Vokalfirkanten er eit slags grovt kart over munnhola og viser kvar i munnen og korleis dei ulike vokalane vert artikulerte.
Vokalar er stemde språklydar. Det vil seia at stemmebanda vibrerer når ein uttalar ein vokal. I tillegg er vokalar lydar ein kan syngja på, for luftstraumen møter ingen hindringar på vegen ut.
I det norske språket er ni vokalar (vokalfonem) det vanlege: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Det finst dialektar her i landet som har fleire vokalar enn desse ni.
Viktig å skilja mellom fonetisk og fonologisk nivå, og mellom ortografi (for eksempel <å>) og fonetikk/fonologi (/o/, [ɔ], [o]).
Tungestillinga under artikulasjonen av ein lyd kan teoretisk variera i det endelause i horisontal og vertikal lei. Det er likevel vanleg å dela inn vokalane i tre stillingar horisontalt: fremre, midtre og bakre, og i fire nivå vertikalt: trong, halvtrong, halvopen og open (for den vertikale plasseringa i firkanten kan ein stundom finna nemningane høg, mellomhøg, mellomlåg og låg i litteraturen). Når ein skal klassifisera vokalane i dei fleste norske dialektane, treng ein likevel berre ei tredeling i kvar lei.
Inndelinga av vokalane bli då slik:
- ei horisontal inndeling i fremre (i, e, æ, y, ø), midtre (u, ə, a) og bakre (å, o) vokalar
- ei vertikal inndeling i tronge (i, y, u), halvtronge eller halvopne (e, ø, o) og opne (æ, a, å)
Vokalar som er tronge, vert artikulerte med tunga høgt i munnhola, medan vokalar som er opne eller låge, vert artikulerte med tunga langt nede. Vokalar som er bakre, vert artikulerte ved å trekkja tunga bakover i munnhola, medan dei fremre vert artikulerte ved at ein skyv tunga framover. Plasseringa av vokalteikna i vokalfirkanten fortel om kvar det er minst avstand mellom den langsgåande midtlinja av tunga og munntaket under uttalen av dei einskilde lydane.
Kommentarar (2)
skreiv Tor-Ivar Krogsæter
Kva gjeld schwa, er det så vidt eg veit eit fonem som ikkje er til stades i like stor grad i alle dialektar. (Eg skulle gjerne ville seie at han ikkje er i bruk i «breiare» dialektar, slik som min eigen, men det vil vere ein litt for bastant påstand til at eg kan gå god for han). I alle høve har eg forstått det slik at han er vanlegare til dømes i områda rundt Oslo og sørvestover, via Sørlandet og vidare opp mot bergenstraktane. Han forten kanskje litt meir detaljert forklaring enn kva han har no.
svarte Martin Skjekkeland
Hei!
Eg har nå skrive inn i artikkelen noko av det du nemner om vokalen schwa. Det er nokså vanskeleg å trekkja grensene for utbreiinga av denne vokalen i norske dialekter.
Mange takk for kommentaren!
Helsing
Martin Skjekkeland
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.