orddanning

Artikkelstart

Orddanning er det at nye ord blir danna. Det finst fire hovudtypar av orddanning, som er nærmare forklarte nedanfor:

  1. Samansetning – som fastlege
  2. Avleiing – som lærar
  3. Samantrekking – som burkini
  4. Forkorting – som SV og NATO

Samansetning

Samansetning er å setje saman to ord til eit nytt:

  • fast + legefastlege
  • oske + fast oskefast
  • hav + forskarhavforskar

I ein del tilfelle har forleddet i samansetninga eit eige suffiks, som s-en i bunad-s—politi eller e-en i skatt-e—snytar. Dette suffikset blir ofte kalt samansetningsfuge.

I moderne norsk er samansetning den absolutt vanlegaste måten å lage nye ord på. Kring 80 prosent av dei nyorda som Språkrådet registrerer, er samansetningar.

Avleiing

Avleiing finst i fire variantar:

  • Affigering (tillegg av affiks)
  • Tilbakedanning (fjerning av affiks)
  • Konversjon
  • Modifikasjon

Affigering (tillegg av affiks)

Affigering inneber å leggje affiks (prefiks, infiks, suffiks) til ei rot eller ei stamme:

  • lær- + -arlærar
  • krenk- + -ingkrenking
  • snill + -ismesnillisme
  • ur- + komiskurkomisk

Avleiing skjer i norsk mest med suffiks, som -ar, -ing og -isme i eksempla over, men i nokre tilfelle med prefiks, som ur- i urkomisk. Norsk brukar ikkje infiks.

Tilbakedanning (fjerning av affiks)

Fjerning av affiks eller tilbakedanning er eit relativt vanleg fenomen:

  • støvsugarstøvsug-

Substantivet støvsugar blei laga som ei samansetning av støv og sugar tidleg på 1900-talet. Verbet støvsuge, med stamma støvsug-, blei danna ved å fjerne -ar.

Hankjønnsordet dust 'tosk, tufs' er danna ved tilbakedanning frå adjektivet dustete 'tomsete, toskete'. Dustete tyder òg 'støvete', og er opphavleg ei avleiing frå hokjønnsordet dust 'støv'.

Konversjon

Konversjon er det at ei rot eller ei stamme blir ført over i ein annan ordklasse utan andre endringar:

  • verbet fly ⇨ substantivet fly
  • verbet rope (stamme rop-) ⇨ substantivet rop
  • substantivet NAV ⇨ verbet nave (stamme nav-) 'leve på trygd frå NAV'

I engelsk er konversjon svært vanleg, som i dette eksempelet:

  • Don't Texas my Florida!

Dette var ein parole som demonstrantar brukte i Florida hausten 2021 mot innføring av den strenge abortlovgjevinga som Texas hadde innført tidlegare same året. Her er Texas brukt som eit verb.

Modifikasjon

Modifikasjon er ei endring av ein eller fleire lydar i ei rot eller ei stamme. Denne typen avleiing har vi mykje av i norsk, men alle eksempla er svært gamle, slik at det modifikasjon i liten grad er ein produktiv orddanningsmåte i moderne norsk:

  • verbet binde (stamme bind-) ⇨ substantivet band
  • verbet finne (stamme finn-) ⇨ substantivet funn
  • verbet tvinge (stamme tving-) ⇨ substantivet tvang

Samantrekking

Samantrekking er å ta byrjinga på ei rot eller stamme og kople ho til slutten av ei anna rot eller stamme. Eit «klassisk» eksempel er det engelske substantivet smog 'røykblanda tåke', som er laga av smoke 'røyk' pluss fog 'tåke': sm(oke) + (f)ogsmog. Dette blir òg kalt teleskopord. Mellom nyorda i norsk finst det fleire slike:

  • pl(ukke) + (j)oggingplogging 'plukking av søppel mens ein er ute og joggar'
  • to(rtilla) + (le)fsetofse 'tortillalefse'

I mange tilfelle er det «overlapping» mellom dei to orda som blir trekte saman, ved at dei har lydar eller bokstavar til felles – her vist med store bokstavar:

  • jOBB + (h)OBByjobby 'jobben som hobby eller hobbyen som jobb'
  • covID + IDiotcovidiot 'person som ikkje vaksinerer seg mot covid 19, som bryt karantenereglane, som ikkje brukar munnbind og som protesterer mot tiltaka mot pandemien'
  • burK(a) + (bi)Kiniburkini 'heildekkjande badedrakt for muslimske kvinner'

Forkorting

Forkorting er slikt som initialord og akronym. Her er nokre eksempel:

  • initialordet SV, uttalt [ess-ve], ei forkorting for Sosialistisk venstreparti
  • initialordet bobo 'borgarleg bohem', laga av bo- i kvart av dei to orda
  • initialordet ex. phil., uttalt [eks-fill], laga av byrjinga på orda examen philosophicum
  • akronymet NAV, uttalt [nav], ei forkorting for Ny arbeids- og velferdsforvaltning
  • akronymet NATO, uttalt [nato], ei forkorting for North Atlantic Treaty Organization

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg