Avleiing er det å lage eit nytt ord (leksem) frå eit anna ord, som i desse døma:

Faktaboks

Uttale

'a:vleiing

Etymologi
avleiing er laga etter mønster av dansk Afledning og tysk Ableitung, som er kalkeringar over latin derivatio, som ikkje berre tyder ‘avleiing’ (i grammatikken), men òg ‘bortleiing’ (til dømes vatn frå ei elv) og ‘ombyting’ (av ord, i retorikken)
Også kjend som

derivasjon; bokmål: avledning

  • venn venninne
  • venn vennleg
  • venn uvenn
  • vennleg uvennleg
  • venn vennskap
  • vennskap vennskapleg
  • vennskapleg vennskaplegheit
  • lese lesing
  • øks økse
  • dal døl
  • våt væte
  • dom dømme

Det andre ordet i kvart døme er avleitt frå det fyrste, og det er ei avleiing.

Ikkje alle typar orddanning kan kallast avleiing. Det viktigaste unnataket er samansetning, som i desse døma, der eit nytt ord er laga ved å setje saman to andre ord:

  • venninne + selskap venninneselskap
  • brev + venn brevvenn
  • fleir(e) + språkleg fleirspråkleg

Men ein kan avleie nye ord frå samansetningar:

  • audmjuk audmjukskap
  • fleirspråkleg fleirspråklegheit

Avleiing må òg skiljast frå bøying, som i dette dømet, der vi har fire bøyingsformer av det same ordet (leksemet):

  • venn, vennen, venner, vennene

Avleiingstypar

Vi kan avleie eit ord frå eit anna på fleire måtar, og dei viktigaste i norsk er desse tre:

  • affigering: tillegg av eit affiks
  • modifikasjon: endring utan tillegg av affiks
  • konversjon: avleiing utan affiks eller modifikasjon

Affigering

På norsk brukar vi mest suffiks, men vi har òg nokre få prefiks. Her er døme på begge delar:

  • tillegg av suffiks: venn vennleg
  • tillegg av prefiks: venn uvenn

Modifikasjon

Endring utan tillegg av affiks vil på norsk stort sett seie vokalendring, som i desse døma:

  • dal døl
  • våt væte
  • dom dømme
  • blaut bløyte
  • kvit kveite (fisken eller kornet)

Affigering og modifikasjon

Det finst mange døme på avleiing med både affigering og modifikasjon:

  • auge øygne
  • svak svekkje
  • sur syrleg

Konversjon

Avleiing skjer òg ved at stamma til eit ord blir ført over i ein annan ordklasse, utan affigering eller modifikasjon.

Frå substantiv til verb:

  • (ei) øks(å) økse
  • (ein) bil(å) bile
  • (ei) skeise / skøyte(å) skeise / skøyte

E-en i verba økse, bile og skeise / skøyte er eit bøyingssuffiks for infinitiv, ikkje eit avleiingssuffiks. Likeins er e-en i substantivet skeise / skøyte eit bøyingssuffiks for ubestemt eintal, ikkje eit avleiingssuffiks.

Frå verb til substantiv:

  • (å) kaste (eit) kast
  • (å) hogge (eit) hogg
  • (å) hyle (eit) hyl

Teoretiske merknader

Frå eit meir teoretisk – og nøyaktig – perspektiv kan vi definere avleiing som det å lage ei stamme frå ei anna stamme ved affigering, modifikasjon eller konversjon. Vi tek stamma til eit ord (leksem) og tek ho i bruk som stamme i eit anna ord, med eller utan endringar:

  1. venn (substantiv) ➙ vennleg (adjektiv)
  2. les (verb) ➙ lesing (substantiv)
  3. blaut (adjektiv) ➙ bløyt (verb)
  4. hyl (verb) ➙ hyl (substantiv)

I døme 2 ser vi tydeleg at suffikset -ing blir lagt til stamma les, ikkje til ordet lese, som er ei bøyingsform (infinitiv) med bøyingssuffikset -e. På same vis i døme 4, der substantivstamma hyl er danna frå verbstamma hyl ved konversjon, det vil seie utan affigering eller modifikasjon.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg