Faktaboks

Kairo
arabisk: القاهرة (al-Qahira); egyptisk dialekt: مصر (Masr/Misr); koptisk: Kašromi; engelsk: Cairo
Etymologi
frå arabisk القاهرة al-qahira ‘den sigrande’
Kairo (bykart)

Kairo

Av /Store norske leksikon ※.
Kairo

Ein del av Kairo sett frå Citadellet mot nordvest. I forgrunnen dei to moskeane, Sultan Hasan-moskeen frå 1300-talet til venstre og al-Rifa-moskeen, som blei bygd ferdig i 1912, til høgre. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kairo

Kairo er kjent for yrande folkeliv og livleg handelsverksemd, ikkje minst i basarstroket Khan al-Khalili. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Muhammad Ali-moskeen (1857) troner på toppen av det store citadellet, som ble påbegynt av Saladdin i 1179.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kairo er hovudstaden og den største byen i Egypt. Byen ligg ved den lengste elva i Afrikas, Nilen, cirka 15 km sør for Nildeltaet. Storbyområdet Kairo har 18 772 000 innbyggjarar (estimat for 2015, FNs befolkningsdivisjon). Byen er den største i Afrika, og eit viktig kulturelt, politisk og økonomisk sentrum. Kairo står på UNESCOs verdsarvliste.

Turistnæringa er stor i Kairo, og ein vesentleg del av den tenesteytande sektoren i landet er lokalisert her. Kairo er også sete for regjering, parlament, domstolar og forvaltning. Industrien er omfattande og variert. Rundt 40 prosent av industribedriftene i landet er lokaliserte til Kairo. Kjemisk industri, maskin- og metallindustri er vakse fram ved sida av den eldre tekstil-, lêr- og tobakksindustrien.

Kairo internasjonale lufthamn (CAI) ligg i Heliopolis, 26 km nordaust for sentrum. I 2018 opna i tillegg Sphinx International Airport (SPX) ved pyramidane i Giza, sørvest for sentrum. Afrikas første undergrunnssystem (metro) opna i Kairo i 1987, og dette har blitt utvida i fleire omgangar.

Kairo heiter på arabisk offisielt Al-Qahirah (Den sigersrike), men blir til dagleg ofte omtalt som Masr, som også er det arabiske namnet på Egypt. Byen blei opphavleg, fram til 973/974, kalla Al-Mansuriyyah.

Kultur

Kairo har fleire universitet, der dei viktigaste er al-Azhar frå 972, Kairo-universitetet frå 1908, Ain Shams-universitetet frå 1950 og Det amerikanske universitetet frå 1919. Det religiøse al-Azhar, som held til i moskeen med same namn, er det største ortodokse universitetet til muslimane.

Kairo har mange museum med eineståande samlingar, mellom anna Det egyptiske museet (1857), Museet for islamsk kunst (1881) og Det koptiske museet (1908), eit verdifullt bibliotek, opera og fleire teater. På den vestre breidda ligg ein stor zoologisk hage. Eit nytt, storslått museum for egyptisk historie og arkeologi, Grand Egyptian Museum, er under oppføring i Giza. Opninga var planlagd i 2020, men har blitt utsett fleire gonger.

Byskildring

Størstedelen av byen ligg på austbreidda av Nilen, men forstadene spreier seg utover også vestbreidda. Den austre, eldre byen mellom Nilen og Moqattam-høgdene har tronge og krokete gater med mange vakre byggverk, med storparten av dei fleire hundre moskeane, blant dei Al-Azhar-moskeen som er den best kjende i Kairo. Elles er moskeane etter Amr ibn al-'As (642), Ibn Tulun (876–879), Al-Mansour Qalawoun (1284–1285) og Sultan Hasan (1356–1362) særleg praktfulle. Vidt synleg er Muhammad Ali-moskeen, som stod ferdig i 1857.

Lenger vest har Kairo eit meir vestleg preg med breie gater og moderne høghus. Aust for gamlebyen ligg «Byen til dei døde» med gravene til kalifane og mamelukkane, og i nordaust den nye bydelen Heliopolis med ruinane av det antikke Heliopolis.

Sør for Kairo er Gamle Kairo (Misr al-Qadimah) med to koptiske kyrkjer frå 500-talet og Det koptiske museet. Byen breier seg også over på øyane Gezira (az-Zamalik) – med store park- og sportsanlegg og eit 186 meter høgt utkikstårn – og Roda (ar-Rudah), med «nilometeret» (ein brønn med ei søyle med inndeling, som viser vasstanden i Nilen). På den vestre breidda ligg den store forstaden al-Jiza med den zoologiske hagen og Kairo-universitetet. Delar av Kairo står på UNESCOs verdsarvliste.

Historie

Området rundt Kairo var bygd ut før den nye byen blei grunnlagd i 969, og nærliggjande Memfis var hovudstaden i det gamle Egypt. Også den nye, seinare hovudstaden er bygd i eit område med eldre busetjingar, inklusive romerske og bysantinske, med ei festning kalla Babylon som kjerne. Restane av desse er dei eldste fortidsminna i dagens i Kairo, og i kjerneområdet for koptarane.

Kairo blei grunnlagd av den fatimidiske feltherren Gohar i 969, som sete for kalifatet. Grunnleggjaren av ayyubidedynastiet (1174–1252), Saladin, styrta fatimidane og laga til eit citadell i byen. Han knytte den gamle hovudstaden Fustat til dette i 1179. Det tidlegare Fustat ligg i dag i Gamle Kairo.

Under mamelukkane (1252–1517) hadde Kairo ein vekslande lagnad (skjebne), med dels ro og vekst (særleg på 1300-talet), dels uro og opprør, mellom anna kristenforfølgingar. Ved midten av 1300-talet hadde byen om lag 500 000 innbyggjarar og var større enn nokon annan by i Europa, Afrika og Midtausten.

I 1517, etter slaget ved Heliopolis, kom Egypt under den osmanske sultanen Selim 1. Han regjerte frå Konstantinopel, medan Kairo berre blei hovudstad i den osmanske provinsen Egypt. Dette blei innleiinga til ein nedgangsperiode, som også var prega av at Kairo ei rekkje gonger blei råka av pest (svartedauden).

I 1798 erobra Napoleon Kairo, men franskmennene blei drivne ut i 1801. Frå 1805, då Muhammad Ali Pasja tok over styringa av Egypt, og ikkje minst under etterfølgjaren Ismail Pasja, blei Egypt modernisert. Veksten heldt fram under britisk styre frå 1882 og Egypts sjølvstende i 1922.

Etter at dei frie offiserane og Gamal Abdel Nasser gjennomførte revolusjonen i 1952, blei Kairo eit politisk senter i den arabiske verda. Under den nye egyptiske revolusjonen, opprøret i 2011–2012, spelte Kairo og Tahrir-plassen ei viktig rolle som den fremste arenaen for masseprotestane mot president Hosni Mubarak. Under etterfølgjaren Abdel Fattah al-Sisi er arbeidet med å etablere ein ny administrativ hovudstad i gang, mellom anna fordi ukontrollert befolkningsvekst har lagt eit uforsvarleg press på infrastrukturen i byen.

Les meir i Store norske leksikon

Kjelder

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg