Allativ er ein grammatisk kasus som tyder 'til', når det er snakk om retninga mot overflata av noko eller ved noko, i motsetning til retninga inn i noko. Jamfør finsk pöydälle 'opp på bordet', som er allativ av pöytä 'bord'.

Faktaboks

Uttale
ˈallativ

Allativ finst i fleire uralske språk, mellom anna i dei austersjøfinske språka (mellom anna finsk, kvensk, estisk) og ungarsk.

Allativ i finsk

I finsk blir allativ uttrykt med suffikset -lle, som i pöydälle 'opp på bordet' – eller meir presist 'til på bordet'. I finsk grammatikk blir allativ kalla eit ytre tilstadskasus, og står i motsetnad til adessiv (ytre påstadskasus) og ablativ (ytre fråstadskasus), som illustrert i desse eksempla, med substantivet pöytä 'bord' (stamma er pöydä- føre mange kasus-suffiks):

  • Allativ: pöydälle 'opp på bordet'
  • Adessiv: pöydällä 'på bordet'
  • Ablativ: pöydältä 'frå bordet'

Dei tre ytre kasusa står i motsetnad til tre indre kasus, illativ (indre tilstadskasus), inessiv (indre påstadskasus) og elativ (indre fråstadskasus), som i desse eksempla, der talo tyder 'hus':

  • Illativ: taloon 'inn i huset'
  • Inessiv: talossa 'i huset'
  • Elativ: talosta 'ut av huset'

Desse tre setningane viser den grunnleggjande skilnaden på allativ, adessiv og ablativ, illustrert med substantivet lattia 'golv':

  • Allativ: Kirja putosi lattialle 'Boka (kirja) datt (putosi) på golvet (lattialle)'
  • Adessiv: Matto on lattialla 'Matta (matto) er (on) på golvet (lattialla)'
  • Ablativ: Otatko maton lattialta? 'Tek du (otatko) matta (maton) frå golvet (lattialta)?'

Allativ i ungarsk

Ungarsk har som finsk eit sett med ytre og indre til-, på- og frå-stadskasus, som kan illustrerast for å vise bruken av allativ i høve til dei fem andre, med substantiva asztal 'bord' og kéz 'hus':

  • Allativ: asztalra 'opp på bordet'
  • Adessiv: asztalon 'på bordet'
  • Ablativ: asztalról 'frå bordet'
  • Illativ: kézbe 'inn i huset'
  • Inessiv: kézben 'i huset'
  • Elativ: kézből 'ut av huset'

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg