Vekeavisa Orientering blei etablert ved årsskiftet 1952/53 av ei gruppe NATO-motstandarar, i hovudsak knytte til Arbeidarpartiet. Hovudoppgåva til avisa var å «holde ytringsfrihetens råk åpen» under den kalde krigen.
Avisa blei til i eit klima med utbreidd kommunistfrykt, der det for opposisjonen var viktig å halde god avstand til kommunistane. Difor vekte det stor uro då Orientering sitt prøvenummer like før jul i 1952 hadde ei sterk antivestleg stilling. Kort etter blei den eine av dei to gründerane i avisa, tidlegare kommunist Haavard Langseth, fjerna i eit kupp leidd av helsedirektør Karl Evang. Likeins blei den første redaktøren i Orientering, Jakob Friis, avsett og underlagt Evang-krinsen sin redaktørkandidat, Sigurd Evensmo. Avisa staka slik ut ein tydeleg kurs for ein blokkuavhengig tredje veg i utanrikspolitikken.
Frå midten av 1950-åra spela avisa ei viktig rolle i hendingane som førte til at Sosialistisk Folkeparti (SF) blei danna i 1961. Det var flytande grenser mellom Orientering-krinsen og det opposisjonelle Sosialistisk Studentlag, knytta til Arbeidarpartiet (Ap). Personar frå denne krinsen sette i gang det såkalla påskeopprøret mot Ap sin utanrikspolitikk i 1958, og året etter gjennomførte dei etter partileiinga si meining ei ureglementert reise til austblokka. I 1960 vedtok Ap å ekskludere medlemer som var knytte til avisa. Frå 1961 blei avisa i stadig større grad eit talerøyr for det nyetablerte SF.
Orientering fekk aldri noka stor utbreiing, men likevel fekk avisa stor innverknad. Avisa samla NATO-motstanden i 1950-åra, og etter som «ytringsfrihetens råk» blei breiare utover i 1960- og 70-åra, førte avisa an i mellom anna ei rekkje spørsmål frå krigen i Vietnam, avkoloniseringsspørsmål og kvinnesak.
I byrjinga av 1970-åra spela avisa igjen ei viktig politisk rolle i den turbulente prosessen fram til Sosialistisk Venstreparti (SV) blei etablert i 1975. Striden om kva som skulle skje med Orientering var ein viktig faktor i den politiske dragkampen mellom ulike syn. Dette førte òg til slutten for avisa.
I 1975 blei Orientering oppteken i den nye partiavisa til Sosialistisk Venstreparti, Ny Tid, og Audgunn Oltedal blei den første landsmøtevalde redaktøren.
Blant dei mange gode spaltistane og skribentane i avisa var Georg Johannesen, Torborg Nedreaas, Jens Bjørneboe og Johan Borgen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.