Rasmus Løland var forfattar, journalist, nynorskaktivist og fritenkjar. Løland skreiv fleire gode barnebøker og var ein engasjert forkjempar for det nynorske språket.
Rasmus Løland var fødd i Sand kommune (i dag Suldal kommune) i Ryfylke. Han voks opp i ein velståande, seinhaugiansk familie som òg var sterkt prega av kampen for parlamentarisme og allmenn røysterett og kampen mot unionen. Det var ein litteraturlesande og avislesande heim, som dessutan tok tidleg standpunkt for landsmålet.
I over ti år stod livet hans mest stilt i kampen mot psykisk og psykosomatisk sjukdom, kombinert med ei årelang gjennomarbeiding av den kristne trua. Samstundes var dette ein periode då han arbeidde med ideane sine og skreiv dei første versjonane av dei tidlege bøkene sine.
Løland debuterte i 1891 med novellesamlinga Folkeliv. Den første barneboka hans var Paa sjølvstyr (1892), og etter kvart vart han den første norske forfattaren som produserte ein omfattande realistisk litteratur for born. Han gav i alt ut 30 bøker. I tillegg til barnebøkene var det vaksenbøker, omsetjingar, eventyrsamlingar og skodespel. Han flytta frå Sand til Oslo permanent i 1897. Frå 1903 budde han i Asker, som næraste nabo og ven til ekteparet Hulda og Arne Garborg.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.