Faktaboks

Etymologi

Av elvenamnet Tunna og -set, ‘bustad’

Administrasjonssenter
Tynset
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Hedmark)
Innbyggjartal
5 581 (2022)
Landareal
1 823 km²
Høgaste fjell
Blåtronden, Tydalstoppen (1653 moh.)
Innbyggjarnamn
tynseting
Målform
nøytral
Kommunenummer
3427 (frå 01.01.2020, tidlegare 0437)
Tynset

Tynset. Traktene ved Tynset sentrum med Tronfjell i bakgrunnen.

Av /NTB Scanpix ※.

Tynset er ein kommune i Innlandet fylke, i Nord-Østerdal, med grense mot Trøndelag i nord og nordvest, Folldal i vest, Alvdal i sørvest, Rendalen i sør og Tolga i aust. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1966 etter samanslåinga med det meste av tidlegare Kvikne kommune.

Hovudtyngda av busetnaden finst langs Glåma (Glomma), med tettstaden og administrasjonssenteret Tynset. Busetnaden er elles nokså spreidd i sidedalane.

Natur

Solnedgang ved Ripan Naturreservat.

Den nordlegaste delen omfattar Orklas dalføre til ti kilometer sør for Ulsberg. I vest grensar Tynset mot Folldal ved Høg-Gia (1641 meter over havet), ein utløpar av Dovrefjell. Herfrå går grensa mot Alvdal mot søraust, frå Auma og sørover følgjer det vasskiljet mellom Glåma og Tysla. Her ligg Brydalen og Tylldalen, som begge leier ned mot Rendalen. Heile austgrensa er mot Tolga. Glåmas dalføre mellom Telneset og Auma ligg i Tynset, og elva har her eit roleg løp, med fall frå 490 til 465 meter over havet på 20 kilometer.

Alt det vesentlege av berggrunnen er sterkt omdanna kambrosiluriske bergartar (fyllitt) med spreidde inntrengingar av magmatiske bergartar (gabbro og granitt). Fjellet Tron på grensa mot Alvdal (1665 meter over havet), den høgaste toppen i kommunen, er ein slik gabbrointrusjon. I kontaktsona ved dei magmatiske bergartane er det mange mindre førekomstar av kis som har vore drivne periodevis frå 1600-talet. Klebersteinsbrota i Kvikne har vore drivne sidan 500-talet fvt., og herfrå kjem mykje av byggematerialet til Nidarosdomen. Overflateformene er slake lier i fyllittområda, og meir steile dalsider, der bergartane er hardare, lengst i nord og sør.

Tynset har innlandsklima, og er et av de kaldeste stedene i Sør-Norge. Av nyere kulderekorder ble det målt minus 42,4 grader vinteren 2010.

Befolkning og busetjing

Tynset
Glomma ved Tynset.
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Tynset er ein av østerdalskommunane nord for Elverum som har hatt vekst i folketalet etter andre verdskrigen. I tiårsperioden 2015–2024 auka folketalet med 2,3 prosent, det same som for Innlandet fylke.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det éin tettstad i Tynset.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Tynset 2 934 53 % 3,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Tynset kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Tynset (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Jordbruket er ein svært viktig næringsveg. Det beste jordbruksarealet ligg ved Glåma, og veksten i tettstaden Tynset skjer i konflikt med jordbruksinteressene. Fyllitten er laus og gir opphav til god dyrkingsjord, men fordi Tynset ligg nokså høgt over havet, er jordbruket konsentrert om grasdyrking til mjølkeproduksjon. I gunstige år kan bygg modnast. Det blir òg halde ein del sau. Tynset har mest skogavverking av kommunane i Nord-Østerdal. Avverkinga var på 41 831 kubikkmeter i 2020 og er viktig for mange gardsbruk.

Industrien har mindre å seie i Tynset. Berre fem prosent av arbeidsplassane er i industrien, mot åtte prosent for landet samla sett. To tredelar av industriarbeidsplassane er i næringsmiddelindustrien. Som regionsenter for Nord-Østerdal har Tynset mange arbeidsplassar i handelsnæringa.

Tynset har middels stor vasskraftproduksjon. Dei to vasskraftverka i kommunen produserer til saman 266 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Litjfossen (i drift fra 1982), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Kraftverkene i Orkla er hovudeigar av begge kraftverka.

Samferdsel

Tynset stasjon
Rørosbanen, Tynset stasjon.
Tynset stasjon
Av /Bane NOR.

Kommunikasjonsmessig ligg Tynset sentralt. Sørover går Rørosbanen og riksveg 3 til Elverum, begge langs Glåma. Jernbanen held fram nordaustover langs Glåma mot Røros. Riksveg 3 går nordvestover gjennom kommunen og til Ulsberg. Fylkesveg 30 går nordover gjennom Tylldalen frå Øvre Rendal, kryssar Glåma ved Tynset og held fram langs Glåmas vestside mot Tolga. Tynset bru, ei 125 meter lang fagverksbru i limtre med spenn på 70 meter opna i 2001. Det er mykje gjennomgangstrafikk på desse vegane, og dette har styrkt Tynset som turistområde. Ved Savalen er det bygd ut vintersportsanlegg.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Kvikne kyrkje er ei tømmerkyrkje frå 1600-talet.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Kart: Tynset kommune i Innlandet

Tynset kommune i Innlandet fylke.

Kart: Tynset kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Tynset har utvikla seg til å bli eit regionssentrum for Nord-Østerdalen. Her ligg Sjukehuset Innlandet Tynset. Frå 2019 er Norsk helsearkiv lokalisert på Tynset. Nord-Østerdal vidaregåande skule ligg på Tynset.

Tynset høyrer til Innlandet politidistrikt, Østre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Fjellregionen regionråd saman med Alvdal, Folldal, Os, Rendalen, Røros og Tolga.

Tynset kommune svarer til dei fire sokna Brydalen, Kvikne, Tylldalen og Tynset i Nord-Østerdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Tynset til Nordre Østerdalen fogderi i Hedemarkens amt.

Delområde og grunnkrinsar i Tynset

For statistiske formål er Tynset kommune (per 2016) delt inn i fire delområde med til saman 30 grunnkrinsar:

  • Tylldalen – Brydalen: Brydalen, Tylldalen Sør, Tylldalen Nord
  • Tynset sør: Auma øst, Kjæreng, Sandbakken – Sandvold, Stasjonen, Holmen 1, Holmen 2, Haverslia 1, Haverslia 2, Haverslia 3, Hugudal, Østre Aaen, Telneset
  • Tynset nord: Auma vest, Fåset, Fådalen, Eggen vest – Moan, Eggen øst – Neby – Østby, Tunndalen, Aaen vest 1, Aaen vest 2, Øian, Lonåsen, Nytrøa
  • Kvikne: Kvikneskogen, Søndre Midtbygda, Nordre Midtbygda, Nerbygda

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har eit sølvfarga elghovud mot blå bakgrunn. Motivet speglar elgstammen i kommunen.

Kart

Kart over Tynset kommune
Kart over Tynset kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Grøtli, Mikael: Kvikne: Gårds- og slektshistorie, 2001.
  • Hagen, Olav Trygve, red.: Kvikne: ei bygdebok, 1951–1952, 2 bind. Les bøkene på nb.no
  • Streitlien, Ivar Amundsen og Grandum, Bjarne : Tynset bygdebok, 1972–, 5 bind. Les bøkene
  • Aaen, Tore: Tynset: en bygdehistorie, 1925. Les boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg