Peder Anker

Faktaboks

Peder Anker

Per Anker

født: Peder Ancher

Født
8. desember 1749, Christiania (no Oslo)
Død
10. desember 1824, Bogstad i Aker (no Oslo)

Peder Anker. Utsnitt av portrett på Bogstad gård med framstilling av Anker som serafimerriddar, måla av F. Westin, ca. 1815. .

.
Lisens: fri
Peder Anker

Peder Anker som statsminister.

Av .
Peder Anker og familien
Maleri frå 1792 av Peder Anker og familien hans.

Artikkelstart

Peder Anker var ein norsk godseigar og politikar. Han deltok på notabelmøtet og riksforsamlingaEidsvoll i 1814, og var Noregs statsminister i Stockholm frå 1814 til 1822.

Anker eigde fleire store skogar, sagbruk og jernverk samt Bogstad gård utanfor Oslo.

Bakgrunn

Peder Anker var fødd i Christiania. Han var son av justisråden og kjøpmannen Christian Anker og bror av handelsmannen Bernt Anker. Han var gift med Anna Elisabeth Cold og vart svigerfar til statthaldar grev Herman Wedel-Jarlsberg då dottera Karen gifta seg med han. Han vart adla i 1778 og gjord til riddar i 1809, seinare kommandør, og i 1812 kommandør med storkors av Dannebrogordenen. I 1815 vart han så gjord til riddar av den svenske Serafimerordenen og i 1822 til riddar av Karl XIIIs orden.

Karriere i næringslivet

Peder Anker byrja sitt offentlege virke som generalkrigskommissær i 1788. Året etter vart han generalvegintendant for Akershus stift (sjå Ankerveien), og dermed leiar for utbygging av vegnettet. Han gjekk i bresjen for å byggje ut større ferdselsårer i Sør-Noreg, mellom anna hovudvegane til Vestlandet og til Svinesund, og slik vart han avgjerande for utbygginga av det norske vegnettet.

Peder Anker eigde fleire store skogar, sagbruk og jernverk, mellom anna Bogstad, med ei hovudbygning som er oppført av han. Han eigde også det meste av Nordmarka og Bærums Verk. Anker tente store pengar i dei gode økonomiske tidene for jernverk og trelasthandel på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet, som fleire andre kjøpmenn i Kristiania. Han fekk derimot store problem då Danmark-Noreg gjekk inn i Napoleonskrigane, og ein britisk sjøblokade hindra utføringa av handelsvarer frå 1807.

I jernverka og på godseigedomane sine gjennomførte Anker omfattande tekniske utbetringar og moderniseringar, under oppsyn av utanlandske fagekspertar. Han fekk mellom anna bygd kjerrat, ei mekanisk fraktordning for tømmer. Dette gjorde verka og eigedommane hans til mønsterbruk i samtida.

Politisk karriere

Anker deltok på notabelmøtetEidsvoll 16. februar 1814. Her vart linja for det norske sjølvstendearbeidet lagd, i samråd med statthaldar Kristian Fredrik. På Riksforsamlinga på Eidsvoll same året, der han møtte som 1. representant for Akershus amt, støtta han svigersonen grev Herman Wedel Jarlsberg si politiske linje og var den første presidenten til forsamlinga. Wedel-Jarlsberg var på denne tida leiar for Unionspartiet, som ønskte politisk fellesskap med Sverige. Anker tala lite ved møta, men vart likevel utpeika som den første presidenten for forsamlinga. Han var òg vert for rikssamlinga, sidan eigaren av Eidsvollsbygningen, fetteren Carsten Anker, var utsend til London.

Peder Anker vart ikkje vald til det første ekstraordinære Stortinget, men vart utnemnd til Noregs første statsminister i Stockholm 18. november 1814, ei stilling han heldt til 1. juli 1822. Han var likevel ikkje førande i det norske statsrådet, men var særleg vellukka som meklar mellom kongen og finansministeren, som var svigersonen Wedel-Jarlsberg.

Peder Anker døydde på Bogstad i 1824. Godset gjekk så i arv til dottera Karen og svigersonen Wedel-Jarlsberg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Frydenlund, Bård: Stormannen Peder Anker : en biografi, 2009

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg