Bryne

Artikkelstart

Bryne er ein tettstad i kommunane Time og Klepp i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 5,7 km², og har 12 500 innbyggjarar (2021); 85,6 prosent i Time, 14,4 prosent i Klepp.

Faktaboks

Innbyggertall
12 500 (SSB, 2021)
Landareal
5,7 km²
Tettstedsnummer
4591 Bryne

Bryne er administrasjonssenter i Time kommune på Jæren, ca. 30 km sør for Stavanger. Kommunestyret i Time vedtok i 2001 at Bryne kan bruke nemninga by.

Bryne er den tredje største tettstaden på Jæren, etter dei tradisjonelle byane Stavanger og Sandnes, og er ikkje berre eit viktig trafikknutepunkt og handels- og skulesenter, men også ein viktig industristad. Industrien er dominert av verkstadsindustri, særleg jern- og metallvare- og maskinindustri.

Bryne er sentrum i eit tett vegnett; den viktigaste vegen gjennom tettstaden er Fv. 44, det sentrale vegsambandet nord-sør over Jæren. Gjennom Bryne går Sørlandsbanen; her stoppar alle fjerntog, og tettstaden har dessutan hyppige lokaltog på strekninga StavangerEgersund.

Bryne vart tidleg eit skulesenter med mellom anna meieriskule (1906) og Rogaland Landsgymnas (1924), i dag Bryne vidaregåande skule. Skulen som har eit breitt tilbod av både yrkesretta og studiespesialiserende linjer, er ein av dei største vidaregåande skulane i landet med rundt 1500 elevar.

Forfattaren Arne Garborg var frå Time, og i Bryne ligg Nasjonalt Garborgsenter som blir driven av Jærmuseet og er eit supplement til kunstnarheimane Garborgheimen og Knudaheio. Senteret ligg i Forum Jæren, eit anlegg ved Bryne jernbanestasjon med eit 68 m høgt bygg i 20 etasjar med mellom anna kontorlokale, restaurant i toppetasjen og butikkar på gateplan, og dessutan to lågare bygg som husar Garborgsenteret og Time bibliotek. Ved Mølledammen ligg Fritz Røed Skulpturpark, opna i 2004.

Namnet kjem av norrønt brún, 'kant, egg', og vin, 'naturleg eng', etter plasseringa ved enden av Frøylandsvatnet.

Kart

Bryne
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg