Nome er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke. Kommunen blei oppretta i 1964 ved samanslåing av tidlegare Lunde og Holla kommunar med unntak av Valebø sokn på andre sida av Norsjø. Nome ligg sentralt i Telemark, omgitt av kommunane Drangedal, Kviteseid, Midt-Telemark og Skien, og omfattar området vest for midtre del av Norsjø omkring Vest-Telemarkvassdragets nedre del.
Faktaboks
- Etymologi
-
Kommunen har namn etter Nomevatn.
- Administrasjonssenter
- Ulefoss
- Fylke
- Vestfold og Telemark (frå 1.1.2020, tidlegare Telemark)
- Innbyggjartal
- 6 494 (2022)
- Landareal
- 385 km²
- Høgaste fjell
- Knarren (749 moh.)
- Innbyggjarnamn
- lundhering, ulefossing, hollasokning
- Målform
- nøytral
- Kommunenummer
- 3816 (frå 1.1.2020, tidlegare 0819)

Kommunevåpen

Nome. Frå Lunde sluse i Telemarkskanalen. Slusevaktarane opnar for «Henrik Ibsen». Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.
Natur
Langs vassdraga er det marin leire og sand opp til cirka 150 meter over havet, for det meste oppdyrka. Elles dannar grunnfjellet eit småkupert åslandskap som stig til 600–700 meter over havet mot vest. Fensfeltet søraust for Ulefoss har ein eigenarta geologi med mellom anna jernmalm og søvitt (etter garden Søve) som inneheld niob, som blir brukt i stållegeringar. I Søve Gruver blei det vunne ut niobkonsentrat i perioden 1953–1965.
Befolkning og busetjing

Ulefos Hovedgaard er eit av dei viktigaste kulturminna i kommunen. Hovudbygningen blei oppført i 1802–1807 for verkseigar Niels Aall og er rekna som noko av det ypparste av klassisistisk arkitektur i Noreg.
Hovudtyngda i busetjinga følgjer vassdraget vestover frå Norsjø. Her ligg dei to tettstadene Ulefoss og Bjervamoen (Lunde). Folketalet var stabilt fram til omkring 1980, men har sidan vist nedgang. Etter 2010 har folketalet halde seg uendra. I tiårsbolken 2014-2023 gjekk folketalet attende med 1,3 prosent.
Tettstader

Næringsliv

Ulefos Jernværk er ei av Nordens eldste industribedrifter og er framleis ei hjørnesteinsbedrift i kommunen.
Nome er ein stor jord- og skogbrukskommune. Berre Skien har større jordbruks- og kornareal av telemarkskommunane. Jordbruksarealet i Nome er ca 27 000 dekar, omtrent likt fordelt på gras og korn. Skogavverkinga var gjennomsnittleg 36 000 m³ årleg i femårsperioden 2017–2021. Litt over halvparten var gran, resten furu.
Vasskrafta i Eidselva (Lundeelva) blei tidleg utnytta ved Ulefoss. Nome er ein mellomstor kraftkommune med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 509 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er fem kraftverk i kommunen, mellom anna Vrangfoss kraftverk (i drift frå 1962) og Hogga kraftverk (1987). Vassdraget er kanalisert med sluseanlegg (Bandak–Norsjøkanalen).
Skogen og vasskrafta la tidleg grunnlaget for industri på Ulefoss. Dei to største industribedriftene, Cappelen-Ulefos Jernværk og Aall Ulefos, har styrt mykje av utviklinga. Dei har utspring i gamle gods med tilhøyrande herregardar (Holla og Ulefos). Det blei brote jernmalm for Ulefos Jernværk i Fen-gruvene frå 1652 til 1926. Dette jernverket er Nordens største produsent av gategods. Ulefos Brug AS er ein av Noregs leiande produsentar av brannklassifiserte dører, portar, vindauge og veggparti. 16 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien (2021), mot 8 prosent i landet samla sett.
Samferdsel
Riksveg 36 frå Porsgrunn/Skien går gjennom Ulefoss nordvestover til Bø og Seljord. Frå Ulefoss tek fylkesveg 359 av til Lunde og Bø. Midt gjennom kommunen går Sørlandsbanen med stasjon i Lunde.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Nome kommune i Telemark fylke.
Nome videregående skole har avdeling i Lunde og på Søve (tidlegare Telemark landbruksskule).
Nome høyrer til Sør-aust politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.
Kommunen er med i Nome og Midt-Telemark interkommunale politiske råd.
Nome kommune svarer til dei to sokna Holla/Helga og Lunde/Flåbygd i Øvre Telemark prosti i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Nome til Nedre Telemarken fogderi (futedøme) i Bratsberg amt.
Delområde og grunnkrinsar i Nome

For statistiske formål er Nome kommune (per 2021) delt inn i tre delområde med til saman 19 grunnkrinsar:
- Lunde: Ulsnes – Røimål, Flåm, Kleppe, Svenseid, Funnemark, Lunde kyrkje, Stokken, Kjeldal, Hanto, Bjerva, Landsmarka
- Ulefoss: Sandnes, Dagsrud, Heisholt, Holla gård, Ulefoss
- Fen: Fen, Kolstad, Hjelset
Historikk og kultur
På Hollahaugen ligg ruinen av Holla gamle steinkyrkje frå før 1100. Nord for Ulefoss ligg Romnes kyrkje frå mellomalderen. Helga kyrkje sør for Ulefoss er frå 1735.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent i 1989) er venstre-skrådelt av sølv og blått ved trappesnitt. Motivet illustrerer kanaliseringa av Bandak–Norsjøvassdraget.
Kart

Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Opheim, Gunnar (1978). Flåbygd : ætter og folkeliv. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
- Opheim, Gunnar (1986). Nokre ætter i Lunde. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
- Sanden, Gunnar (2001). Nomeboka : ei skisse av Nome rundt årtusenskiftet. Isbn: 82-996108-1-8
- Stranna, Olav (1921, 1925). Lunde herad med Flaabygd, 2 bind. Les hos Nasjonalbiblioteket: bind 1, bind 2
- Ytterbøe, Simon (1975, 1957). Holla, 2 bind. Les hos Nasjonalbiblioteket: bind 1, bind 2
-
Sørlandsbanen kryssar Telemarkskanalen ved Lunde.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.