Folkeavstemming, også kalla referendum, er avstemming blant alle borgarar med stemmerett om eit nærare avgrensa politisk spørsmål. Folkeavstemming er eit demokratisk styringsprinsipp som skal sikre at avstanden ikkje vert for stor mellom folkeviljen og dei styrande. Folkeavstemmingar kan haldast på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.
Alle folkeavstemmingar verkar retningsgivande for dei politiske organa. Skiljet mellom avgjerande og rådgivande folkeavstemming er derfor meir formelt enn reelt, i alle fall når det gjeld landsomfattande folkeavstemmingar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.