Trygve Bratteli

Faktaboks

Trygve Bratteli

Trygve Martin Bratteli

Født
11. januar 1910, Nøtterøy
Død
20. november 1984, Oslo
Trygve Bratteli var Noregs statsminister i periodane 17. mars 1971–18. oktober 1972 og 16. oktober 1973–15. januar 1976. Bratteli foran Stortinget, mars 1971.
Trygve Bratteli
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Trygve Bratteli var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var Noregs statsminister i periodane 17. mars 1971–18. oktober 1972 og 16. oktober 1973–15. januar 1976.

Han var formann i AUF i åra 1945–1946, sekretær i partiet i 1945 og nestformann i 20 år i perioden 1945–1965, då han etterfølgde Einar Gerhardsen som formann. I åra 1965–1975 var han partiformann.

Bratteli var statsråd fire gonger: finansminister i periodane 1951–1955 og 1956–1960, og samferdselsminister i periodane 1960–1963 og 1963–1964. Han var stortingsrepresentant frå Oslo i perioden 1949–1981. Då Bratteli tredde ut av regjeringa den siste gongen, var føresetnaden at han skulle ofre seg for stortingsarbeidet, og han var den parlamentariske leiaren av Arbeidarpartiet i periodane 1964–1971 og 1976–1981.

Han sat i styret for Norsk rikskringkasting i åra 1956–1967 og var medlem av Nordisk råd i åra 1956–1967; frå 1964 til 1978 som president.

Han var gift med Randi Bratteli.

Tidlege år

Bratteli vart stortingsrepresentant frå 1949.
Av /Stortingsarkivet.

Bratteli vart fødd på Nøtterøy. Etter folkeskulen fekk han jobb som visergutt. I ungdomsåra var han på kvalfangst og var bygningsarbeidar i Vestfold. Det var lite arbeid å få og han gjekk i lange periodar arbeidslaus. Ei tid vurderte han å emigrere til Amerika. Han kom raskt med i fagrørsla, først lokalt, men seinare på sentralt hald, og fekk snart tillitsverv i Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjonar. Oscar Torp plukka han i 1934 ut som redaktør for arbeidarpressa i Kirkenes. Han lærte mykje og mogna politisk under opphaldet i denne utposten mot aust i dei verste kriseåra 1934–1940. Etter opphaldet i Kirkenes vart han redaktør av AUF-avisa Arbeiderungdommen. På landsmøtet i 1936 var han blant tilhengarane av auka opprusting.

Andre verdskrigen

Sommaren 1940 kjempa han mot dei både i partiet og fagrørsla som ville tilpasse seg den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen. I sentralstyret i partiet gjekk han mot å avsetje kongen, noko fleirtalet i stortingsgruppa hadde gått inn for.

I november 1940 reiste han til Kristiansund som taktekkjar. Der skreiv han rapporten om det som hende i partiet og i landet dei første månadene etter okkupasjonen. Denne rapporten bygde han inn i mønet på eitt av dei husa han var med på å reise i det bombeherja Kristiansund. Der fann han rapporten att etter krigen, og den skulle mange år seinare bli til boka «Våren som ikke kom».

I Kristiansund vart han arrestert av dei tyske nazistane i 1942, og han hamna til slutt i «Natt og tåke»-leiren Natzweiler i Frankrike. Han overlevde så vidt det var. Då han vart berga ut og kom seg til Sverige i 1945, var kroppsvekta hans nede i 47 kilo.

Rett etter at han var komen heim att, sette han seg ned og skreiv av seg opplevingane i dødsleiren. Han gjorde det for å bli ferdig med dei tunge minna. På sine eldre dagar ga han ut desse notatane i boka Fange i natt og tåke, ei bok som vart ein bestseljar.

Etterkrigstida

I etterkrigstida var Bratteli den leiande innan Arbeidarpartiet ved sida av Einar Gerhardsen. Foto av Bratteli (til venstre) og Gerhardsen (i midten) fra 1949.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

I etterkrigstida var Bratteli den leiande innan Arbeidarpartiet ved sida av Einar Gerhardsen. Bratteli vart stortingsrepresentant frå Oslo i 1949.

Alt hausten 1945 vart Trygve Bratteli vald til nestformann i Arbeidarpartiet. Den første tunge jobben han vart sett til var som formann i den første norske forsvarskommisjonen i 1946. Kommisjonen fekk mandat til å greie ut korleis det norske forsvaret skulle organiserast og byggast opp. Her gjorde han ein så god jobb at han vart lagt merke til, og han vart innvald på Stortinget hausten 1949. Der vart han med ein gong sett inn som formann i finanskomiteen, og var den fremste talsmannen til partiet i finansspørsmål.

Finansminister (1951–1955 og 1956–1960) og samferdselsminister (1960–1963 og 1963–1964)

Trygve Bratteli som samferdselsminister i 1962.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

I november 1951 varsla statsminister Einar Gerhardsen at han vil gå av, og Oscar Torp skipa regjering. Der vart Bratteli finansminister, i første omgang i tre år, så lenge Torp var statsminister. Deretter var han på Stortinget i to år, og så vart han på nytt finansminister hos Gerhardsen i nye tre og eit halvt år.

Det er knapt nokon i nyare tid som har hatt så lang fartstid som finansminister som Trygve Bratteli. Han sleit og lærte i denne perioden, og han kunne tidvis tenkje seg å sleppe ansvaret, men fekk etter kvart så stor innsikt i økonomi at han kunne måle seg med dei fleste fagøkonomane.

Erik Brofoss introduserte nasjonalbudsjettet som økonomisk styringsverktøy etter krigen. Ansvaret for nasjonalbudsjettet tok Brofoss med seg til Handelsdepartementet då han i 1947–1948 flytta dit, men då Bratteli vart finansminister i 1951, gjorde han krav på å få nasjonalbudsjettet til sitt departement. Bratteli ville ha dei økonomiske trådane i si hand og vart etter kvart eit tyngdepunkt i regjeringa. I tillegg hadde han hatt ansvaret for utforminga av Arbeidarpartiets program sidan 1946. Han hadde difor makt til å påverke politikken, og han drog partiet i moderat retning.

Bratteli hadde stor tru på fagkompetanse, og han knytte til seg sosialøkonomen, professor Trygve Haavelmo, den seinare nobelprisvinnaren, som økonomisk rådgivar. Etter den lange perioden som finansminister, sat Bratteli fire år som samferdselsminister før han i 1964 gjekk tilbake til Stortinget.

Partileiar (1965–1975)

Det var fleire i leiinga i Arbeidarpartiet som prøvde å hindre Bratteli i å bli ny partileiar etter Einar Gerhardsen. Gerhardsen sjølv var ein av dei. Til slutt var det Brattelis eiga politiske tyngde, kompetansen hans, røynslene hans, som gjorde at ikkje var til å kome forbi når Gerhardsen endeleg skulle gi seg. Bratteli vart vald til ny partiformann i 1965.

Det året Bratteli tok over, tapte Arbeidarpartiet regjeringsmakta, og han vart dermed den første partiformannen etter krigen som skulle styre partiet i opposisjon. Dei neste åra vart på mange måtar Brattelis beste tid som politikar.

For heile partiapparatet i Arbeidarpartiet vart overgangen frå 20 års fleirtalsstyre og 30 års regjeringsmakt nærast eit sjokk. Ein har vorte vand med det tilbodet på administrativ kapasitet som låg i regjeringsapparatet. Ein hadde hatt nesten uavgrensa kapasitet til å setje i gang utgreiingar. Nå var regjeringsapparatet borte, og fleire statsrådar kom tilbake til Stortinget. Der måtte dei skrive breva sine og ta telefonane sine sjølve, og ville dei ha noko utgreidd, måtte dei gjere det sjølve.

Eit nytt Arbeidarparti

Ein kunne vente at mykje gjekk i stå for Arbeidarpartiet den første tida etter at regjeringa til Per Borten (1965–1971) hadde teke over, men det skulle ikkje gå lenge før Trygve Bratteli markerte seg. Han vart ikkje berre partileiar i 1965, men tok også naturleg over som parlamentarisk leiar. Gerhardsen gjekk tilbake til ein heller anonym posisjon som vanleg medlem av Industrikomiteen.

Bratteli starta med å bygge opp ein heil organisasjon bak stortingsgruppa. Ein serie utval underlagt sentralstyret vart oppretta, og han trekte inn fagleg ekspertise frå partifeller som ikkje lenger var medlemer i Stortinget.

Han fekk starta det såkalla «tenkeloftet» saman med LO, og Per Kleppe vart henta heim att frå EFTA i Genève for å leie dette arbeidet. Då han skulle organisere leiinga av stortingsgruppa, satsa han på yngre folk som ikkje tidlegare hadde fått prøvd seg.

Som den første av dei fremste Ap-leiarane hadde ikkje Trygve Bratteli bakgrunn frå dei bitre splittingsåra tidleg på 1920-talet. Han bar ikkje på same frykta for fraksjonsverksemd, intrigar og maktkamp som mange av dei tidlegare leiarane. Av same grunn var han tilhengar av at sakene skulle avgjerast etter open debatt i partiet. Han deltok ikkje i, mislikte og var sjølv offer for avgjerder som vart tekne av få personar samla i bøttekott og stengde rom.

Ein million veljarar

Trass i at Borten-regjeringa var ei fleirtalsregjering, hadde Bratteli tidleg den oppfatninga at koalisjonen kunne kome til å sprekke. Han instruerte difor gruppa om at Arbeidarpartiet skulle føre ein ansvarleg opposisjonspolitikk. Ikkje noko forslag skulle fremjast som partiet ikkje kunne stå for sjølv om det kom i regjeringsposisjon.

I denne perioden som opposisjonsleiar fekk Trygve Bratteli spele på heile det politiske registeret sitt, og då valet kom i 1969, gjorde Arbeidarpartiet eit av sine beste val. For første gang hadde partiet over ein million veljarar, og auka mandattalet frå 68 til 74, men fordi Sosialistisk Folkeparti (SF) fall ut av Stortinget, mangla det eit par mandat på at dei fire regjeringspartia skulle misse fleirtalet. Dette vart først klart ved fintelling ut på morgonkvisten.

Valoppgjeret vart karakterisert ved at folk la seg med Bratteli som statsminister og sto opp att med Borten. Nokså raskt etter valet vart det meir og meir klart at firepartiregjeringa til Borten var i oppløysing på grunn av EF-saka.

I påska 1970 vart Trygve Bratteli sjuk. Mens han vart på fjellet fekk han blødande magesår, og det var alvorleg. I seks månader var han sjuk, og ute av politikken, men oppløysinga av firepartiregjeringa heldt fram.

Statsminister (1971–1972)

I slutten av februar 1971 sprakk regjeringa til Borten, og 17. mars, etter ein lang periode med forsøk på å rekonstruere firepartiregjeringa, tok Bratteli over som statsminister. Då var han 61 år gammal. På det tidspunktet var Bratteli fullt klart over at tidspunktet for å ta over regjeringsansvaret var omtrent det verst tenkjelege. Han engasjerte seg sterkt for norsk medlemskap i EF. I Arbeidarpartiet var det delte meiningar om EF-saka, og det å køyre gjennom denne saka kunne føre til indre strid og avskaling. Partiet hadde på meiningsmålingane vore over 50 prosent i oppslutning, men alt på vårparten var oppslutninga nede i 42–43 prosent. Det skulle bli endå lågare.

I heile den lange perioden i regjeringa hadde han studert og følgt med i korleis Einar Gerhardsen gjorde det. Bratteli visste difor godt korleis det var å vere statsminister då det omsider vart hans tur. Han visste også godt på kva område han ikkje ville etterlikne Gerhardsen. Spesielt gjaldt det unoten som Gerhardsen og andre av hans generasjon hadde med å avgjerde sakene uformelt i lukka rom og blant få personar før dei seinare kom til avgjerd i organ der dei formelle vedtak skulle fattast. Bratteli meinte at partidemokratiet skulle råde, og at ein fekk finne seg i dei resultat det måtte gi.

I statsministerperioden fekk han oppleve å vere den som innleidde oljealderen her i landet, då han i juni 1971 opna det store Ekofisk-feltet. Han fekk også bygd ut bedriftsdemokratiet.

EF-striden i 1972

Trygve Bratteli engasjerte seg sterkt for norsk medlemskap i EF, og gjekk av som statsminister da folkeavstemninga i september 1972 resulterte i nei-fleirtal. Bildet viser Trygve Bratteli og kona Randi Bratteli som kjem til stemmelokalet på Bolteløkka skole for å stemme i folkeavstemninga. Dei får stemmesedlar av Albert Nordengen, Høyres formann i Oslo. Han har på seg ein plakat med Stem JA.
Trygve Bratteli
Av /SCANPIX.

Likevel var det gjennomføringa av forhandlingane med EF som vart den store saka for den første regjeringa Bratteli. Då denne regjeringa tok over vart det ein heilt annan målmedviten driv over forhandlingsprosessen.

I januar 1972 vart det oppnådd ein avtale som Bratteli meinte var god og som han ville forsvare i ei folkeavstemming, men då viste det seg at fiskeriminister Knut Hoem ikkje fann å kunne vere med lenger. Midt i innspurten trakk han seg og sa at vilkåra i avtalen var uakseptable for Noreg. Det vart eit hardt slag for Bratteli, men det var uråd å merke noko på han. Han tok det til etterretning.

Det vart så avgjort at folkeavstemminga skulle vere 24. og 25. september i 1972. Dermed starta også innspurten på ein valkamp som er den hardaste og mest uforsonlege i dette hundreåret. Bratteli var klar over at denne striden kom til å gå hardt ut over Arbeidarpartiet. Frontane hadde i over eitt år samla seg til det avgjerande slaget, og det var for lengst i gang, men parolen frå Bratteli var at Arbeidarpartiet skulle vente på forhandlingsresultatet.

Partiet hadde ekstraordinært landsmøte i april. Der sa Einar Gerhardsen følgjande: «Jeg har sagt at dersom partiet ikke hadde noen kjente medlemmer og tillitsmenn som var mot medlemskap, burde vi skaffe oss noen, for med det å gjøre det klart for alle at en kan tilhøre Arbeiderpartiet, også om en stemmer nei ved folkeavstemningen». Det var ei bombe. Gerhardsen som hadde kjempa mot fraksjonsverksemd sidan 1920-åra, opna for at nå var det legalt.

Kabinettspørsmål

Stendig fleire stilte nå spørsmål om kva regjeringa ville gjere dersom det vart fleirtal for nei ved folkeavstemminga. I landsstyremøtet på Gjøvik i slutten av august 1972 vart det vedteke at regjeringa ville gå av om det vart nei-fleirtal. Bratteli stilte kabinettspørsmål til folket på same måten som regjeringa til Christian Michelsen gjorde det ved unionsoppløysinga i 1905 i spørsmålet om kongedømme eller republikk.

For Bratteli i 1972 var dette kabinettspørsmålet naturleg: «..det er ikke mulig å støtte regjeringen ved å gå mot dens politikk», sa han. Folkeavstemminga i september 1972 resulterte i neifleirtal. Bratteli måtte sjølv ta på seg mykje av ansvaret for nederlaget. Etter at regjeringa hadde lagt fram statsbudsjettet i førstninga av oktober, varsla Bratteli at han ville gå. Nei-regjeringa til Lars Korvald tok over og Bratteli vart på nytt parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet.

Statsminister (1973–1976)

16. oktober 1973. Trygve Brattelis andre regjering på Slottsplassen etter første statsråd på Slottet. Statsminister Trygve Bratteli foran. Bak frå venstre: administrasjonsminister Odd Sagør, justisminister Inger Louise Valle, handelsminister Jens Evensen, finansminister Per Kleppe, kyrkje- og undervisningsminister Bjartmar Gjerde, landbruksminister Thorstein Treholt, sosialminister Sonja Ludvigsen, forsvarsminister Alv Jacob Fostervoll, samferdselsminister Annemarie Lorentzen, kommunalminister Leif Aune, miljøvernminister Thor Halvorsen, industriminister Ingvald Ulveseth og fiskeriminister Eivind Bolle.
Regjeringa Bratteli
Av .

Valkampen for Arbeidarpartiet i 1973 vart svært vanskeleg. Partiet oppnådde sitt dårlegaste resultat etter krigen, 35,3 prosent. 62 representantar til Arbeidarpartiet og heile 16 frå det nyskipa Sosialistisk Valforbund, ei samling av SF, Noregs Kommunistiske parti og frittståande sosialistar, ga eit parlamentarisk fleirtal på ein representant. Det skulle ikkje bli lett. Bratteli hadde nå stått i spissen for dei to største nederlaga for Arbeidarpartiet etter krigen, folkeavstemminga og valet i 1973, og det kunne nok merkast på han. Han verka eldre og mindre offensiv.

I den nye regjeringa Bratteli skipa i 1973 kom den unge legen Gro Harlem Brundtland inn som miljøvernminister. Det var Bjartmar Gjerde som hadde lansert henne. Både ja- og nei-sida kjempa for å få «sine» med i regjeringa. Bratteli kjende autoriteten sin svekka i denne prosessen. Mange djupe og vonde sår låg på lur i den vidare prosessen både i Stortinget og i partiet, og det røynde hardt på Trygve Bratteli. Han sleit seg fram i motvind og kreftene minka.

Vinteren 1974 kom oljekrisa med bensinrasjonering.

Bratteli går av

I juni 1974 kunngjer Bratteli at han ville gå av som partileiar på landsmøtet neste år. Det vart starten på ein krig i kulissene om å bli Brattelis etterfølgjar. Persondiskusjonen raste i tida fram til landsmøtet, og eit eige utval, det såkalla «postkasseutvalet», skulle ta mot råd og vink om formannsvalet frå medlemene.

Einar Gerhardsen kasta seg på nytt inn og gjorde framlegg om at verva som partiformann og statsminister burde delast. Det kom til å bli eit avgjerande innspel. I finalen om formannsvervet kom det til å stå mellom Reiulf Steen og Odvar Nordli. Landsmøtet skulle velje ein, og det vart Reiulf Steen, men for å gi den tapande fraksjonen plaster på såret, vart det hengt på vedtaket at Odvar Nordli skulle vere statsministerkandidat når skifte av statsminister vart aktuelt. Det var det same som å setje statsminister Bratteli på oppseiing.

For Trygve Bratteli vart landsmøtet i 1975 ei svært nedverdigande forestilling. Spørsmålet reiste seg nokså raskt: Når skulle Bratteli gå? Han vart nærast pressa ut av ivrige Nordli-tilhengarar som gjerne ville ha gjennomført andre delen av landsmøtevedtaket. I september 1975 banka dei to fremste tillitsmennene i Arbeidarpartiet, Reiulf Steen og den nye partisekretæren, Ivar Leveraas, på Brattelis dør og ba han om å trekkje seg.

Bratteli gjekk av som partileiar i 1975 og statsminister i 1976. Reiulf Steen tok over som partileiar, medan Odvar Nordli vart statsminister.

Kort tid etter var det landsstyremøte og då kunngjorde Bratteli at han ville gå av som parlamentarisk leiar i januar 1978. Den lovnaden heldt han. På nytt vart han gruppeleiar i Arbeidarpartiet, men mykje av krafta i han var nå borte. Han stilte til val på nytt i 1977. Då var han 67 år gamal.

Bratteli som politikar

Trygve Bratteli var ein heilt spesiell figur i det norske politiske landskapet. Han snakka ikkje i utide, verka nesten mutt og utilnærmeleg, men han hadde stor intellektuell styrke og svært høg politisk intelligens. Det gjorde at han alltid vart lytta til både i Stortinget og i politiske forsamlingar.

Bratteli hadde ei framtidsoptimisme som kunne ta pusten frå dei fleste. Han hadde stor tru på den menneskelege evna til omstilling og nyutvikling. Han såg langt, men nokon folketalar slik som Einar Gerhardsen vart han aldri. Dei to sto ikkje på spesielt god fot med kvarandre, men dei hadde sans for dei sterke sidene til kvarandre. Gerhardsen vart stemmesankaren, og Bratteli tok seg av dei tunge løft i den praktiske politikken. Dei var på ein måte avhengig av kvarandre.

Bratteli trekte seg ut av det politiske livet på landsmøtet i 1981.

Utgjevingar

Bratteli utgav mellom anna bestselgarane Fange i natt og tåke (1980) om krigsopplevingane sine, og Våren som ikke kom (1981), om våren 1940.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anderson, Gidske: Trygve Bratteli, 1984, isbn 82-05-14836-8, Finn boken
  • Bratteli, Trygve: Trygve Bratteli har ordet : utvalg av taler, ved P. Engstad, 1985, isbn 82-10-02628-3, Finn boken
  • Engstad, Paul: Statsmann i storm og stille : Trygve Bratteli 1965-1984, 1987, isbn 82-10-02853-7, Finn boken
  • Hansen, Guttorm & Paul Engstad: Trygve Bratteli – en søyle av vilje, 1984, isbn 82-10-02657-7, Finn boken
  • Jacobsen, Roy: Trygve Bratteli : en fortelling, 1995, isbn 82-02-14994-0, Finn boken
  • NBL 2. utg.
  • Sørebø, Herbjørn, red.: Fred og trygghet, brød og frihet: festskrift til Trygve Bratteli [...], 1980, isbn 82-10-01886-8, Finn boken

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg