Suezkanalen er ein av dei viktigaste kanalane i verda. Den kunstige kanalen knyter saman Middelhavet og Raudehavet og er 193 kilometer lang. Arbeidet med kanalen starta i 1859, og han blei opna for trafikk i 1869. Frå Port Said ved Middelhavet går kanalen mot sør, passerer dei salte og nesten tørrlagde Timsah- og Bittersjøane, og endar inst i Suezbukta av Raudehavet. Suezkanalen er ein nivåkanal (utan sluser). Frårekna tilførselskanalane er lengda 161 kilometer. Då han stod ferdig, reduserte kanalen reisetida mellom Europa og Asia med omtrent 30 dagar. Tidlegare hadde reise- og handelsrutene gått over land langs Silkevegen eller teke den mykje lengre sjøreisa rundt Afrika.
Faktaboks
- Uttale
- sˈuezkanalen
- Også kjent som
-
Qanāt al-Suways på arabisk.
Kanalen blei opna opp igjen etter ei omfattande utviding i august 2015, etter investeringar på cirka 8,2 milliardar amerikanske dollar. Kapasiteten blei då utvida frå 78 til 97 skip per døgn.
I 2021 grunnstøytte eit konteinarskip i Suezkanalen. Trafikken blei sperra i fem døgn, og over 400 skip stod i kø. Blokkeringa førte mellom anna til høgare oljepris.

Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.