Krigen mot Sverige i 1814
Kart over områda der det gjekk føre seg krigshandlingar under 1814-krigen. Datoar for trefningar og slag står på kartet, det same gjer namna på dei leiande offiserane – norske med grøn skrift og svenske med raud.
Krigen mot Sverige i 1814
Av .
Mossekonvensjonen
Mossekonvensjonen blei underskriven av dei svenske forhandlarane A.F. Skjöldebrand og M. Björnstjerna og dei norske statsrådane Jonas Collett og Niels Aall (dei fire øvste underskriftene, med segl under). Avtalen blei ratifisert av kronprins (seinare konge) Karl Johan. Heile dokumentet er skrive på fransk, difor bruker Karl Johan namneforma Charles Jean (underskrifta over det nedste seglet).
Av /Stortingsarkivet.
Lisens: CC BY ND 2.0
Norske soldatar i 1814

Skarpskyttarar og dragon i 1814.

Norske soldatar i 1814
Av .

Krigen i 1814 blei utkjempa mellom Noreg og Sverige frå 26. juli til 14. august 1814. Krigen enda med at Noreg gjekk inn i ein personalunion med Sverige.

Faktaboks

Også kjend som

den norsk-svenske krigen, den svensk-norske krigen, 1814-krigen, sommarkrigen, den vesle krigen

i Sverige kalla fälttåget mot Norge eller norska fälttåget

Bakgrunnen for krigen var at Danmark måtte avstå Noreg til Sverige då Kielfreden blei underteikna i januar 1814. Grunnen var at Danmark-Noreg var på den tapande sida i napoleonskrigane. Den danske prinsen Christian Frederik, som var norsk statthaldar, og nordmennene var likevel lite interesserte i å bli innlemma i Sverige. I løpet av nokre hektiske vårmånader skaffa Noreg seg ei ny grunnlov og valde den danske prinsen til norsk konge under riksforsamlinga på Eidsvoll. I nokre månader var Noreg ein heilt sjølvstendig stat med eigen konge.

Prinsen av Sverige – Karl Johan – vende styrkane sine mot Noreg sommaren 1814 for å ta Noreg, som ifølgje Kieltraktaten rettmessig tilhøyrde riket hans. Svenske soldatar rykte inn i Noreg i slutten av juli. Krigen blei kort, og Noreg tapte på slagmarka. Fredsforhandlingane gjekk føre seg i Moss, der ein fredsavtale (Mossekonvensjonen) blei inngått 14. august. Der blei unionen med Sverige godkjend av den norske regjeringa og Christian Frederik (som formelt abdiserte 10. oktober). Sjølv om Noreg tapte krigen og måtte gå inn i unionen med Sverige, fekk Noreg behalda grunnlova og ganske stor fridom innanfor unionen. Unionen med Sverige varte fram til unionsoppløysinga i 1905.

Bakgrunn

Christian Frederik

Noreg ville ikkje akseptere Kieltraktaten i januar 1814, som bestemte at Noreg skulle bli ein del av Sverige. Christian Frederik blei vald til konge under riksforsamlinga på Eidsvoll i mai, men den svenske kronprinsen Karl Johan gjekk til krig i juli.

Av .

Karl Johan blir svensk kronprins

Karl Johan

Karl Johan vende styrkane sine mot Noreg sommaren 1814 for å ta Noreg, som ifølgje Kieltraktaten rettmessig høyrde til riket hans. Svenske soldatar rykte inn i Noreg i slutten av juli. Karl Johan måla av François Gérard, cirka 1811.

Av .

Etter at Christian August døydde i 1810 fall valet av nytt svensk kronprinsemne på prinsen av Ponte Corvo, marskalk Jean Baptiste Bernadotte, ein av Napoleons fremste generalar. Bernadotte ønskte å bli både kronprins og seinare svensk konge etter den senile Karl 13, og tok namnet Karl Johan. Han lova å dekkja den svenske statsgjelda med sin personlege formue og å konvertera frå katolisisme til protestantisme. At han berre to år tidlegare på Jylland hadde leidd ein spansk armé som venta på å angripa Sverige, var gløymd.

Napoleonskrigane

Svenskane trong ein handlekraftig ny leiar og håpa nok også at Karl Johan kunne ta tilbake Finland, som hadde gått tapt til russarane i 1809. I 1810 var Russland og Frankrike allierte, men Karl Johan visste at Napoleon var lite fornøgd med sin russiske allierte, og at han ville gå til krig i nær framtid. Ein krig opna nye perspektiv. Ved å alliera seg med Frankrikes fiendar ville Karl Johan få ryggdekning for den nye planen sin: å ta Noreg frå Danmark. Karl Johan lova russarane at dei skulle få behalda Finland berre dei ville støtta erobringa av Noreg. I 1812 kom krigen, slik Karl Johan hadde føresett, og i 1813 deltok svenske troppar i koalisjonen mot Napoleon. Koalisjonen bestod av Storbritannia, Preussen, Russland og Austerrike.

I januar 1814 slo Karl Johan danske styrkar i Nord-Tyskland og tvinga danskekongen Frederik 6. til å avstå Noreg ved freden i Kiel. Nyheita om Kieltraktaten nådde Noreg og statthaldaren Christian Frederik, som var fetter og tronfølgjar til kong Frederik 6. Christian Frederik vedtok å gjera opprør. Resten av tida fram til 17. mai er stornorsk historie med GrunnlovaEidsvoll som høgdepunkt. 17. mai 1814 var Grunnlova vedteken, og statthaldar Christian Frederik blei vald til konge i eit sjølvstendig Noreg. Jubelrop og nye store ord følgde, men realitetane var dystre. Det nye og sjølvstendige Noreg fekk inga støtte frå korkje Russland, Storbritannia, Preussen eller Austerrike.

Karl Johans krigsplanar

Karl Johan var tilbake i Sverige 29. mai 1814. No skulle Noreg få angra opprøret mot Kieltraktaten og det ulovlege kongevalet – det militære oppgjeret stod for døra. Sverige ville vinna, med heile Europa bak seg. Karl Johan var ein forsiktig general. Han ville ha ein overlegen og rask siger over dei loslitne norske styrkane, og han planla å bruka alle middel han disponerte. Det var fleire måtar å erobra Noreg på:

  1. ved å angripa Trondheim
  2. ved å angripa Christiania frå Värmland
  3. ved å angripa Christiania sørfrå, der han visste at dei norske styrkane var konsentrerte

Det siste alternativet blei valt. For å gjennomføra planen måtte først Hvaler-øyane setjast ut av militær funksjon. Hvaler-området var strategisk viktig av fleire grunnar. Ikkje minst låg det nær Strömstad og Dynekilen. Dessutan verna øyane innseglinga til Iddefjorden og den sterke Fredriksten festning. Hvaler-øyane verna også munningen av Glomma og dimed Glomma-linja, den naturlege forsvarslinja mot aust for nordmennene. I tillegg skulle Hvaler-øyane vera ein framskoten forsvarsbase for Fredrikstad festning.

Soldatane

Den samla svenske styrken var på 45 000 mann mot nordmennene sine 25 000. Svenskane var vel utrusta med uniformer, mat og drikke, og ikkje minst kanonar og krut. Nordmennene var på si side verre stilte. Mangelen på kraftige feltkanonar var prekær. Dei fleste var av typen amusettar, eittpunds skyts som brukte små, runde kanonkuler som soldatane kunne ha i lomma. Den norske soldatforpleiinga var heller ikkje god. Kosten var harsk sild eller tørrfisk og dårleg steikt rugbrød. Også mangelen på vatn var merkbar. Fleire soldatar fortalde etter krigen at dei hadde måtta drikka myrvatn med rumpetroll i. Fråværet av skikkeleg krut var nok det alvorlegaste. Dårleg krut hadde plaga det norske forsvaret heilt frå 1807, då Danmark-Noreg gjekk inn i napoleonskrigane. Det dårlege krutet påverka og reduserte skotvidda på muskettar og kanonar ned mot halvparten av den svenske skotrekkjevidda.

Noregs forsvar bestod sommaren 1814 av til saman 25 000 mann, delvis dårleg utrusta og med utbreidd mangel på kamperfaring. Forsvaret baserte seg på Hvaler-øyane og på utplasserte hæravdelingar på kvar side av Christianiafjorden. Som tryggleik mot eit svensk angrep – ikkje mot Hvaler, men mot vestsida av fjorden – blei dei norske sjøgåande fartøya plasserte i området TjømeFredriksvern. Noreg hadde i 1814 ingen linjeskip eller fregattar, berre orlogsbriggar. Desse briggane kan samanliknast med små fregattar. Dei var om lag 29 meter lange, hadde eit deplasement på omtrent 330 tonn, eit mannskap på 100 og eit skyts på 18 18-punds kanonar, litt under halvparten av skytset på ein fregatt.

Den svenske flåten bestod av fire linjeskip, tre fregattar, tolv kanonskonnertar og 50 kanonsjaluppar. Kanonsjaluppane var ikkje reine kampfartøy. Dei stod under hæren og hadde om bord 4000 soldatar som skulle brukast til landgang. Den svenske hærens Armékorps I blei leidd av feltmarskalk Frederik von Essen. Det bestod av svenske soldatar i reservehæren og talde i alt 20 000 mann fordelte på 35 infanteribataljonar, fem eskadronar og 67 kanonar i artilleriet. Armékorps II blei leidd av Karl Johan sjølv og bestod av soldatane han hadde leidd i krigen i Tyskland. Dette var 21 000 mann fordelte på 20 bataljonar, 13 eskadronar og 50 kanonar feltartilleri og skulle vera eliten til svenskane.

Krigen

Hvaler, Fredrikstad og Halden

Angrepet på Fredrikstad
Det svenske angrepet på Fredrikstad i 1814. 4. august kapitulerte Fredrikstad festning.

Det svenske angrepet blei sett i verk om morgonen 26. juli. Dei første sjøstyrkane gjekk ut frå Strömstad med eitt klart mål – Hvaler-øyane, der dei også var venta. Den norske kommandørkapteinen Thomas Fasting hadde 33 kanonsjaluppar og sju kanonjoller til rådvelde. Desse var utplasserte i Skjærhalden og Helleskilen på Kirkøy, ved Røed og Negården på Søndre Sandøy og i Gravingsundet på Nordre Sandøy. I tillegg var det montert provisoriske landbatteri på desse tre øyane og på Arisholmen.

Det første svenske angrepet blei hindra av regn og vindstille forhold, og først dagen etter hadde svenskane nådd Sekken utanfor munningen av Dynekilen. No openberra omfanget av den svenske sjøstyrken seg under leiing av generaladmiral Johan af Puke. Synet av den overveldande svenske styrken fekk den norske Hvaler-sjefen, kommandørkaptein Fasting, til å forstå at her hadde dei alt å tapa ved å ta opp kampen. Dessutan hadde han fått ordre av kong Christian Frederiks adjutant om at roflotiljen ikkje måtte bli utsett for risiko. Fasting vedtok å trekkja seg nordover mellom Hvaler-øyane for deretter å setja kursen vestover, tvers over Christianiafjorden mot førebels tryggleik ved Vallø.

Svenskane oppdaga snart at kanonbåtane ved Hvaler hadde sloppe unna. Dette ergra kronprins Karl Johan sterkt. Ønsket hans var å setja den norske roflotiljen ut av stand til å gjera militær motstand. Men oppgivinga av Hvaler hadde ein stor fordel sett med svenske auge. No låg vegen til Fredrikstad vidopen, og det same gjaldt vegen over Svinesund og tilkomsten til Fredriksten. 28. juli hadde svenske sjøstridskrefter trengt seg fram til Fredrikstad. Det norske landforsvaret av Kråkerøy, sør for festningsbyen, blei oppgitt. Alt var klart for eit svensk angrep på byen og festninga.

Den svenske hæren, med ein hovudstyrke på to armékorps, hadde enno ikkje rørt på seg. Nordmennene var utan sikker etterretning om kvar det svenske angrepet ville koma frå. Det kunne koma mot Ørje og utvikla seg direkte mot Christiania, men det var også mogleg at det ville koma mot KongsvingerElverum eller mot vestsida av Christianiafjorden. Det mest trulege var eit angrep frå sør, frå Bohuslän mot Svinesund og Fredriksten. Dei norske troppane blei difor utplasserte slik at dei kunne ha Glomma som forsvarslinje.

Det siste alternativet blei det faktiske. 30. juli 1814 rykte von Essen med armékorpset sitt over grensa lengst mot sør, mot Prestebakke. I vegen for han stod den norske kapteinen Johan Henrik Spørck med tre kompani. Spørck måtte vika for overmakta, og trekte seg tilbake frå Prestebakke til Idd og vidare til Tistedalselva ved Halden. Svenskane følgde langsamt etter.

Svenskane kunne byrja omleiringa av Fredriksten og byen Halden. Det gjekk hardt utover Halden, men festninga var uinntakeleg. Inkje svensk bombardement hjelpte, og festningskommandør Johan Andreas Cornelius Ohme ville ikkje overgi seg.

I dagane som følgde, skjedde to viktige storhendingar: 4. august kapitulerte Fredrikstad festning. Utan norsk nærforsvar på Kråkerøy, utan forskansingar og nesten utan artilleri såg ikkje kommandant Nils Christian Hals annan utveg enn å heisa kvitt flagg. Oppgivinga av Fredrikstad festning blei skarpt kritisert i samtida, og Hals blei dømt til døden, men seinare benåda.

Lier, Matrand og Skotterud

Slaget på Lier 1814

Lier-stilinga 2. august 1814. Etter ein hard kamp på skansen gjekk nordmennene til motangrep med bajonettar. Det svenske angrepet enda i store tap.

Slaget på Lier 1814
Av .

Karl Johan sjølv rykte over Svinesund med sin del av hæren først 2. august. Med seg hadde han den 15 år gamle son sin, Oscar, som blei norsk konge i 1844. Heller ikkje Karl Johan skunda seg nordover, sikker på siger som han var. Hovudtyngda av den underlegne norske hæren var plassert på begge sider av Glomma i Østfold og Akershus, altså i nærleiken av kong Christian Frederiks kommandostab. Lenger nord, sør for Kongsvinger, stod oberst Andreas Samuel Krebs med dei tre bataljonane sine, Akershusiske skarpskyttere, Søndenfjellske skiløpere og ein bataljon av det Trondhjemske regiment, til saman 2500 mann. Oppdraget deira var å stansa eit svensk angrep over grensa ved Magnor.

Det svenske angrepet kom natt til 1. august. Det blei leidd av oberst Carl Pontus Gahn med fem bataljonar med til saman like mange menn som nordmennene på den andre sida. Dei norske forpostane blei trengde tilbake, men Gahn oppnådde ingen avgjerande siger. Nordmennene venta ved ei godt førebudd stilling ved Lier, vest for Vingersjøen. Ved 15-tida om ettermiddagen 2. august fall dei første skota. Svenskane storma mot den norske skansen, men verken infanteri eller kanoneld beit på nordmennene. Då svenskane hadde kome nær nok, fekk kaptein Lied ordre om å gå til motangrep. Med bajonettar og hurrarop fortrengde dei svenskane frå skansen og jaga dei tilbake til vernet i eit skogholt. Nye svenske angrep følgde. Svenskane gjekk fram på rekkje og skaut salver, medan nordmennene fyrte av enkeltskot mot utvalde mål.

5. august følgde nye norske sigrar. Ved Matrand og Skotterud blei oberst Gahn trengd ytterlegare tilbake mot grensa. Dei samla tapa er vanskelege å berekna. Ved Lier tapte Krebs 27 mann, som anten blei drepne eller hardt såra, medan dei svenske tapa var på 133 mann. Gleda over denne lokale norske sigeren blei rett nok kortvarig. No overtok diplomati for krigskunst.

Fredsforhandlingar

Konvensjonsgården
Moss Jernverks hovedbygning hvor Mossekonvensjonen blei utforma. Bygningen har seinare blitt kjend som Konvensjonsgården. Foto frå 2005.
Konvensjonsgården
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Karl Johan hadde hatt to mål for sommarkrigen i 1814. Han måtte fjerna den norske kongen Christian Frederik og samstundes hindra at krigen blei langvarig. Med dei overlegne troppestyrkane sine meinte han at det var råd til sjenerøse forhandlingar. Nordmennene kunne rundt 5. august gått inn i eit forsvarsslag ved Rakkestad med utsikt til siger – om enn kortvarig. Men Christian Frederik gav ikkje dei nødvendige ordrane. Nordmennene heldt fram med å trekkja seg tilbake vest for Glomma. Det var no Karl Johan grep initiativet. Han fann to kjende nordmenn som fekk i oppdrag å besøkja Christian Frederik med eit forslag om våpenkvile. Dei svenske vilkåra var nye og meir smakelege sett med norske auge. Rett nok måtte Christian Frederik straks seia frå seg krona og reisa tilbake til Danmark. På den andre sida ville ein på svensk side anerkjenna 17. mai-grunnlova med dei endringane som ein union med Sverige kravde. Kielfreden blei ikkje nemnd.

Christian Frederik gjekk med på å forhandla. Forhandlingane blei førte i hovudkvarteret til Moss Jernverk i tida frå 10. til 14. august. Karl Johans sendebod til Moss, general Anders Fredrik Skjöldebrand, skreiv at han var forundra over at kong Christian Frederik ikkje var åleine, men omgitt av så mange offiserar at dei kunne ha leidd ein hær på 200 000 mann. Endeleg la han merke til at kongen var så nervøs at han fór saman berre han høyrde fjerne skotsalver. Kongen fekk altså ingen strålande attest. Men hovudtrekka i forhandlingane bestod, sjølv om Christian Frederik ville abdisera først etter at Stortinget hadde blitt kalla saman.

Dette skjedde 10. oktober 1814, og Christian Frederik forlét Noreg og nordmennene, men ikkje til norsk jubel. Christian Frederik blei hausten 1814 omtalt som «kjolekonge», «teaterkonge» og «skjørtekonge». Bitterheita var stor over at han hadde ført krigen så slapt, defensivt og forsiktig. Dette kunne ha vore diktert av kongen sin avsky for død og blod, men seinare historikarar har gitt han noko oppreising. Han kunne ikkje føra ein langvarig krig mot ein overtalig svensk armé, og heller ikkje mot alle stormaktene i Europa. Han redda Grunnlova og fekk bort føresegnene i Kielfreden om at Noreg skulle bli gitt til den svenske kongen med full suverenitet. Då fekk ettermælet hans heller bli kva det blei.

Karl Johan hadde oppnådd nesten alt han hadde gått til krig for. Krebs' siger over Gahn blei éin episode, likeins at Fredriksten festning blei oppgitt først etter at mossefreden blei kjend. Han hadde unngått eit langvarig felttog og stod som sigerherre i napoleonskrigane før fredskongressen i Wien tredde saman. Den tidlegare revolusjonssoldaten sat fast i salen som svensk kronprins.

Felttoget i Noreg hadde blitt ført mykje omsynsfullt frå svensk side. Det har vore spekulert i om Karl Johan ville sikra seg norsk støtte dersom svenskane skulle bli leie av han som svensk konge og ville ha Vasa-slekta tilbake. Alt i alt enda ikkje krigen i 1814 så verst for nordmennene. Noreg beheldt ein del sjølvstende innanfor den nye unionen med Sverige, fekk behalda Grunnlova og Stortinget, og fekk eiga regjering, sentraladministrasjon og domstolar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg