Inessiv er i grammatikken ein kasus som fortel at noko er inni noko anna — det vi på norsk uttrykkjer med preposisjonen i. I den finske setninga Lehmä on navetassa 'kua er i fjøset' tyder navetassa 'i fjøset' og suffikset -ssa er eit inessiv-suffiks.

Faktaboks

Uttale
ˈinessiv
Etymologi
av latin inesse ‘vere i’

Ein kasus med namnet inessiv finst mellom anna i fleire finsk-ugriske språk og i baskisk.

Inessiv i finsk-ugrisk

Inessiv i finsk

Her er finske eksempel som viser kva for andre lokale kasus inessiv står i motsetnad til:

  • illativ: taloon 'inn i huset' (inn i det indre av noko)
  • inessiv: talossa 'i huset' (i det indre av noko)
  • elativ: talosta 'ut av huset' (ut av det indre av noko)

Illativ, inessiv og elativ blir kalla indre kasus og står i motsetnad til tre ytre kasus:

  • allativ: pöydälle 'opp på bordet' (til overflata av noko)
  • adessiv: pöydällä 'på bordet' (på overflata av noko)
  • ablativ: pöydälle 'frå bordet' (frå overflata av noko)

Inessiv i sørsamisk

Det sørsamiske substantivet gåetie 'hus' heiter gåetesne 'i huset' i inessiv eintal og gåetine eller göötine 'i husa' i inessiv fleirtal. Denne setninga tyder 'Sigrid er i huset' eller 'Sigrid er heime':

Sagka gåetesne
Sigrid i huset / heime

Men sørsamisk inessiv har ei vidare tyding og blir også brukt med tydinga til den norske preposisjonen på. Substantivet rudtje 'rygg' heiter rudtjesne i inessiv eintal og tyder 'på ryggen'. Denne setninga tyder 'Mor ber barnet på ryggen':

Tjidtjie maanam rudtjesne guadta
mor barn på ryggen ber

Sørsamisk inessiv (i/påstadskasus) står i motsetnad til illativ (tilstadskasus) og elativ (fråstadskasus):

  • nominativ: vaerie 'fjell'
  • illativ: vaaran 'til fjellet'
  • inessiv: vaeresne 'på fjellet'
  • elativ: vaereste 'frå fjellet'

Det same skiljet mellom illativ, inessiv og elativ har umesamisk, pitesamisk og lulesamisk, mens inessiv og elativ har falle saman i nordsamisk:

  • nominativ: várri 'fjell'
  • illativ: várrái 'til fjellet'
  • lokativ (før kalla inessiv/elativ): váris 'på fjellet, frå fjellet'

I motsetnad til finsk (sjå ovanfor) skil ikkje sørsamisk og andre samiske språk mellom indre og ytre kasus.

Inessiv i baskisk

Akkurat som sørsamisk har basisk ein tilstadskasus, ein i/påstadskasus og ein fråstadskasus, men til dels med andre namn. I/påstadskasusen blir kalla inessiv, mens tilstadskasusen og fråstadskasusen blir kalla høvesvis allativ og ablativ:

  • absolutiv: hondartza 'stranda', trena 'toget'
  • allativ: hondartzara 'til stranda', trenera 'til toget'
  • inessiv: hondartzan 'på stranda', trenean 'i/på toget'
  • ablativ: hondartzatik 'frå stranda', trenetik 'frå toget'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg