Eit offisielt språk er eit språk som er anerkjent og vedteke for bruk i offentleg administrasjon, lovgjeving og offentleg kommunikasjon. Det kan vere eitt eller fleire språk i eit land, og desse språka blir for eksempel brukte i offentlege dokument, skilting, undervisning og offentlege tenester.

Rundt 90 prosent av landa i verda har vedtekne offisielle språk, halvparten har meir enn eitt offisielt språk. Land som ikkje har offisielle språk har ofte eitt eller to språk som er de facto offisielle.

Nokre land har berre eitt offisielt språk. Det gjeld til dømes Island, Frankrike og Tyskland. Mange av statane som har berre eitt offisielt språk er statar der nasjons-, språk- og landegrensene i stor grad er samanfallande.

Nokre land har ikkje offisielle språk, til dømes USA. Dei fleste som bur i USA snakkar engelsk og har det som morsmål, men det har aldri blitt vedteke som offisielt språk, mellom anna fordi det ville ført til at ein måtte ta stilling til om spansk òg skulle fått status som offisielt språk. Andre land som ikkje har vedteke eit offisielt språk er Australia, Eritrea, Luxembourg og Storbritannia.

Offisielle språk i Norden

Noreg har to offisielle språk med nasjonal status, norsk og samisk. Norsk er det statsberande språket, og blir brukt på alle nivå i samfunnet. Samisk er det einaste språket som er nemnd i grunnlova. Det er to offisielle skriftspråksformer av norsk, nynorsk og bokmål. Det er tre samiske språk i Noreg: nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. I tillegg har kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk status som minoritetsspråk.

Danmark har dansk som de facto offisielt språk. Anerkjende minoritetsspråk er færøysk, grønlandsk og tysk. På Færøyane er færøysk og dansk offisielle språk. Færøysk er det primære språket, medan dansk kan brukast i alle offentlege samanhengar og er obligatorisk fag på skulen. På Grønland er berre grønlandsk offisielt språk, og det er ikkje obligatorisk opplæring i dansk. Mykje offentleg informasjon er likevel tilgjengeleg på dansk. Tysk blir brukt av eit mindretal i Sønderjylland (Nordslesvig). Retten til å bruke tysk i Danmark og dansk i Tyskland er beskytta av København-Bonn-erklæringane frå 1955.

Sverige har svensk som offisielt språk (kalla hovudspråk i den svenske språklova). I tillegg er finsk, jiddisk, meänkieli (tornedalsfinsk), romanes og samisk offisielle minoritetsspråk, og svensk teiknspråk har eit særskilt vern i lova.

Finland har to offisielle språk med nasjonal status, finsk og svensk. Majoriteten snakkar finsk, rundt 6% snakkar svensk. På Åland er svensk det einaste offisielle språket. Tre samiske språk, romanes, karelsk og finsk teiknspråk er offisielle minoritetsspråk. Samisk har offisiell status i kommunane Enontekis, Enare, Utsjok og norddelen av Sodankylä.

Island har eitt offisielt språk, islandsk. Islandsk teiknspråk er offisielt minoritetsspråk. Dansk, eller eit anna skandinavisk språk, er obligatorisk skulefag.

Land med fleire offisielle språk

Mange av landa som har fleire offisielle språk er tidlegare koloniar, der språket til kolonimakta har blitt verande som det viktigaste fellesspråket. I Namibia er til dømes engelsk offisielt språk, men oshiwambo er det største talespråket i landet og afrikaans er mykje brukte. I Senegal er offisielt språk fransk, men det blir snakka over 30 språk i landet.

I land der det er mange offisielle språk er det gjerne eitt eller to språk som fungerer som dei viktigaste fellesspråka, dette er ofte arv frå kolonitida. Nokre døme:

  • Bolivia har 37 offisielle språk. Spansk er det statsberande språket.
  • India har 22 offisielle språk. Hindi og engelsk er statsberande språk; hindi er mest brukt av folket, medan engelsk blir brukt i lovene, dei øvste domstolane og er dominerande i statsadministrasjonen.
  • Sør-Afrika har elleve offisielle språk, mellom anna engelsk, zulu, afrikaans og xhosa. Engelsk er statsberande språk.

Utbreidde offisielle språk

Fire av dei fem mest utbreidde offisielle språka i verda er språka til dei tidlegare kolonimaktene Storbritannia, Frankrike, Spania og Portugal.

Land med fleire nasjonar

Ein del land har fleire nasjonar og difor fleire offisielle språk. Nokre døme:

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg