nordsamisk

Den samiske nasjonalsangen, Sámi soga lávlla, er et dikt skrevet av Isak Saba i 1906. Teksten ble vedtatt som samisk nasjonalsang i 1986, melodien i 1992. Teksten er oversatt fra nordsamisk til de andre samiske språkene og er egnet for å vise forskjellene og likhetene mellom språkene.

Første vers av den samiske nasjonalsangen på fire språk
Utbreiinga til dei ulike samiske språka. Grensene og inndelinga er omtrentlege.
Samiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Nordsamisk er eitt av dei tre offisielle samiske språka i Noreg, saman med lulesamisk og sørsamisk. Om lag 90 prosent av den samisktalande befolkninga snakkar nordsamisk. Det er uvisst kor mange som har nordsamisk som førstespråk, men talet ligg truleg mellom 20 000 og 30 000. Om lag 70 prosent av dei bur i Noreg, 20 prosent i Sverige og 10 prosent i Finland. På UNESCOs liste over trua språk er nordsamisk klassifisert som trua.

Faktaboks

Språkkoder
se, sme (SE, SME)
ISO-639:3
sme

Nordsamisk er offisielt språk i dei norske kommunane Guovdageaidnu/Kautokeino, Kárášjohka/Karasjok, Unjárga/Nesseby, Deatnu/Tana, Porsáŋgu/Porsanki/Porsanger og Gáivuotna/Kåfjord, og i dei finske kommunane Eanodat/Enontekiö/Enontekis, Ohcejohka/Utsjoki/Utsjok, Anár/Inari/Enare og Soađegilli/Sodankylä.

Davvisámegiella tyder 'nordsamisk', men til dagleg blir språket berre kalla sámegiella 'samisk'. Ordet for 'same' er sápmelaš. Noreg, Sverige og Finland heiter høvesvis Norga, Ruoŧŧa og Suopma. På nordsamisk finst det to ord som kan omsetjast til norsk som nordmann: Norggalaš tyder 'norsk statsborgar' og dáža tyder 'etnisk nordmann', i motsetnad til mellom anna sápmelaš 'same', láddelaš 'kven' og mustalaš 'tater'.

Språkfamilie

Det er ni levande samiske språk, som blir delt inn i fem grupper:
Samiske språk i den uralske språkfamilien
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Den uralske språkfamilien har to hovudgreiner, samojedisk og finsk-ugrisk. Finsk-ugrisk har òg to greiner, finsk-permisk og ugrisk. Finsk-permisk har atter to greiner, finsk-volgaisk og permisk. Finsk-volgaisk deler vi i mari (tsjeremissisk), mordvinsk og finsk-samisk, og finsk-samisk deler vi i austersjøfinsk og samisk.

Nordsamisk er eit samisk språk. Den samiske språkgreina har ni levande språk, som blir delte inn i to hovudgrupper: Vestsamisk og austsamisk. Nordsamisk er eit vestsamisk språk, og høyrer til undergruppa sentralsamiske språk saman med pitesamisk og lulesamisk.

Dei fleste samiske språka som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Dei utgjer eit dialektkontinuum, på same måten som til dømes det fastlandsnordiske dialektkontinuumet (nynorsk, bokmål, svensk, dansk) og det austersjøfinske dialektkontinuumet (kvensk, meänkieli, finsk, ingrisk, karelsk, vepsisk, votisk, estisk, sørestisk og livisk). Språk som står lenger frå kvarandre i kontinuumet, er ofte ikkje innbyrdes forståelege.

Språkhistorie

Dei moderne samisk språka stammar alle frå eit einskilt ursamisk språk, som blei talt fram til 800 etter vår tidsrekning. Ein reknar med at ursamisk skilde lag frå ur-finsk-samisk om lag 1000 år før vår tidsrekning.

Den norske presten og språkforskaren Knud Leem (1696–1775) var den første som skildra nordsamisk, med ein grammatikk i 1748 og ordbøker i 1752 og 1768. Fram til Ivar Aasen var nordsamisk i hundre år betre kartlagt enn norsk.

Lenge hadde nordsamisk ulik rettskriving i Noreg, Sverige og Finland, men i 1948 fekk Noreg og Sverige sams rettskriving, og i 1979 alle tre landa.

Den norske regjeringa vedtok i 1879 at «Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog», men dette galdt ikkje for samiske og kvenske born. I 1898 blei det presisert at læraren skulle undervise på norsk. Samisk og kvensk skulle berre nyttast «som Hjælpemiddel til at forklare, hvad der er uforstaaeligt for Børnene» – også når fleirtalet av elevane ikkje forstod norsk. Både før og etter denne tida har skulen vore brukt som ein reiskap i ein offisielle politikk der målet var fornorsking av samane og kvenene. Her må vi òg nemne skuleinternata, der andre språk enn norsk var forbodne. Frå 1900 til 1940 blei det bygd 50 internat i Finnmark. Etter andre verdskrigen tok norsk språkpolitikk andsynes samane til å endre seg. I 1959 blei det tillate å bruke samisk som undervisningsspråk. Frå 1969 kunne samisktalande foreldre krevje samiskundervisning. I 1985 blei det vedteke at born i samiske distrikt skulle få undervisning i eller på samisk.

I 1992 fekk samelova av 12. juni 1987 tilleggsreglar om bruk av samisk språk i Noreg. Lova slår fast at samisk og norsk er likeverdige språk, og innanfor eit nærare definert forvaltningsområde er samisk likestilt med norsk i offentleg samanheng. I mange område utanfor forvaltningsområdet er nordsamisk framleis i ein utsett posisjon. Dette gjeld spesielt i mange sjøsamiske område i Troms og Finnmark og i det markasamiske området i Sør-Troms og Nordre Nordland.

Språksystem

Nordsamisk grammatikk, som grammatikken i andre samiske språk, er prega av eit omfattande bøyingssystem.

Substantiva blir bøygde i seks kasus (nominativ, akkusativ/genitiv, illativ, lokativ, komitativ og essiv) og to tal (eintal og fleirtal). Pronomena blir bøygde i seks kasus og tre tal (eintal, total og tretal). Verba blir bøygde i tempus, modus, person og tal.

Eit særdrag ved samiske og fleire andre finsk-ugriske språk er at ordet som tyder 'ikkje' er eit verb, som blir bøygd i person og tal. 'Eg veit ikkje' heiter in dieđe, der in tyder 'eg ikkje' og dieðe tyder 'veit' og 'du veit ikkje' heiter it dieđe.

Nordsamisk har berre eitt pronomen i 3. person eintal, nemleg son, som tyder både 'ho', 'han' og 'det'.

Eit typisk drag ved nordsamisk – og andre samiske språk bortsett frå sørsamisk – er stadievekslinga, ei konsonantveksling mellom første og andre staving ved bøying og avleiing, jamfør nominativ eintal guolli 'fisk' og giehta 'hand' med akkusativ/genitiv eintal guoli 'fisk' og gieða 'hand' eller verbformene boaðán 'eg kjem' og boahtá 'ho/han/det kjem'.

Alfabet

I nordsamisk blir vokalane skrivne a, á, e, i, o, u, diftongane ea, ie, oa, uo. Samisk har fleire konsonantlydar enn det finst ordinære bokstavar i det latinske alfabetet. Difor blir nokre konsonanter skrivne som kombinasjonar av bokstavar eller med diakritiske teikn: č [tʃ], đ [ð], ŋ, š [ʃ], ŧ [θ], ž [dʒ].

Nordsamisk bruker følgjande bokstavar i tillegg til det vanlege latinske alfabetet: Áá Čč Đđ Ŋŋ Šš Ŧŧ Žž.

Bokstavar og uttale i nordsamisk som skil seg frå norsk:

Bokstav Typisk uttale på norsk
á som æ
c som ts
č som tsj
đ som th i engelsk that
h som h også etter vokal (johka)
i normalt som i, men som j hvis etter vokal
ŋ som ng i sang
o som å
š som sj
ŧ som th i engelsk thing
u som o i Oslo
z som ds
ž som dsj

Lånord

Medan nordsamisk har lånt store mengder ord frå nordisk gjennom eit par tusen år, har norsk (og svensk) lånt få ord frå nordsamisk, og berre ord som er knytte til samisk kultur. Her er nokre døme:

  • pesk 'kufte av reinskinn' frå nordamisk beaska
  • pulk 'båtforma slede til køyrerein' frå nordsamisk bulki
  • lavvo/lavvu 'tradisjonelt samisk telt' frå nordsamisk lávvu
  • kåte 'gamme (mindre hustype med vegger av jord el. torv, særleg brukt av samar)' frå nordsamisk goahti
  • vappus 'kjentmann', 'los' frå nordsamisk oahpis

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg