Artikkelstart
Berge Furre var ein norsk historikar, politikar og teolog. Som samfunnsengasjert, kristeleg sosialist var han med på både å skape og å skrive noregshistorie.
Han var ein markant personlegdom på fleire samfunnsområde. Furre kom tidleg med på venstresida i politikken og var blant leiarane for det såkalla Påskeopprøret i Arbeiderpartiet i 1958. I 1961 var han med på å skipe Sosialistisk Folkeparti. Frå 1973 til 1977 var han stortingsrepresentant frå Rogaland for Sosialistisk Valforbund, og i 1976–1983 var han leiar i SV.
Furre skreiv fleire historieverk om 1900-talet. Frå 1971 til 1986 var han knytt til Universitetet i Tromsø, mot slutten som professor, men i 1991 vart han i staden professor i teologi ved Universitetet i Oslo. Han var også engasjert i målsaka og hadde ei rekkje verv i det offentlege og i organisasjonslivet.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.