Artikkelstart
Vindafjord er ein kommune i Rogaland, i skjeringspunktet mellom Haugaland, Ryfylke og Sunnhordland. Kommunen blir avgrensa av Yrkjefjorden og den indre, vest-austgåande delen av Vindafjorden i sør, Ålfjorden i nordvest og Bjoafjorden i nordaust.
Vindafjord kommune vart oppretta i 1965 ved at Sandeid kommune og størstedelen av kommunane Imsland, Vikedal, Vats og Skjold vart slått saman. I 1969 vart garden Sponavika ved Skjoldafjorden overført til Tysvær, og i 1978 vart Vormestrandområdet ytst på Ropeidhalvøya overført til Suldal.
Vindafjord fekk dei noverande grensene sine i 2006 då kommunen vart slått saman med Ølen kommune. Ølen hadde på si side vorte utvida med områda aust for Ålfotfjorden av tidlegare Vikebygd kommune i 1964 og overført til Rogaland i 2002.
Vindafjord si grense mot Vestland fylke går etter desse endringane i Ålfjorden (mot Sveio), Bjoafjorden/Melen (mot Kvinnherad) og fjordstrekninga Romsasundet/Etnesundet (mot Etne). I fjelltraktene i nordaust grensar Vindafjord til Etne, i aust til Suldal og i Vindafjorden og Yrkjefjorden i sør til høvesvis til Suldal og Tysvær. Også i sørvest og vest grensar kommunen til Tysvær.
Ølensjøen (Ølen) er administrasjonssenter i den nye Vindafjord kommune. Nokre administrative funksjonar er lagt til Sandeid, som var administrasjonssenter i Vindafjord før samanslåinga i 2006.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.