Vatn er ein naturressurs som også kan brukast til å framstille energi. Bildet er frå eit eldre vannkraftverk i Andelva på Eidsvoll verk.
.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Naturressurs er luft, vatn, dyrkbare areal, skog, levande organismar som husdyr og fisk, petroleum, mineral og andre råstoff, som menneske kan nytteggjere seg i produksjon av varer og tenester. Ein skil gjerne mellom fornybare og ikkje-fornybare ressursar.

Fornybare ressursar som luft og vatn blir fornya gjennom naturprosessar. Andre ressursar, som kol og petroleum, finst berre i visse mengder og kan berre utnyttast éin gong. Ressursar som fornyast sakte, slik at vi ikkje kan ta dei i bruk på nytt i nær framtid, blir også rekna som ikkje-fornybare.

Energiressursane står i ei særstilling fordi det alltid er naudsynt med energi når ein skal nyttiggjere seg resten av ressursar.

Til skilnad frå reservar omfattar ressursane både påviste, usikre og spekulative førekomstar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg