Samansetning er eit ord som typisk er bygt opp av to eller fleire ord som også kan brukast kvar for seg, til dømes under-tøy, ull-under-tøy og under-slå. Ei samansetning kan òg kallast eit kompositum.
Samansetning er ein type orddanning, ved sida av avleiing, som lærar (med rota lær- og suffikset -ar) og galskap (med rota gal- og suffikset -skap).
Dei to ledda i samansetninga undertøy kallar vi forledd (under-) og etterledd (-tøy). Dei fleste samansetningar – også dei som består av fleire enn to ord – har eit forledd og eit etterledd, og då kan også forleddet og/eller etterleddet består av eit forledd og eit etterledd. Samansetninga ullundertøy har forleddet ull- og etterleddet undertøy, som igjen kan delast i forleddet under- og etterleddet -tøy:
- [ull]forledd + [ [under]forledd + [tøy]etterledd ]etterledd
Samansetninga undertøyspesialist har forleddet undertøy og etterleddet spesialist.
I den norske samansetninga jakthund er etterleddet -hund hovud (overledd) og forleddet -jakt attributt (underledd). Hovudet er det leddet som fortel kva overordna kategori samansetninga høyrer til. Ein jakthund er ein type hund, ikkje ein type jakt. I nokre språk står hovudet først og attributten sist, som i fransk garde-robe 'garderobe', bokstavleg "vaktar-kjole" (garde 'vaktar', robe 'kjole').
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.