protestantisme

Martin Luther si lære er opphavet til den lutherske kyrkja, som er eit av dei største protestantiske kyrkjesamfunna. Portrett av Martin Luther, laga av den tyske renessansekunstnaren Lucas Cranach den eldre (1472–1553).

Artikkelstart

Protestantisme er eit fellesomgrep for dei retningane og kyrkjene som blei resultatet av reformasjonen på 1500-talet: den lutherske, den kalvinske (reformerte) og den anglikanske kyrkja. I tillegg til desse kyrkjene finst ei rekkje protestantiske kyrkjesamfunn som har vakse fram seinare, til dømes baptismen, metodismen og pinserørsla.

Faktaboks

Uttale
protestantˈisme

Bakgrunn

Nemninga «protestantar» skriv seg frå riksdagen i Speyer i 1529. Byen Speyer ligg ved Rhinen i delstaten Reinland-Pfalz i dagens Tyskland. Under riksdagen la tilhengjarane av den reformatoriske rørsla ned ein protest mot forbodet mot vidare utbreiing av reformasjonen. Sjølve kalla protestantane seg helst «evangeliske». Med det ville dei framheve evangeliet som den glade bodskapen om syndsforlating og rettferdiggjering ved trua åleine, uavhengig av gjerningar.

Den protestantiske reformasjonen innebar ei kyrkjekløyving og eit meir pluralistisk Europa, både religiøst og kulturelt. Utviklinga på 1500- og 1600-talet blir gjerne omtalt som kristendomen si konfesjonalisering. Dei nye protestantiske kyrkjesamfunna måtte finne fram til eigenarten sin, og trua og læra deira blei uttrykt gjennom ulike truvedkjenningar (konfesjonar). Reformasjonen førte til at fyrstane fekk større makt over religionen. Det oppstod konfesjonelle statar, der fyrsten bestemte religionen til innbyggjarane.

Reformatorane

Den protestantiske reformasjonen byrja i Tyskland med munken og teologiprofessoren Martin Luther (1483–1546) i Wittenberg. Kyrkjekritikken og ideane hans fekk stor utbreiing.

Medan Tyskland var utgangspunktet for den lutherske protestantismen, hadde den reformerte greina opphavet sitt i Sveits, i byane Zürich og Genève. Ulrich Zwingli (1484–1531) leidde reformasjonen i Zürich, og herifrå spreidde han seg til Bern, Basel og byar i Sør-Tyskland. Jean Calvin (1509–1564) er den andre store leiaren innanfor den reformerte protestantismen. Han forma Genève i tråd med dei reformatoriske tankane sine. Sjølv om Calvin rekna seg som Luther-elev, førte han i første rekkje vidare Zwinglis form for protestantisme.

I England blei det innført ei særeiga form for protestantisme som stod nærmare katolisismen enn dei andre protestantiske retningane. Den anglikanske kyrkja reknar seg såleis som ein mellomveg mellom katolisismen og protestantismen.

Lære

Samanlikna med kristendomen i mellomalderen er protestantismen prega av forenkling og konsentrasjon. Dei protestantiske reformatorane gav gjerne ei konsentrert teologisk samanfatning av det sentrale i kristendomen. For Luther galdt det rettferdiggjering ved tru åleine, medan Calvin la vekt på Kristi herredøme.

Eit sentralt synspunkt i protestantismen er at berre Bibelen kan utgjere grunnlaget for den kristne trua. Dette har mellom anna ført til kritikk av den katolske sakramentslæra. Dei protestantiske reformatorane blei ståande ved to eller tre av den katolske kyrkja sine sju sakrament, dåpen og nattverden (eventuelt bota i tillegg). Dei andre sakramenta blei rekna som menneskepåfunn, då dei ikkje hadde støtte i Bibelen.

Forenklinga kjem òg til uttrykk gjennom at verken heilage stader, personar eller ting blir oppfatta som viktige. Dermed blei helgen- og relikviekulten demontert og klostra oppløyste. Ingen menneske er meir heilage enn andre. Sann heilagdom skulle derimot utfalde seg i verda, i kvardagslivet til den einskilde. I samanheng med dette er det òg ei sentral oppfatning at det einskilde mennesket har direkte tilgang til Gud, gjennom ordet og trua, og ikkje treng andre formidlingsinstansar.

Protestantiske kyrkjesamfunn

Samstundes er det òg religiøse forskjellar innanfor protestantismen. Den radikale reformasjonen, ført vidare av dei reformerte, la vekt på resultata av trua, medan Luther var oppteken av at trua ikkje måtte føre til nye krav. Dei gode gjerningane har ikkje noka rolle i tilhøvet til Gud, men overfor nesten. Dei reformerte legg vekt på kyrkjeordninga, som skal organiserast etter modell frå Det nye testamentet. Dei reformerte og anglikanarane går inn for ein nær relasjon mellom kristendom og politikk. Lutherdomen legg vekt på skiljet mellom dei to regimenta, det åndelege og det verdslege, som ikkje må blandast saman.

Utbreiing

Protestantismen er den dominerande kristendomsforma i Nord-Europa, Nord-Amerika og Australia. Radikal protestantisme, særleg pinserørsla, har hatt framgang i siste del av det 20. hundreåret. Protestantismen omfattar eit stort mangfald av kyrkjer og trussamfunn. Dette kan vere bakgrunnen for at protestantane har gått i brodden for det økumeniske arbeidet.

Av til saman om lag 2,2 milliardar kristne i verda er det om lag 800 millionar protestantar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Holm, Søren (1968): Protestantisme. Oslo: Gyldendal
  • McGrath, Alister E. og Marks, Darren C., red. (2003): The Blackwell Companion to Protestantism. Oxford: Blackwell Publishing
  • Noll, Mark A. (2011): Protestantism. A Very Short Introduction. Oxford: Oxford University Press
  • Rasmussen, Tarald (2017): Hva er protestantisme? Oslo: Universitetsforlaget
  • Rasmussen, Tarald og Thomassen, Einar (2002): Kristendommen. En historisk innføring. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarer (1)

skrev Bjørn Olav Hansen

Dordrecht bekjennelsen er ikke en bekjennelse knyttet til Den reformerte kirke, men til anabaptistene. Den ble vedtatt i Dort i Holland 21. april 1632. De 18 artiklene er oversatt og gjengitt i min bok 'En tro verd å dø for' Frihet forlag 2012, ISBN 978-82-92363-42-3.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg