samojediske språk

Artikkelstart

Samojediske språk er ei språkgruppe som saman med dei finsk-ugriske språka utgjer den uralske språkfamilien. Samojediske språk blir snakka i små språksamfunn i det nordlege Russland mellom Barentshavet i vest og Tajmyr-halvøya i aust.

Faktaboks

Uttale
samojˈediske språk

Det finst fire levande samojediske språk, og i tillegg kjenner vi til tre utdøydde:

  1. nganasansk, 130 talarar av ei etnisk gruppe på 860
  2. enetsisk, 40 talarar av ei etnisk gruppe på 230
  3. juratsisk, utdøytt sidan tidleg på 1800-talet
  4. nenetsisk, 21 900 talarar av ei etnisk gruppe på 44 600
  5. selkupisk, 1 020 talarar av ei etnisk gruppe på 3 900
  6. kamasisk, utdøytt sidan 1989
  7. matorisk, utdøytt sidan 1839

Det har vore vanleg å dele dei samojediske språka i ei nordleg grein (nganasansk, enetsisk, juratsisk, nenetsisk) og ei sørleg grein (selkupisk, kamasisk, matorisk), men etter kvart som kunnskapen om desse språka har auka, har ein gått bort ifrå denne todelinga. I staden ser det ut til at dei sju språka utgjer eit kontinuum, frå nganasansk til matorisk, med rekkjefølgja i lista ovanfor.

Dei samojediske språka står relativt nær kvarandre, og ein reknar med at ursamojedisk berre ligg 2000 år tilbake i tid.

Struktur

Leddstilling i setninga

I alle dei levande samojediske språka er SOV den vanlege leddstillinga i ei setning; det inneber at subjektet (S) kjem først, verbalet (V) kjem sist, og objektet (O) og andre ledd står mellom subjektet og verbalet. Her er eit eksempel frå nenetsisk, med tydinga 'Mannen gav kona si eit reinsdyr':

subjekt indirekte objekt indirekte objekt verbal
хасава нехнта тим миӈ"а
xasawa nʲexnta tim mʲiŋqa
mann kona si reinsdyr gav

Det indirekte objektet нехнта nʲexnta 'kona si' har suffikset -xnta, som uttrykkjer kasusen dativ og den possessive tydinga 'hennar/hans/si'. Det direkte objektet тим tim 'reinsdyr' har akkusativsuffikset -м -m, eit konservativt drag som dei samojediske språka deler med to finsk-ugriske språk – marisk og sørsamisk.

Nomenfrasen

I ein nomenfrase står normalt alle adledd (som determinativ, talord, adjektiv og relativsetningar) føre hovudet (normalt eit substantiv), og adledda kongruerer med hovudet i kasus og tal.

Ein reknar med at ursamojedisk hadde åtte kasus (nominativ, akkusativ, genitiv, dativ, lokativ, ablativ, prosekutiv og prolativ), og desse finst i dei moderne språka, til dels med nokre ekstra kasus, som komitativ. Dei har tre tal: eintal (singularis), total (dualis) og fleirtal (pluralis).

Verbet

Finitte verbformer blir bøygde i subjekt- og objektkongruens, tempus og modus. Samojediske språk er uvanleg rike på modus. Til dømes har nenetsisk 15 og nganasansk 12 modusar.

Dei infinitte verbformene er infinitiv og partisipp.

Med unnatak av selkupisk har alle moderne samojediske språk halde ved lag frå ur-uralsk ei nektande hjelpeverb, nett som mellom anna i samisk og austersjøfinsk. Her er eit eksempel frå nganasansk som tyder 'Eg kjem ikkje tilbake':

  • ŋonǝiʔ nʲiʔǝm tuʔ
  • tilbake eg-ikkje kome

Nʲiʔǝm er det nektande hjelpeverbet, som har denne strukturen:

  1. verbstamma nʲi-, som tyder 'ikkje'
  2. suffikset -ʔǝ, som uttrykkjer 'presens'
  3. suffikset -m, som uttrykkjer 'eg' (1. person eintal)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg