I ungarsk harmonerer vokalane i dei fleste suffiksa med vokalane i stamma etter spesielle prinsipp. Til dømes har inessiv-suffikset to variantar, -ban og -ben, mens allativ-suffikset har tre variantar, -hoz, -hez og -höz. Fordelinga er vist med nokre substantiv med den bundne artikkelen a – a ház 'huset', a kert 'hagen', a fül 'øyret':
-
a házban 'i huset', a kertben 'i hagen', a fülben 'i øyret'
-
a házhoz 'til huset', a kerthez 'til hagen', a fülhöz 'til øyret'
Hovudreglane kan formulerast slik:
-
-ban blir brukt etter dei bakre vokalane u, ú, o, ó, a, á
- -ben blir brukt etter dei fremre vokalane i, í, e, é, ü, ű, ö, ő
- -hoz blir brukt etter dei bakre vokalane u, ú, o, ó, a, á
- -hez blir brukt etter dei fremre urund vokalane i, í, e, é
- -höz blir brukt etter fremre runda vokalane ü, ű, ö, ő
Den lange vokalen á [aː] oppfører seg som ein bakre vokal, sjølv om han fonetisk er fremre.
Det finst ein del ord som ikkje følgjer desse reglane. Det gjeld mellom anna ord med både fremre og bakre vokalar. Til dømes heiter det a papírban 'i papiret' og a világban 'i verda', men októberben 'i oktober'. Dessutan finst det om lag 60 substantiv med vokalane i, í eller i nokre få tilfelle é som tek suffiksvariantane -ban og -hoz, til dømes nyílban 'i pila'. Grunnen er at dei på eit tidlegare historisk stadium hadde bakre vokal, jamfør urfinsk-ugrisk *ɲɯɯle 'pil'.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.