Storegutprisen

Artikkelstart

Storegutprisen er ein pris for positiv og levande bruk av nynorsk.

Storegutprisen blei første gongen delt ut i 2002. Prisen går til nokon som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk.

Juryen for Storegutprisen blir oppnemnd av medlemslaget Litteraturdagane og Nynorsk kultursentrum. Vinjesenteret er sekretariat for prisen.

Storegut, eller eigentleg Olav Olavson Edland, blei fødd på Edland i Telemark i 1764 og kom bort i fjellet sommaren 1791 medan han gjette buskapen. Etter at han forsvann, blei det fortalt mange soger om han og kva som kunne ha skjedd. Aasmund Olavsson Vinje skriv om Storegut og faren i boka Storegut (1866, ny utgåve 1868), som er eit hovudverk i Vinjes dikting.

Prisvinnaren får ein Storegut-statuett. Storegutprisen blir delt ut årleg på Edland under Litteraturdagane.

Vinnarar av Storegutprisen

År Mottakarar
2002 Ivar Eskeland
2003 Berge Furre
2004 Ragnhild Sælthun Fjørtoft
2005 Bjørn Bø
2006 Sigmund Groven
2007 Liv Signe Navarsete
2008 Audun Svartdal
2009 Nina og Øystein Rudi, Rudi Gard
2010 Odd Nordstoga
2011 Astrid Brekken
2012 Ingvild Bryn
2013 Herborg Kråkevik
2014 Sondre Bratland
2015 Lerum AS
2016 Are Kalvø
2017 Kristin Sørsdal
2018 Olav Vesaas
2019 Linda Eide

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg