Faktaboks

Sinai
Uttale
sˈinaihalvøya
Sinaihalvøya

Sinaihalvøya fotografert frå verdsrommet. I vest er halvøya knytt til Egypt, og i aust grensar ho til Israel. I nord ligg Middelhavet, og i sør ligg Raudehavet.

Av /NASA Johnson Space Center.

Sinai er ei halvøy i Egypt som ligg mellom dei to nordlege greinene av Raudehavet, Suezbukta og Akababukta og Middelhavet i nord. Halvøya knyter saman Afrika og Asia og grensar til Israel og Gazastripa i aust. I vest skil Sinai seg frå resten av Egypt med Suezkanalen.

Geografi

Sinai er delt i fem guvernement, der Nordlege Sinai og Sørlege Sinai, med høvesvis El Arish og El Tour som hovudstad, utgjer hovuddelen av landarealet. Til saman har dei to guvernementa rundt 558 000 innbyggjarar (CAPMAS 2017). I tillegg ligg Suez, Ismailia og Port Said på vestsida av Sinai langs Suezkanalen, og desse tre har langt tettare busetjing med om lag 2,9 millionar innbyggjarar til saman.

Området består i stor grad av ørken med høge fjell i sør. Det høgaste fjellet i Sinai er Jabal Katrina (2642 meter over havet). Sinai har hatt ein betydeleg egyptisk, regional og internasjonal turisme i og omkring byen Sharm el-Sheik, som ligg på den sørlege spissen av halvøya. Staden er tilgjengeleg for turistar via ferje frå Akaba i sørlege Jordan, tog frå Kairo eller flyplassen i Sharm el-Sheik. Det ligg fleire petroleumsfelt langs Suezbukta.

Sinai er eit viktig område i dei abrahamittiske religionane, då historia om israelittane si vandring gjennom ørkenen skal ha skjedd her, i tillegg til at Moses skal ha fått tavlene med Dei ti boda i Sinai.

Historie

Sinai har vore folkesett sidan forhistorisk tid, og dei tidlegaste nedteikningane om Sinai stammar frå rundt år 3000 fvt. Sinai var kjelde til ei rekkje mineral, som kopar og turkis. På grunn av den geografiske plasseringa si som bindeledd mellom Afrika og Asia har området vore stad for handelsruter.

På 500-talet blei Sinai tilhaldsstad for fleire kristne grupper, og klosteret som er tileigna Sankta Katarina, blei bygd ved foten av fjellet Jabal Katrina av keisar Justinian 1. Som del av Egypt har Sinai hatt ei rekkje ulike makthavarar, både fleire egyptiske leiarar og Det osmanske riket.

Moderne tid

Etter Urabi-opprøret i 1879 som skulle få slutt på fransk og britisk innverknad, blei Egypt okkupert av Storbritannia i 1882, og Sinai fall under meir direkte europeisk herredømme. Dette varte fram til Suezkrisa i 1956, då Israel angreip Sinai, i forbund med Storbritannia og Frankrike, som skulle «bryte opp» krigføringa til egyptarane og israelarane for å ta kontroll over Suezkanalen. Då dei tre partane ikkje vann fram med planen, kom Sinai igjen under egyptisk kontroll etter press frå USA og Sovjetunionen. Det blei plassert FN-soldatar i Sinai for å bevare freden i området.

I 1967 blei FN-soldatane beordra fjerna frå egyptisk hald, og halvøya blei igjen okkupert av Israel i samanheng med seksdagarskrigen. I 1982 kom området igjen under egyptisk styre i etterkant av fredsavtalen mellom Egypt og Israel, som blei underteikna i 1979, og byrjinga på den israelske tilbaketrekkinga.

2000-talet

På 2000-talet har Sinai vore ramma av fleire terroraksjonar, mellom anna i Dahab og Sharm el-Sheik. Etter opprøra i samanheng med Den arabiske våren har Sinai vore tilhaldsstad for ei rekkje opprørsgrupper, og blant desse fleire ytterleggåande islamistar, både frå Egypt og landa rundt. Etter Libyas kollaps i 2011 har Sinai vore handelsrute for våpensal frå våpenlagera til det tidlegare Gaddafi-regimet. Det egyptiske militæret under president al-Sisi gjennomførte ei rekkje større militæroperasjonar i Sinai etter at han kom til makta i 2014, truleg for å få bukt med opprørsgruppene i Sinai.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg