Suffiks er ein orddel (ein morf) som blir lagt til på slutten av eit ord, ei stamme eller ei rot, og som ikkje sjølv er eit ord, ei stamme eller ei rot.

Faktaboks

Uttale
suffˈiks
Etymologi
av sub- og latin ‘festa’
Også kjend som

etterledd, ending

Døme avleiingssuffikset -skap i ordet venskap eller bøyingssuffikset -er i ordet kvinner.

  • Avleiingssuffiks dannar nye ord, som -heit i godheit, -leg i venleg eller -ne i gulne.
  • Bøyingssuffiks indikerer ei bøyingsform av ordet, som -en i guten, -r i køyrer eller -e i gule.

Ei samnemning for det som eit suffiks kan leggjast til, er base. Med ein base meiner vi først og fremst eit ord, ei stamme eller ei rot.

Suffiks er ein type affiks. Andre vanlege typar affiks er prefiks, som blir lagt til føre ein base og infiks, som blir lagt til inni ein base, primært inni ei rot.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg