Ingjald Haaland

Faktaboks

Ingjald Haaland
Født
22. mars 1885, Hålandsdalen i tidlegare Fusa kommune, Vestland
Død
28. juli 1952, Hålandsdalen i tidlegare Fusa kommune, Vestland

Artikkelstart

Ingjald Haaland var skodespelar og teatersjef ved Det Norske Teatret. Haaland etablerte den tradisjonen som har prega teatret sidan, med lette folkekomediar og avantgardistisk teater side om side.

Ingjald Haaland var medlem av det første ensemblet ved Det Norske Teatret, var teatersjef ved teatret i elleve år og var ein av dei berande karakterskodespelarane heilt til han trekte seg attende i 1940.

Ingjald Haaland var gift med Mally Carenius Haaland og sidan Tove Bryn Haaland.

Unge år

Då Ingjald Haaland i slutten av tenåra gjekk på handelsskule i Bergen, hadde han statistroller ved Den Nationale Scene og las privat med skodespelar Rasmus Rasmussen. Han var ein engasjert målmann, var med på møte i ungdomslaget Ervingen og det eldste mållaget i landet, Vestmannalaget. Han var òg med på å samle abonnentar og annonsar då landsmålsavisa Gula Tidend starta opp.

I 1905 drog han til Kristiania for å selje margarin frå margarinfabrikken til broren og lese vidare med skodespelar Thora Hansson på kveldstid. Han vart tilsett i Dore Lavik sitt omreisande teaterselskap, og her fekk Ingjald Haaland sine formative år som skodespelar.

Men han lukkast aldri med å få plass ved institusjonsteatra, på grunn av dialekten sin. Han gav difor opp heile skodespelkunsten og skreiv ein melodramatisk sjølvbiografisk avskilstekst i Gula Tidend med tittelen «Utestengd».

Skodespelar og sjef ved Det Norsk Teatret

Men då Det Norske Teatret skulle opne i 1913, vart Haaland tilsett som skodespelar i det første ensemblet. Her var dialektbakgrunnen og landsmålsengasjementet hans plutseleg ein ressurs. I 1922 vart han utnemnd til sjef ved Det Norsk Teatret, og han vart sitjande som teatersjef heilt til 1933.

Haaland gav teatret sårt tiltrengd kontinuitet og stabilitet i leiinga. Han etablerte den dobbelstrategien som sidan har prega teatret, med avantgardistisk teater og kommersielle folkekomediar side om side. Han knytte instruktøren Agnes Mowinckel til teatret, og gjennom ein serie iscenesetjingar frå 1923 og utetter gjorde ho Det Norske Teatret til det kunstnarisk førande teatret i landet.

Haaland sjølv var ein realistisk og etter kvart gamaldags instruktør, men ein sterk karakterskodespelar. Mellom høgdepunkta var rollene som Paulus Hove i Arne Garborgs Læraren (1938), Jegor Bulytsjov i Maxim Gorkijs drama med same namn (1935) og hovudrolla i Carl Zuckmayers Köpenick-kapteinen (1932).

Ingjald Haaland vart verande skodespelar ved teatret etter sjefsperioden, til han i 1940 trekte seg attende til Mundheim i Hardanger i lag med andrekona si, Tove Bryn Haaland. Her la han ned eit stort arbeid i å støtte og inspirere amatørteaterrørsla, med far til Jon Fosse mellom dei mange ivrige amatørskodespelarane.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haaland, Ingjald: «Utestengd», Gula Tidend 4.3.1912
  • Sletbak, Nils, red. (1963): Det Norske Teatret femti år 1913–1963. Oslo: Det Norske Samlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg