Irrealis er ein grammatisk konstruksjon som viser til noko uverkeleg.

Faktaboks

Uttale
irreˈalis
Etymologi
'uverkeleg', av latin nektande in- og realis 'verkeleg, reell'

Ein kan nærmare bestemme det uverkelege som:

  • noko som ikkje skjedde/skjer i fortida/notida, men som kunne ha skjedd
  • noko som kan skje i framtida

Her er nokre setningar som illustrerer dette:

  1. noko som ikkje skjedde/skjer i fortida/notida, men som kunne ha skjedd:
    1. Eg hadde sagt det om eg visste det.
    2. Viss ho var glad i deg, ville ho nok ha gjort.
    3. Gjev eg var i eit varmare land!
  2. noko som kan skje i framtida:
    1. Du burde hjelpe bestemor.
    2. Ta av deg skorne!
    3. Eg skal bli eigedomsmeklar når eg blir stor.

Irrealis og realis

Irrealis utgjer i lag med realis den grammatiske kategorien realitet. Realis er ei form av verbet som uttrykkjer at noko som talaren veit eller trur at skjer i notida eller skjedde i fortida:

  • Kari er i byen og kjøper seg nye skor.
  • Eli møtte ei gamal veninne på gata.
  • Anders hjelper bestemor kvar veke med å gjere reint i huset.

I norsk er ikkje realitet ein eigen grammatisk kategori. Slik er det òg i andre europeiske språk, men det finst språk i mange andre delar av verda som uttrykkjer skiljet mellom irrealis og realis meir direkte. Mellom anna har den amerikanske språkforskaren Marianne Mithun skildra realitet i fleire amerikanske urfolksspråk. Realitet er òg viktig i det etiopiske språket nord-mao.

Realitet i nord-mao

I det etiopiske språket nord-mao, som høyrer til den maoide greina av omotisk, er skiljet mellom realis og irrealis heilt grunnleggjande ved verbet i forteljande eller spørjande setningar:

  • Verbformer i realis blir brukt om hendingar i fortid eller i notid, og i nokre språk om framtidige hendingar som ein her heilt sikker på at vil skje.
  • Verbformer i irrealis blir brukt om hendingar i framtid, negative hendingar (i fortid, notid eller framtid) og kontrafaktiske hendingar (som ikkje er markerte som negative).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ahland, Michael Bryan 2012. A grammar of Northtern Mao (màwés aas'è). Ph. D. dissertation, University of Oregon.
  • Mithun, Marianne 1999. The languages of Native North America. Cambridge: Cambridge University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg