Faktaboks

Suldalsposten
Offisielt namn
SULDALSPOSTEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Sand
Dagleg leiar
Berit Sandvik
Styreleiar
Endre Kvæstad
Suldalsposten logo
Suldalsposten logo
Suldalsposten.
Suldalsposten med LLA-prisen 1998

Suldalsposten blei kåra til årets lokalavis i 1998. Frå venstre Astrid Guggedal, Einar Schibevaag, Anne Kari Knutli og Sverre Underbakke. I grunngjevinga til Landslaget for lokalaviser heitte det mellom anna: «Suldalspostener ei lokalavis med særpreg. Redaksjonen har ikkje hengt seg på utviklinga mot tabloidisering og nyttar andre verkemiddel i presentasjonen av sakene.»

Suldalsposten med LLA-prisen 1998
Av /Landslaget for lokalaviser.

Suldalsposten er ei lokalavis som kjem ut ein gong i veka på Sand i Ryfylke, både i papirformat og som e-avis. Avisa blei grunnlagd i 1976 og er eigd av Suldal kommune med 34 prosent, Underbakke Holding AS med 33,6 prosent, og andre mindre aksjonærar.

Suldalsposten dekkjer i dag primært Suldal, men har også ein del tingarar i nabokommunane Hjelmeland, Sauda og Vindafjord. Målforma er nynorsk.

Historie

Opplagstall for Suldalsposten, 1986-2022

1986 1948
1988 2055
1990 1976
1991 1976
1992 2025
1993 2025
1994 2050
1995 2004
1996 2021
1997 2250
1998 2298
1999 2324
2000 2271
2001 2272
2002 2156
2003 2245
2004 2221
2005 2295
2006 2348
2007 2419
2008 2437
2009 2423
2010 2375
2011 2371
2012 2311
2013 2337
2014 2392
2015 2347
2016 2288
2017 2274
2018 2240
2019 2212
2020 2366
2021 2516
2022 2608
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Allereie rundt 1960 fekk kommunen ei lokalavis, Sandsposten, som blei lagt ned i 1976. Då utvida Suldal Ungdomslag si lagsavis til å vere ei bygdeavis. Men seinare på året tok Suldal kommune initiativet til ei ny lokalavis, Suldalsposten, som kom ut med sitt første nummer den 22. oktober, og kom så kvar 14. dag med kommunen som eigar og utgjevar, og med kulturstyret som redaksjonsnemnd. Avisa blei montert hos avisa KvinnheringenHusnes og trykt hos SunnhordlandStord. Suldalsposten blir framleis trykt på Stord, etter nokre år ved Sauda Boktrykkeri, men satsen lagar dei no sjølve. Opplaget var på rundt 2000 (oftast under), og avisa blei send gratis til alle husstandane, med oppmoding om å kjøpe abonnement.

Suldalsposten hadde frå starten av ein tilsett redaktør, men då redaktøren sa opp hausten 1977, blei avisa redigert av ei redaksjonsnemnd. Etter årsskiftet 1977/78 blei Roy Høibo tilsett som redaktør, og det gjekk fram av tilsetjingsvilkåra at avisa skulle vere partipolitisk ubunden. Høibo skreiv leiarartiklar der han ser ut til å ha sine eigne, uavhengige meiningar, som i andre lokalaviser. Frå og med første nummer i 1979 kom avisa ut ein gong i veka. Både stoff- og annonsetilgangen var då blitt så stor at dette lønte seg for eigaren, Suldal kommune.

I 1995 blei avisa gjort om til AS og byrja å kome ut to gonger i veka (onsdag og laurdag). Avisa er enno eit AS, uavhengig av aviskjedene, og samarbeider med andre lokalaviser i regionen.

Opplag

År Opplag
2015 2296
2018 2240
2020 2366
2022 2608
2023 2590

Til og med 2018 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Suldalsposten
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg