Bernt Anker

Faktaboks

Bernt Anker
Født
22. november 1746, Christiania (nå Oslo)
Død
22. april 1805, København
gravlagd i det Ankerske gravkapell ved Vår Frelsers kirke i Christiania, kista flytta til krypten i kyrkja 1835

Bernt Anker. Utsnitt av maleri av Jens Juel.

.
Lisens: fri

Artikkelstart

Bernt Anker var ein norsk forretningsmann, kammerherre og konferensråd.

Bakgrunn

Bernt Anker var son av justisråden og kjøpmannen Christian Anker og bror av jernverkseigaren, eidsvollsmannen og statsministeren Peder Anker. Han var gift med Mathia Collett, dotter av kjøpmannen Peter Collett.

Karriere og formue

Ved handel, arv og giftemål vart Anker ein svært rik mann. Han auka stadig formuen sin og vart den rikaste mannen i Noreg i si tid. Han eigde skogeigedommar, sagbruk og bergverk over heile Austlandet, mellom anna Paleet i Kristiania og Frogner hovudgard. Han var òg skipsreiar og bergverkseigar.

Sine største inntekter fekk han frå trelasteksporten til England, der han mellom anna leverte til den engelske flåten. På 1700-talet gjorde ei gruppe kjøpmenn seg svært rike på handel med trelast i Kristiania. Pengane vart gav dei i ei sterk sosial stilling. Anker førte an, og han lånte mellom anna store summar til danske embetsmenn. Difor kunne han òg kritisere dei, om han fann det for godt.

I 1804 er formuen til Anker rekna til kring 1,5 millionar riksdalar, og han hevda på eit tidspunkt å ha 20 000 menneske i si teneste. Han fekk ikkje barn og testamenterte difor bort formuen til opprettinga av eit fideikomiss, det Ankerske fideikommiss, som delvis skulle nyttast til å understøtte dei fattige i byen. Anker vart oppteken i den danske adelsstanden i 1778 og i 1803 vart han gjord til riddar av Dannebrogsordenen.

Engasjement og innverknad

Anker vart ein av dei sterkaste pådrivarane for eit eige norsk universitet og ein eigen norsk bank, både gjennom offentleg debatt og økonomisk støtte. Han var såleis ein forsiktig kritikar av den dansk-norske heilstatspolitikken, noko som òg kjem til uttrykk i Robert Malthus si reiseskildring frå 1799. Samtidig støtta han utvendig lojalt opp om kongehuset, særleg ved å skipe til mottakinga då kronprinsen vitja Noreg i 1788.

I tillegg til å arbeide for eige norsk universitet og eigen norsk bank, var han interessert i kunst og vitskap, skreiv sjølv skodespel og opptredde som amatørskodespelar. Anker var òg grunnleggjaren av Det dramatiske Selskab i 1780. Selskapet sette opp dei første teaterframsyningane i landet.

Anker var ein sentrale skikkelse i Kristiania, selskapa hans var storslåtte, og han kunne vere svært gavmild. Han budde på Paleet i Kristiania og heldt store festar der eliten kom saman. Slik hadde han stor innverknad over både næringslivet og selskapslivet i byen. Då søknaden om eit eige universitet vart avvist i København i 1795, fekk han i staden halde førelesingar i Paleet, der han sjølv tala om filosofiske emne. Paleet vart seinare nytta som bustad for kongen, før det brann ned i 1942.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anker, Carl Johan: Kammerherre Bernt Ankers Liv og Virksomhed [...], 1884
  • Davidsen, Øyvin: Bernt Anker i nytt lys, 1944
  • Frydenlund, Bård: Stormannen Peder Anker: en biografi. Oslo 2009
  • Holck, Per: Bernt Anker : samtid, liv og forfatterskap, 2005

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg