Finsk-ugriske språk er ei gruppe på nærmare 30 språk som i lag med dei samojediske språka utgjer den uralske språkfamilien.

Klassifikasjon

Dei finsk-ugriske språka blir tradisjonelt delte i finsk-permiske og ugriske språk, som vist nedanfor. Nokre forskarar har nyleg sett spørsmålsteikn ved denne todelinga. I oversynet nedanfor står det i parentes kva land språka blir tala i, og om lag kor mange som snakkar dei. Nokre av språka har svært få talarar og er truleg i ferd med å døy ut.

Finsk-permiske språk

Desse språka blir tala i det nordlege Europa, frå Atlanterhavskysten i Skandinavia til Uralfjella i Russland.

1. Samiske språk

2. Austersjøfinske språk

  • finsk (Finland og tilgrensande område, 5 millionar)
  • ludisk (Russland, 3000)
  • kvensk (Noreg, 2000–8000)
  • meänkieli (tornedalsfinsk) (Sverige og Finland, 40 000–70 000)
  • estisk (Estland og tilgrensande område, 1 million)
  • karelsk (Finland og Russland, 30 000)
  • vepsisk (Russland, 5000)
  • votisk (Russland, 20)
  • ingrisk (Russland, 200)
  • livvisk (olonetsisk) (Finland og Russland, 25 000)
  • livisk (Latvia, utdøytt sidan 2013, men revitalisering pågår)

3. Mordvinske språk

  • erzia (Russland, 400 000)
  • moksja (Russland, 200 000)

4. Mari (tsjeremissisk)

  • vestmari (Russland, 30 000)
  • austmari (Russland, 470 000)

5. Permiske språk

  • udmurt (votjakisk) (Russland, 450 000)
  • komi (Russland, permjakisk 80 000, komi 220 000)

Ugriske språk

Desse språka blir snakka i Mellom-Europa (ungarsk) og det nordvestlege Sibir (Ob-ugrisk).

1. Vestugrisk

  • ungarsk (Ungarn og tilgrensande område, 14 millionar)

2. Ob-ugriske språk

  • hanti (ostjakisk) (Russland/Sibir, 13 000)
  • mansi (vogulsk) (Russland/Sibir, 2500)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg