Faktaboks

Hans Nielsen Hauge
Fødd
3. april 1771, Rolvsøy, Østfold
Død
29. mars 1824, Bredtvedt, Oslo
Levetidskommentar
Gravlagd på Gamle Aker kirkegård
Verke
Legpredikant, folkevekker og samfunnsreformator
Familie

Foreldre: Gårdbruker Niels Mikkelsen Evenrød (1732–1813) og Maria Olsdatter Hauge (1735–1811).

Gift 1) 23.1.1815 med Andrea Andersdatter Nyhus (1784–19.12.1815); 2) 4.1.1817 med Ingeborg Marie Olsdatter (1791–13.7.1872). Far til Andreas Hauge (1815–92); farfar til Hans Nilsen Hauge (1853–1931; se NBL1, bd. 5).

Hans Nielsen Hauge

Portrett. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Hans Nielsen Hauge
Av /NTB Scanpix ※.

Hans Nielsen Hauge var ein norsk vekkingsleiar og lekpredikant. Tilhengjarane hans vart kalla haugianarar. Hauge skapte den første norske religiøse vekkingsrørsla, lekmannsrørsla, i 1796–1804, då han dreiv omfattande aktivitet i store delar av landet. Hauge skreiv ei rekkje religiøse bøker, som fekk stor utbreiing. Hauge-rørsla var òg eit slags forretningsnettverk.

Hauge er den enkeltpersonen som har hatt størst innverknad på norsk kyrkjeliv etter reformasjonen. Dei religiøse førebileta hans var mellom anna Martin Luther (1483–1546), Johann Arndt (1555–1621) og Erik Pontoppidan den yngre (1698–1764).

Tidleg liv og religiøst gjennombrot

Hauge sine foreldre var bønder, som var truande og opplyste, og allereie som barn var Hauge opptekne av religiøse spørsmål. Han fekk sitt religiøse gjennombrot den 5. april 1796, som ifølgje Hauge si eiga skildring kom medan han arbeidde på marka og song salmen Jesu, din søde Forening at smage av Johan L. C. Allendorf. Han vart kalla til å «vedkjenne seg Herrens namn for menneska og formane dei til å omvende seg».

Forkynning og vekking

Haugianerne
Av /Nasjonalmuseet.

Etter det religiøse gjennombrotet kjende han seg kalla av Gud til å forkynne til andre. Hauge byrja verksemda si som forkynnar i nærmiljøet, men allereie sommaren 1796 reiste han til Oslo. Dit hadde han mellom anna med seg manuskriptet til ein pamflett han hadde skrive, Betragtning over Verdens Daarlighed, som vart publisert same haust. Den inneheldt mellom anna ein sjølvbiografi over eige livsløp fram til det religiøse gjennombrotet, i tillegg til kritikk av prestane.

I åra 1797–1804 reiste han rundt i det mest av landet og var heilt nord til Tromsø. Han var òg fleire turar til Danmark. Hauge samtala med menneske han trefte og forkynte for forsamlingar. Samtidig var han aktiv som forfattar, og skriftene hans fekk stor utbreiing. Etter få år stod Hauge i brodden for eit landsomfattande nettverk som var knytt saman gjennom personleg kontakt, brevveksling og ein sams religiøs kultur.

Religiøs ideologi

Religiøst sett bygde Hauge på arven frå pietismen i første delen av 1700-talet. I forkynninga og i skriftene sine framheva han omvending for den einskilde og det personlege trusforholdet. I kristne lærespørsmål ville han vere ortodoks (rettruande) luthersk, og særleg dei religiøse skriftene hans er polemiske mot forkynninga til prestane. Hauge la stor vekt på Guds lov si betydning for kristenlivet og kravet om lydnad mot Guds bod. Han skilde seg frå pietistane ved ei høg vurdering av det jordiske kallarbeidet, og frå herrnhutarane (Brødremenigheten) ved å understreke heilaggjering og gjerningane. Han la særleg vekt på at kristentrua måtte syne seg i livsførselen til menneska, og at gjerningane var kjenneteikn på trua.

Hauge var imot alle sektdanningar og ønskte å slutte opp om Den norske kyrkja. I Hans Nielsen Hauges Testamente til sine Venner åtvarar han mot separatisme og skjerpar inn at haugianarane skal gå i kyrkja og motta sakramenta. Dette har vore tolka som ein resignasjon samanlikna med den sterkt kritiske haldninga han tidlegare stod for. Snarare hadde Hauge endra strategi då Hauge og Hauge-rørsla opplevde ei stor sosial oppdrift. I denne situasjonen meinte han at den beste måten ville vere å tilpasse seg kyrkja for å sikre rørsla innverknad og halde henne samla.

Kvinnesyn

Heilt frå starten var det kvinnelege forkynnarar med i Hauge-vekkinga. Hauge la vekt på dei religiøse føresetnadene, ikkje på kjønn, når det galdt spørsmålet om kven som kunne forkynne. I fleire av skriftene sine gav han eintydig støtte til kvinnelege forkynnarar, og peika òg ut kvinner til å vere blant leiarane i rørsla. Hauge stod heller ikkje for ei tradisjonell bibeltolking i dette spørsmålet. Han meinte at apostelen Paulus ikkje meinte å utelate kvinner frå forkynninga, men at han åtvara mot lettsindig eller unyttig prat.

Hauge avviste òg at det fanst særskilt manns- eller kvinnearbeid. Han fekk stor merksemd når han gjekk og strikka på dei mange ferdene sine. Han meinte at mennene burde lære seg å sy kleda sine sjølve. Hauge gav òg arbeid til kvinner i føretaka sine.

Forfattarskapen

Hans Nielsen Hauge
Portrett av Hauge måla i København rundt 1800
Hans Nielsen Hauge
Av .

Ei viktig side ved livsverket til Hauge var verksemda som forfattar og bokutgivar. Berre veker etter gjennombrotet våren 1796 gav han ut det første skriftet sitt, Betragtning over Verdens Daarlighed. På tittelbladet presenterte han seg audmjukt som «en lidet forsøgt og mindre skriftlærd Dreng Hans Nielsen Houge på Rolfsøen i Thunøe Sogn». I dei første bøkene var han oppteken av dei dårlege kåra for den sanne gudstrua og kritiserte verdslege prestar og menneske med «død tru». Han gav òg ut preikesamlingar og ei salmebok.

Bøkene kom i fleire og større opplag, og Hauge måtte til København for å finne store nok trykkjeri som kunne ta på seg trykkjeoppgåva. Det er rekna ut at bøkene og skriftene hans nådde eit opplag på om lag to hundre tusen eksemplar fram til 1805. Det gjorde han til den mest lesne forfattaren i Noreg på den tida. Beskrivelse over Hans Nielsen Hauges Reiser (1816) er ei viktig kjelde til livsverket hans, og i den religionspsykologiske boka Om religiøse Følelser og deres Værd (1817) skildra han igjen si eiga religiøse oppleving i 1796. I alt skreiv han 33 bøker og skrifter.

Forretningsdrifta

Ein av vennene til Hauge kjøpte etter råd frå Hauge eit boktrykkjeri i Kristiansand i 1799, og nokre av dei sette i gang ein papirfabrikk på Eiker, også etter initiativ frå Hauge. I 1801 fekk Hauge sjølv handelsborgarskap i Bergen og byrja å drive handel i Nordland. Forfattarskapen og bokproduksjonen var ein viktig overgang til forretningsdrifta. Hauge ville sikre eit økonomisk grunnlag for verksemda si og brukte overskotet til å etablere nye industriføretak.

Etter 1801 spreidde han verksemda til nye bransjar: papirfabrikk, tekstilbedrifter, møller, teglverk, gruvedrift, saltkokeri, handverks- og handelsbedrifter, verkstader og fiskebruk. Han fekk også tilhengjarar til å investere og setje i verk nye tiltak, og slik blei det religiøse nettverket òg eit økonomisk nettverk. Hauge synte seg som ein framifrå entreprenør, men forsøket på eit økonomisk-kristelig fellesskap førte til at han vart skulda for å vere ute etter personleg økonomisk vinning.

Den religiøse tenkinga hans støtta opp under den økonomiske verksemda. Gud hadde sett menneska i verda for at dei skulle arbeide og vere verksame. I dette låg dei ei tydeleg kallstenking, der menneska skulle vere gode forvaltarar av dei goda som verda gir. Han såg på lediggang som eit vonde som ein kristen skulle unngå. Sjølv gjekk han med strikketøy på landevegen og deltok i gardsarbeid saman med dei han budde hos.

Konflikt, rettssak og dom

Hauge kom tidleg i konflikt med prestar og andre embetsmenn, då forkynnarverksemda hans var i strid med konventikkelplakaten av 1741, som sette forbod mot religiøse møte utanfor prestane sin kontroll. Hauge vart fleire gonger arresterte for brot på konventikkelplakaten. Han vart som oftast lauslaten etter få dagar eller veker, men i 1799 sat han ein månad i tukthus i Trondheim etter sju vekers varetektsarrest. Våren 1800 reiste Hauge til København for å leggje fram saka si for kongen, men gav opp dette då han kom dit. Derimot publiserte han nye opplag av skriftene sine og eit par nye bøker, Den Christelige Lære og Christendommens Lærdoms Grunde.

Regjeringa i København fekk fleire klagar på Hauge si «fanatiske» forkynning. Ifølgje skuldingane førte forkynninga til mistillit til styresmaktene og prestane. I 1804 bad regjeringa embetsmennene i landet om å gi rapportar om Hauge si verksemd. Dei fleste skildra han som ein svermar og folkeforførar som spreidde overtru, fanatisme og falsk kristendom blant allmugen og utnytta religionen til økonomisk vinning. Resultatet var eit rundskriv til alle amtmenn med ordre om å arrestere Hauge, men Hauge hadde igjen vorte fengsla for brot på konventikkelplakaten allereie før rundskrivet kom fram.

Etter heimkomsten sin frå ei reise til Danmark vart han i 1804 arrestert i Eiker og ført til Oslo for å stillast for ein kongeleg undersøkingskommisjon. Kommisjonen arbeidde i ni år, og i mellomtida sat Hauge fengsla. Dei to første åra sat han under så harde vilkår at han fekk ein alvorleg helseknekk. Først i 1809 blei tiltalen utforma, der han blei skulda for brot mot konventikkelplakaten, kritikk av prestar og embetsmenn, og for å vill-leie ungdomen. Mest alvorleg var likevel tiltalepunktet om at han var i ferd med å byggje opp eit organisatorisk fellesskap som kunne utfordre den statlege organisasjon, ein «stat i staten». Han blei òg skulda for å ha disponert ei «heilag kasse» av pengane til venene, som Hauge hadde gjort seg rik på.

I 1809 vart Hauge mellombels lauslaten for å reise til Sørlandet, på oppdrag frå det offentlege, for å lage til og forbetre saltkokeri. På grunn av blokaden under Napoleonskrigane måtte Noreg sjølv dekkje behovet sitt for salt, og Hauge hadde innsikt i saltutvinning. I 1811 vart han lauslaten, men dommen fall først i 1813 og lydde på to års festningsarbeid. Retten avviste då tiltalepunktet om at han var i ferd med å byggje opp eit borgarsamfunn i staten, då det ikkje blei bevist at han hadde disponert venene sine pengemidlar eller svindla folk.

Hauge anka dommen for Overkriminalretten, som like før jul i 1814 dømde han til 1000 riksdalar i bøter for brot på konventikkelplakaten og fornærmelege utsegner om prestane, men frifann han for tiltale for religiøs separatisme og økonomisk utnytting av tilhengjarane sine. Alt i februar 1815 var bota gjord opp. I 1820 fekk Hauge erstatning frå staten på 2614 spesidalar for tapt inntekt og tap av formue.

Dei siste åra

Etter dommen slutta Hauge med reiseverksemda si. Han slo han seg ned på garden Bakke utanfor Kristiania, og i 1817 kjøpte han garden Bredtvet. Etter fengselsopphaldet møtte han ei langt meir forsonleg halding frå eliten i det norske samfunnet, og hadde omgang med prestar og andre embetsmenn i Kristiania. Fengselsopphaldet hadde gått hardt utover helsa hans, men han heldt framleis kontakt med dei haugianske venene gjennom brevveksling. I tillegg heldt han fram forfattarverksemda si.

Ettermæle

Haugianismen fekk mykje å seie i den norske kyrkja, og gjennom den organiserte lekmannsrørsla har innverknaden vore omfattande. Hauge-rørsla er blitt ståande som ei av dei viktigaste religiøse og politiske rørslene i nyare norsk historie.

Hauge-rørsla var ikkje den første: I 1780-åra hadde bondeføraren Kristian Lofthus frå Agder mobilisert tilhengjarar i ein økonomisk og politisk kamp med brodd mot den økonomiske eliten og embetsmennene.

I motsetnad til Lofthus-reisinga var ikkje haugianismen lokalt avgrensa, men nådde det meste av landet. Ho førte til viktige endringar i bøndene si politiske rolle i Noreg. Sentrale haugianarane blei valde inn på Stortinget etter 1814, der dei blei ein viktig del av bondeopposisjonen. Halvdan Koht har karakterisert Hauge-rørsla som «den faste kjernen i den politiske bondereisinga». På lengre sikt innebar dette ei frigjering av bondestanden i høve til elitegruppene i det norske samfunnet, i første rekkje embetsstanden.

Samlingar av Hauge sine skrifter

  • Hans Nielsen Hauges skrifter, samla utgåve ved Hans N.H. Ording. Oslo 1947–54
  • Brev frå Hans Nielsen Hauge, ved Ingolf Kvamen. Oslo 1971–76

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aarflot, Andreas: Tro og lydighet: Hans Nielsen Hauges kristendomsforståelse, 1969
  • Aarflot, Andreas: Hans Nielsen Hauge: liv og budskap, 1971 (bearbeidet utg. av Tro og lydighet ...)
  • Bang, A. Chr.: Hans Nielsen Hauge og hans Samtid, 1874
  • Breistein, Dagfinn: Hans Nielsen Hauge: "Kjøbmand i Bergen": kristen tro og økonomisk aktivitet, 1955
  • Christoffersen, Svein Aage (red.): Hans Nielsen Hauge og det moderne Norge, 1996
  • Dørum, Knut og Helje Kringlebotn Sødal (red.): Hans Nielsen Hauge. Fra samfunnsfiende til ikon, 2017.
  • Gilje, Nils & Tarald Rasmussen: Norsk idéhistorie, b. 2, 2002
  • Kullerud, Dag: Hans Nielsen Hauge: mannen som vekket Norge, 1996
  • Norborg, Sverre: Hans Nielsen Hauge: biografi 1771-1804, 1966
  • Norborg, Sverre: Hans Nielsen Hauge: biografi 1804-1824, 1970
  • Sjursen, Finn Wiig: Den haugianske periode, 1796-ca 1850, 1993-97, 4 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg