Faktaboks

Filefjell
Fillefjell
Den nye St. Thomaskyrkja ble innviet i 1971
Den nye St. Thomaskyrkja ble innviet i 1971
Av /NTB.
Nystuen

Filefjell. Frå Kyrkjestølane, på grensa mellom Valdres og Sogn.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Filefjell blir allment oppfatta som det fjellpartiet som dannar vasskiljet mellom Valdres i aust og Sogn (Lærdal) i vest, på grensa mellom Vang kommune, Innlandet og Lærdal kommune, Vestland. Det eigentlege Filefjell er likevel berre eit avgrensa område innan dette fjellpartiet. Den gamle ferdselsvegen mellom Valdres og Sogn gjekk over det eigentlege Filefjell, medan den nåverande Filefjellvegen (E 16) går langs foten av Filefjell, gjennom Smeddalen. I denne dalen ligg Fillestølen.

Den høgaste toppen på det eigentlege Filefjell er Heimre Brusestølnosi (1307 meter over havet). I fjellpartiet sønnafor er det fleire høge toppar, til dømes Sulefjellet (1812 meter over havet) og Bleia (1821 meter over havet).

Det høgaste punktet på riksvegen er 1013 meter over havet, like vest for Otrøvatnet, som har avløp austover. Det høgaste punktet på Kongevegen over sjølve Filefjell (1793 meter over havet) er cirka 1250 meter over havet. E 16 over Filefjell er den fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet som er minst stengt om vinteren.

Kultur

Like vest for Otrøtvatnet, øvst i Smeddalen, ligg Kyrkjestølane. Her tek den gamle kongevegen av frå den nåverande, og her ligg ruinane av St. Thomaskyrkja som vart bygd i mellomalderen, venteleg på ein førkristen samlingsstad til høgsommarfest for bygdene omkring. Det vart reist ei ny kyrkje her i 1971.

Ved kyrkja har det kanskje lege eit sælehus som var opphavet til fjellstova og seinare høgfjellshotellet Nystuen ved vestenden av Otrøvatnet. Gamlestøga ligg på sørsida av vatnet. Der fjellovergangen tek til på vestsida av Filefjell, og der også den gamle og nye vegen skil lag, ligg Maristova. Ein veit at denne fjellstova eksisterte alt på midten av 1300-talet, men truleg har det òg her vore eit sælehus lenge før den tid.

Stugunøset på Filefjell
«Stugunøset på Filefjeld» (ofte skrevet Fillefjell eller Filefjell), er et maleri av I.C. Dahl fra 1851 fra den nasjonalromantiske tidsperioden. Bildet henger i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Bildet ble kåret til et av Norges nasjonalmalerier i 1995

Namnet

Første ledd i namnet er truleg etter staden Fillestølen, og høyrer kanskje saman med norrønt fjell. Andre tolkingar er samanheng med norrønt filla, 'skinn', og siktar på ei myr eller flate ved setra, eller avleiing av Fylla, eit mogleg namn på tjernet ved stølen, fylt til kanten.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hermundstad, Knut: St. Tomaskyrkja på Fillefjell, 1966.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg