistbesøket.

Den økonomiske betydninga av turismen nådde ein topp i 2010, året før revolusjonen. Då tok Egypt imot nærare 15 millionar turistar, og sektoren bidrog med over ein tidel av BNI samstundes han sysselsette om lag 12 prosent av den yrkesaktive befolkninga. I 2011 sokk besøkstalet til i overkant av to millionar, for så å nærme seg åtte millionar i 2018.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg