malayisk

Artikkelstart

Malayisk er eit språk som høyrer til den malayo-polynesiske greina av den austronesiske språkfamilien. Det er i ulike variantar offisielt språk i Malaysia (standardspråket kalla bahasa malaysia) og i Indonesia (bahasa indonesia). Sistnemnde variant er også offisielt språk i Singapore og Brunei. I tillegg blir malayisk brukt som lingua franca i det søraustlege Asia.

Faktaboks

Uttale
malˈayisk
Språkkoder
ms, msa, may (MS, MSA, MAY)
ISO-639:3
msa

Malayisk er førstespråket til over 40 millionar menneske og andrespråket til 250 millionar menneske i Malaysia, Brunei, Singapore, Indonesia, Aust-Timor og det sørlege Thailand.

Malayisk er det einaste offisielle språket i Malaysia, Brunei og Indonesia. I Singapore er det offisielt språk ved sida av engelsk, mandarin og tamil. I Aust-Timor har malayisk status som «arbeidsspråk» ved sida av engelsk. Tetum og portugisisk er offisielle språk, medan femten andre er nasjonalspråk.

Bahasa Melayu tyder 'malayisk', men språket går under namnet bahasa Malaysia 'malaysisk' i Malaysia, Brunei og Singapore og under namnet bahasa Indonesia i Indonesia og Aust-Timor. Byter vi ut bahasa 'språk' med orang 'menneske', får vi orang Melayu 'malayar', orang Malaysia 'malaysiar' og orang Indonesia 'indonesiar'.

Språkfamilie

Malayisk høyrer til den malayo-polynesiske greina av den austronesiske språkfamilien. Malayo-polynesisk har to greiner: borneo-filippinsk og nukleær malayo-polynesisk. Nukleær malayo-polynesisk har igjen to greiner: sunda-sulawesisk og sentral-austleg malayo-polynesisk. Malyisk høyrer til den sunda-sulawesiske greina.

Språkhistorie

Malayisk har namnet sitt etter fyrstedømet Melayu 'Malaya' på Sumatra. På 600-talet blei Malaya lagt under Sriwijaya-imperiet, der malayisk var kansellispråk. Imperiet eksisterte fram til 1200-talet, då det malayiske språket var veletablert på begge sider av Malakkasundet. Etter kvart blei eit forenkla malayisk, melayu pasar 'basar-malayisk', handelsspråket i heile den malayisk-indonesiske øyverda.

I kolonitida brukte både britar og nederlendarar malayisk i administrasjonen, og det blei offisielt språk i Malaysia og Indonesia. På ein kongress i Jakarta i 1928 vedtok unge indonesiske nasjonalistar ein resolusjon som kravde at det malayiske språket skulle bli fellesspråket i eit framtidig fritt Indonesia, under namnet bahasa Indonesia. I kolonitida vart ulike språknormer utvikla i dei britiske og nederlandske koloniane. Gjennom normeringsarbeidet er avstanden mellom dei ulike språkvariantane minska.

Malayisk har lånord frå mange språk, mellom anna sanskrit, arabisk, persisk, kinesisk, portugisisk, nederlandsk og engelsk. 'Bok' heiter både pustaka (sanskrit), kitab (frå arabisk) og buku (frå engelsk/nederlandsk).

Tidlegare blei malayisk skrive med det arabiske alfabetet.

Språksystem

Malayisk har eit rikt system av prefiks og suffiks for å lage nye ord.

Tek vi substantiva uang 'pengar', nama 'namn', isteri 'kone' og sabun 'såpe' og legg til prefikset ber-, får vi beruang 'ha pengar', bernama 'heite', beristeri 'vere gift' og bersabun 'bruke såpe'. Legg vi ber- til cukur 'barbere', får vi bercukur 'barbere seg'.

Reduplikasjon, det å seie eit ord to gonger, blir mykje brukt i malayisk grammatikk. Frå mata 'auge' og kuda 'hest' får vi mata-mata 'spion' og kuda-kuda 'staffeli'. Frå pulau 'øy' får vi pulau-pulau 'øyar' og frå sakit 'sjuk' får vi sakit-sakit 'støtt sjuk'. Legg òg merke til kepulauan 'øygruppe', 'arkipel', der pulau 'øy' har fått prefikset ke- og suffikset -an.

Uttale

Tidlegare hadde bahasa Malaysia ei engelskbasert rettskriving og bahasa Indonesia ei nederlandskbasert, men frå 1972 har dei same rettskrivinga. Java skifta då skrivemåte frå Djawa til Jawa, medan Djakarta og Surabaja blei endra til Jakarta og Surabaya.

Lånord

Amok, batikk, bambus, ketsjup og orangutang er mellom dei best kjende lånorda våre frå malayisk. På malayisk heiter dei amuk 'raseriutbrot', batik 'blomstrete', 'mønstrete', bambu 'bambus', kecap 'saus', 'duppe' og orang hutan 'skogbuar', 'orangutang'. Kecap 'saus', 'duppe' er opphavleg eit kinesisk ord – på ein sørkinesisk dialekt, amoy-dialekten, har dei ordet ketsiap, som tyder 'fiskesaus'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg