Realis er ei form av verbet som uttrykkjer at noko verkeleg skjer eller skjedde. Realis — latin for 'verkeleg' — beskriv situasjonar i verkelegheita, i notid eller fortid.

Faktaboks

Uttale

re'alis

Etymologi

av latin res 'ting' pluss adjektivsuffikset -alis

Realis står i motsetnad til irrealis — latin for 'uverkeleg' — som beskriv noko ein berre tenkjer seg. Det vil seie tenkte situasjonar i framtid, notid eller fortid — noko som til dømes kunne ha skjedd, burde ha skjedd, må skje eller kjem til å skje.

Nokre døme på setningar der verbet står i realis:

  • Kari er i byen og kjøper seg nye skor. (Det skjer akkurat no.)
  • Eli møtte ei gamal veninne på gata. (Det skjedde ein gong i fortida.)

Nokre eksempel på setningar som uttrykkjer irrealis:

  1. Eg hadde sagt det om eg visste det. (Eg veit det ikkje.)
  2. Du burde hjelpe bestemor. (Du hjelper ikkje bestemor.)
  3. Eg skal bli eigedomsmeklar når eg blir stor. (Eg er ikkje eigedomsmeklar og ikkje stor.)

Realis og irrealis blir i stor grad brukte til å beskrive grammatiske forhold i ikkje-europeiske språk. Skiljet mellom realis og irrealis varierer litt mellom ulike språk, men den grunnleggjande ideen er den same.

Realis og irrealis i nord-mao

Det omotiske språket nord-mao, som blir snakka i Etiopia, skil mellom realis og irrealis ved verbet, på følgjande vis:

  • realis blir uttrykt med subjekt-prefiks
  • irrealis blir uttrykt med subjekt-suffiks

Dei to setningane under illustrerer dette, ved at -t- er subjekt-prefiks og -tí- er subjekt-suffiks i 1. person eintal, mens -pèèʃ- er verbstamma som tyder 'slå':

  • IRREALIS
    • ha-pèèʃ-gà-t-bíʃ-á
    • 'eg skal slå (han)'
  • REALIS
    • ha-tí-pèèʃ-á
    • 'eg slo (han)'

(Prefikset ha viser at verbet er stadfestande; affikset uttrykkjer futurum; suffikset á uttrykkjer deklarativ.)

Verb som uttrykkjer futurum, negativ eller noko kontrafaktisk (noko som ikkje stemmer med faktiske forhold), er irrealis. Imperfektive verb er realis. Perfektive verb er realis når dei uttrykkjer ikkje-futurum (presens eller preteritum) og irrealis når dei uttrykkjer futurum.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg