nomenfrase

Nomenfrase er i grammatikk eit setningsledd som inneheld eit substantiv eller eit pronomen, anten aleine eller med tillegg, som jenta, den vesle jenta, ho og ho med fletter.

Faktaboks

Uttale

n'omen-frase

Etymologi

til nomen og frase

Ein nomenfrase kan mellom anna stå som subjekt eller objekt i ei setninga, som i denne setninga:

  • [Den tynne jenta i raud kjole]subjekt likar [steikt makrell]objekt.

Det står meir om funksjonane lenger nede.

Substantivet eller pronomenet kallar vi hovudet i nomenfrasen, medan tillegga er adledd:

adledd hovud adledd
den vesle jenta med fletter

Her er fleire døme på nomenfrasar, der hovudet står i kursiv:

  • jenta
  • ho
  • den norske jenta
  • jenta med ryggsekk
  • mors jente
  • den tynne jenta med krøllete hår
  • jenta som eg møtte i byen
  • ho som fortalde meg om ulykka
  • stakkars ho

Meir om funksjonane til nomenfrasen

Nomenfrasen kan mellom anna fungere som subjekt eller direkte eller indirekte objekt i ei setning. Den kan òg fungere som styring (også kalt utfylling) til ein preposisjon eller i tiltale.

Her er nokre døme på bruk. Nomenfrasane står i skarpe klammer:

  • Subjekt (S):
    • [Guten]S drog heim.
  • Subjekt (S) og direkte objekt (DO):
    • [Jenta med flettene]S plaga [meg]DO.
  • Subjekt (S), indirekte objekt (IO) og direkte objekt (DO):
    • [Han]S gav [den vesle jenta]IO [ein klem]DO.
  • Subjekt (S) og styring/utfylling (U) til preposisjon:
    • [Han]S bur i [det vesle huset]U.
  • Tiltale (T):
    • [Gamle ven!]

Meir om frasar

Ein frase er eitt eller fleire ord som tener som ei grammatisk eining og som har eit hovud og eventuelle adledd. Mellom andre frasetypar finn vi desse, der hovudet i eksempla står i kursiv:

  • adjektivfrase: redd; veldig redd; kjekk å ha
  • preposisjonsfrase: taket; i den gamle hagen
  • adverbfrase: ofte; ganske ofte

I uttrykket nomenfrase er nomen ei fellesnemning på substantiv og pronomen. Ein frase har alltid namn etter ordklassen til hovudet. Termane substantivfrase (med substantiv som hovud) og pronomenfrase (med pronomen som hovud) blir òg nytta.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg