Haakon Magnus

Faktaboks

Haakon Magnus
Født
20. juli 1973, Oslo
Kronprins Haakon, 2016
Av /Det kongelige hoff.

Kronprins Haakon Magnus og Kronprinsesse Mette-Marit i august 2001.

.
Lisens: fri

Artikkelstart

Haakon Magnus er kronprins i Noreg. Han er gift med kronprinsesse Mette-Marit. Kronprins Haakon Magnus har engasjert seg i internasjonale spørsmål og har vore oppteken av å tilpasse den kongelege rolla til si tid.

Familie og slektskap

Haakon Magnus er einaste son av kong Harald 5 og dronning Sonja, som var kronprinspar då Haakon Magnus blei fødd. Dei gjorde kjent at arveprinsen til dagleg skulle bruke namnet Haakon. Haakon blei kronprins i 1991, då bestefaren kong Olav 5 døydde.

Kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby gifta seg 25. august 2001. Saman har dei borna prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus. Kronprinsesse Mette-Marit har ein son frå eit tidlegare forhold, Marius Borg Høiby, som har vakse opp saman med prinseborna.

Kronprins Haakon er den tredje i arverekkja etter kong Haakon 7 og høyrer til fyrstehuset Glücksborg, ei sidegrein av kongeslekta Oldenborg av Danmark-Noreg. Han har ei to år eldre syster, prinsesse Märtha Louise. Begge voks opp på storgarden og kronprinsboligen Skaugum i Asker i Akershus (no Viken), der kronprinsfamilien bur i dag.

Utdanning

Kronprins Haakon har både ei militær og ei sivil utdanning. Grunnskule og vidaregåande skule tok han på Smestad skole og Kristelig Gymnasium i Oslo. Offisersutdanninga tok han i Marinen, og han tok eksamen ved Sjøkrigsskolen i Bergen i 1995. Praksisåret etterpå tok han på eit større marinefarty, der han var nestkommanderande.

Hausten 1996 reiste han til USA for å studere ved University of California, Berkeley, der han tok ein Bachelor of Arts-eksamen (BA) i statsvitskap våren 1999. Hausten same året blei han immatrikulert ved Universitetet i Oslo, der han følgde førelesingar i statsvitskap og jus. Etter det tok han eit år på Utanriksdepartementet sitt aspirantkurs, før han reiste til London, der han tok ein mastergrad i utviklingsstudiar ved London School of Economics and Political Science. Han spesialiserte seg i bistand og internasjonal handel.

Kronprins Haakon har sjølv fortalt at han var i tvil om det militære var noko for han. Han hadde prinsipielle motførestillingar til det å ta liv. Han drøfta dette med faren, kong Harald. Tvilen blei svekt medan han gjekk befalsskulen og krigsskulen, og han har eit positivt syn på forsvar og militærteneste i dag. Som kronprins er han general i Hæren og Luftforsvaret, og admiral i Sjøforsvaret.

Internasjonalt arbeid

Haakon har ved mange høve gitt uttrykk for at han kunne tenkje seg å arbeide med oppgåver utanfor det kongelege og konstitusjonelle. Han er sterkt interessert i internasjonale utviklingsspørsmål, særleg i miljø og klima. Hausten 2003 blei han utnemnd til goodwillambassadør for FNs utviklingsprogram UNDP, som har gitt han høve til å reise i ei rekkje land i Afrika og Asia for å fremje tiltak i samsvar med FNs tusenårsmål.

Han var òg aktiv i nettverket Young Global Leaders frå 2005 til 2010. Han leidde nettverket sitt arbeid med World Economic Forums Global Redesign Initiativ i 2009–2010. I 2006 var han med og grunnla Global Dignity Day, saman med amerikanaren John Bryant og finnen Pekka Himanen. Kronprins Haakon har vore ein aktiv deltakar på Dignity Day-arrangement ved norske skular. Føremålet med Global Dignity Day er å bevisstgjere ungdom på kva respekt er, og utruste dei med kunnskap og haldningar slik at dei kan bruke respekt som det styrande prinsippet for det dei gjer. Eit viktig mål er å motarbeide mobbing og diskriminering. Global Dignity Day kan knytast til mål i undervisninga. Mange skular integrerer òg Global Dignity Day i arbeidet for å betre det psykososiale miljøet til elevane.

I lære for å bli konge

Stortinget endra Grunnlova i 1990 slik at kvinner og menn har lik arverett til trona, men det skulle ikkje ha tilbakeverkande kraft og kunne difor ikkje gjelde borna til kong Harald. Haakon er difor tronarving sjølv om systra prinsesse Märtha Louise er eldst. Haakon Magnus har gått i lære hos faren og farfaren, kong Olav, for å få innblikk i kva kongerolla inneber. Kronprinsen var oppteken av at han ikkje berre skulle arva rolla, men at han verkeleg ønskte å vere tronarving og framtidig konge.

I studietida ved Universitetet i Oslo diskuterte han halvoffentleg styreforma ved fleire høve og synte at han hadde ei reflektert haldning til spørsmålet om republikk eller monarki. Han kjende det slik at han sette monarkiet i fare då han gifta seg med den ikkje-kongelege Mette-Marit, som hadde vore aktiv i eit spesielt festmiljø. Mellom anna fekk ho eit barn utanom ekteskap. Kronprinsen sjølv brukte omgrepet «utagerande» om ungdomstida hennar. Dette blei eit tema i den offentlege samtalen.

Om rolla som kongeleg har Haakon sagt at det er meir enn ein jobb, «det er jo eit heilt liv». I eit intervju sa han om den kongelege oppgåva at han først og fremst måtte prøve å skape ein mest mogleg positiv situasjon for Noreg og verda. Så fekk monarkiet kome i andre rekkje og han sjølv i tredje.

Kronprins Haakon har møtt i statsråd sidan han blei myndig i 1991, og har leidd statsrådet som regent ved ei rekkje høve. Då kong Harald blei operert for kreft i november 2003 og fekk ein lang rekonvalesens, heldt Haakon òg den tradisjonelle nyttårstalen i radio og fjernsyn. Saman med kronprinsesse Mette-Marit reiser han på turar til nye fylke kvart år. Dei to har fleire gonger òg vore vertskap på Skaugum for ulike sosiale grupper.

Kronprins Haakon har synt at han ønskjer å tilpasse den kongelege rolla til si tid. Han gifta seg utanfor dei kongelege rekkjene då han gifta seg med Mette-Marit Tjessem Høiby, som då var einsleg mor, og budde saman med henne i eit vanleg husvære i småborgarlege omgivnader midt i Oslo utan å vere gift. Familien reiser til dømes på campingferie til Danmark og kjøper pizza på pizzabar. Men som far har han sendt borna sine til ein privat skule. Han har hytte både på fjellet og på Sørlandet, der familien ønskjer å kunne trekkje seg tilbake frå offentleg merksemd. Når rolla krev det er han både formell og verdig, slik ein ventar av ein potensiell konge.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fredrik Wandrup: Haakon. Et portrett av kronprinsen som ung mann. Oslo 1998

Kommentarer (1)

skrev Nils Dannemark

I artikkelen om kronprins Haakon står det at han tok examen artium i 1992. I artikkelen om examen artium står "studenteksamen, avgangsprøven i gymnaset. Ved gjennomføringen av lov om videregående opplæring av 1974 falt betegnelsen examen artium bort. Vitnemål ble siste gang utskrevet i 1982. Det ble avløst av vitnemål fra videregående skole, studieretning for allmenne fag, og fra 1997 av vitnemål fra videregående opplæring, studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag". Kronprinsen har altså ikkje tatt examen artium, men eksamen frå vidaregåande skole, studieretning for allmenne fag.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg