Futurum er eit trekk i den grammatiske kategorien tempus. Hovudfunksjonen til tempus er å peike ut tidspunktet for ein situasjon sett i høve til taletidspunktet. Futurum plasserer situasjonen i framtid, det vil seie etter taletidspunktet. Taletidspunktet er den augneblinken då noko blir sagt. Futurum står i motsetnad til presens (situasjonen er samtidig med taletidspunktet) og preteritum (situasjonen er før taletidspunktet). Tempus er nær knytt til verbet, og er typisk uttrykt gjennom verbbøying (det vil seie morfologisk) eller gjennom ein perifrastisk verbkonstruksjon (det vil seie syntaktisk).

Nokre språk som skil klart mellom desse tre tempusa, er latin og dei romanske språka, som vist i desse setningane med det latinske verbet pluere ‘regne’ og det franske pleuvoir ‘regne’:

. latin fransk norsk
preteritum Herī plūvit. Il plut hier. Det regnde i går.
presens Hodiē pluit.  Il pleut aujourd’hui. Det regner i dag.
futurum Crās pluet. Il pleuvra demain. Det kjem til å regne i morgon.

I norske grammatikkar er det ein gamal tradisjon å setje opp perifrastiske konstruksjonar med verbet vilje eller skulle pluss ein infinitiv som «futurum» – til dømes det vil regne. Denne skikken skriv seg truleg frå eit gamalt ønske om å ta med like mange former i ein norsk grammatikk som i ein latinsk grammatikk. Her er ei jamføring mellom tradisjonell og moderne norsk grammatisk terminologi knytt til futurum:

tradisjonelle termar moderne termar døme
fyrste futurum / futurum simplex presens futurum skal reise
andre futurum / futurum exactum presens perfektum futurum vil ha reist

Norsk har eigentleg ikkje eintydige futurumformer av verbet. I staden for det kjem til å regne i morgon kan vi mellom anna seie det vil regne i morgon. Ofte brukar vi den forma av verbet som står oppført i norske grammatikkar som «presens»: Dersom det regner i morgon, reiser eg ikkje til byen. Her vise både regner og reiser til framtidige situasjonar. I vilkårssetninga dersom det regner i morgon kan vi ikkje byte ut regner med vil regne  eller kjem til å regne: Dersom det vil regne i morgon, … eller Dersom det kjem til å regne i morgon, … er ikkje god norsk. I slike samanhengar uttrykkjer verbet vilje nettopp ønske eller vilje: Dersom du vil kome i morgon, reiser eg ikkje til byen tyder ikkje det same som Dersom du kjem i morgon, reiser eg ikkje til byen.

I norske dialektar finst det fleire måtar å uttrykkje futurum på enn dei som er vanlege i skriftspråka våre. I Nord-Noreg er det til dømes vanleg å seie Eg blir å fare til byen i morgon.

I samisk – og finsk – blir verbformene som til vanleg går under namnet «presens» (eigentleg ikkje-preteritum) nytta om både notidige og framtidige situasjonar, i motsetnad til preteritum, som i desse nordsamiske døma, med verbet arvit ‘regne’:

  • Arvvii ikte. ‘Det regnde i går.’ 
  • Arvá odne. ‘Det regner i dag.’
  • Arvá ihttin. ‘Det kjem til å regne i morgon.’

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.