Grete Faremo

Faktaboks

Grete Faremo
Født
16. juni 1955, Arendal, Agder
Oppvaksen i Bygland, Agder
Grete Faremo er en erfaren politiker og næringslivsleder.

Artikkelstart

Grete Faremo er jurist og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Oslo. Ho har vore statsråd i fire departement i regjeringa Brundtland III, regjeringa Jagland og regjeringa Stoltenberg II.

Bakgrunn

Grete Faremo er fødd i Arendal i Vest-Agder (no Agder) og voks opp i Bygland i Aust-Agder (no Agder). Ho gjekk på Hornnes gymnas i 1970–1973 og blei i 1978 cand.jur. med folkerett som spesialfag ved Universitetet i Oslo. Faremo er dotter av Arbeidarparti-politikar og tidlegare stortingsrepresentant Osmund Faremo.

Næringslivet

Faremo har hatt fleire leiande stillingar i næringslivet. Ho var mellom anna forhandlingsleiar i Aker Eiendom i 1986–1988, kulturdirektør ved Theatrium på Aker Brygge i 1988–1989, direktør i Norsk Arbeiderpresse i 1990–1997, direktør i 1997–1998 og konserndirektør i 1998–2003 i Storebrand ASA, direktør i Microsoft for jus og samfunnskontakt i Vest-Europa frå 2004 til 2008 og partnar i Rådgiverne LOS i 2009.

Politisk karriere

Faremo starta si partipolitiske karriere som leiar av AUFs kulturutval i 1982–1984 og medlem av det internasjonale utvalet til AUF i 1984–1985. Ho var varamedlem for Arbeidarpartiet i Oslo bystyre i 1987–1991 og medlem av styret for Oslo Ap i 1990–1992. Før dette arbeidde Faremo som juridisk saksbehandlar i finansdepartementet i 1979–1980, saksbehandlar i NORAD i 1980–1984 og var byråsjef i departementet for utviklingshjelp i 1984–1986.

Stortingsrepresentant og statsråd

Faremo var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oslo i 1993–1997 og sat i energi- og miljøkomiteen. Faremo var bistandsminister i 1990–1992 og justisminister i 1992–1996 i regjeringa Brundtland III. Som bistandsminister arbeidde ho mellom anna med å skape eit tettare samband mellom Noreg og internasjonale organisasjonar og eit betre system for overføring av bistand.

Faremo gjekk av som justisminister i desember 1996 etter avsløringar om at Berge Furre hadde vore under etterforsking av Politiets overvakingsteneste (POT) då han sat i Lund-kommisjonen. Faremo var i ein liten periode hausten 1996 olje- og energiminister i regjeringa Jagland. Ho sat på Stortinget ut perioden, men trekte seg ut av aktiv politikk frå 1997 og fram til ho blei forsvarsminister i 2009.

Grete Faremo var tilbake som aktiv politikar i regjeringa Stoltenberg II i perioden 2009–2013. Frå 2009 til 2011 var ho forsvarsminister og hadde mellom anna ansvaret for omstillinga i Forsvaret og det norske engasjementet i Libya. Hausten 2011 overtok Faremo som justisminister etter Knut Storberget. Etter terroraksjonane 22. juli 2011 bytte departementet frå 2012 namn til Justis- og beredskapsdepartementet, og Faremo var justis- og beredskapsminister frå 2011 til 2013.

FN

FNs generalsekretær Ban Ki-moon utnemnde i mai 2014 Grete Faremo til ny direktør for United Nations Office for Project Services (UNOPS), med sete i København – ei stilling ho tiltredde i august same år.

Andre verv

Faremo har hatt ei lang rekkje administrative verv og tillitsverv, mellom anna ulike verv i Det norske Samlaget, styremedlem i Saga Petroleum i 1997–1999, PLAN Norge i 2000–2003, ISF (Institutt for samfunnsforsking) i 2001–2004, Elkem i 2002–2005, Schibsted i 2004–2006, COWI AS i 2008–2009 og Norsk helsenett SF i 2009. Ho var styreleiar i Statnett SF i 2000–2005 og i Norsk Folkehjelp i 2003–2007, og nestleiar i Norsk Hydro i 2006–2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg