meänkieli

Meänflaku – det tornedalske flagget.
Av .

Artikkelstart

Meänkieli eller tornedalsfinsk er eit språk som høyrer til dei finsk-ugriske språka i den uralske språkfamilien. Det er nært slektskap til mellom anna finsk og kvensk. Meänkieli er førstespråket til 40 000–70 000 menneske i Tornedalen og nærmare 10 000 utflytte tornedalingar.

Faktaboks

Også kjent som

tornedalsfinsk

Språkkoder
fit (FIT)
ISO-639:3
fit

Meänkieli er eit offisielt minoritetsspråk i Sverige.

Endonymet for språket er meänkieli, av meän kieli 'vårt språk'. Det offisielle forvaltningsområdet er seks kommunar i Norrbottens län: Pajala, Haaparanta/Haparanda, Matarengi/Övertorneå, Kiruna og Jellivaara/Gällivare. Tornedalen og Sverige heiter Tornionlaakso og Ruotti. I svenske kommunar som inngår i forvaltningsområdet for eitt eller fleire av språka samisk (19 kommunar), finsk (59 kommunar) og meänkieli (seks kommunar), har innbyggjarane rett til å nytte språket sitt i kontakten med myndigheitene. Kommunane er pliktige til å tilby barnehage, barnevern og eldreomsorg på minoritetsspråket.

Språkfamilie

Meänkieli høyrer til austersjøfinsk, saman med mellom anna finsk, kvensk, karelsk og estisk. Austersjøfinsk og samisk utgjer ei finsk-samisk grein av finsk-volgaisk, som saman med permisk utgjer den finsk-permiske greina av finsk-ugrisk, som saman med ugrisk utgjer den finsk-ugriske greina av den uralske språkfamilien.

Språkhistorie

Sverige avstod Finland til Russland i 1809, blei riksgrensa trekt langs Torneelva, og mange finskspråklege hamna på svensk side. Finsk i Finland blømde og fekk styrkt stillinga si, medan finsk i Sverige, tornedalsfinsk, fekk ei svekt stilling og låg status, andsynes både svensk og finlandsfinsk. Sist på 1800-talet blei svensk einaste skulespråk.

Stoda endra seg ikkje før i 1970-åra, då tornedalingane fekk styrkt sjølvmedvit, og språknamnet meänkieli kom i bruk. Viktig for utviklinga av eit standardisert skriftspråk var utgivinga av ordboka Meän kielen sanakirja i 1992 og grammatikken Meänkielen kramatiikki i 1996. I 1999 fekk meänkieli status som eit offisielt, svensk minoritetsspråk.

Det har kome ut romanar på meänkieli. I 1985 kom den første, ungdomsboka Lyykeri 'Luger', av Bengt Pohjanen (født 1944). I 2002 kom Poppimysiikkiä Vittulasta, ei omsetjing av Populärmusik från Vittula (2000) av Mikael Niemi (fødd 1959 i Pajala).

Språksystem

Meänkieli er ein nordleg variant av vestfinsk, og språket har fleire drag felles med nordfinsk og kvensk. Over det meste av Finland, også i standardfinsk, har h falle bort mellom trykklause vokalar: Pajalahan > Pajalaan 'til Pajala'. H-en står i mellom anna nordfinsk, kvensk og meänkieli – jamfør meänkieli Pajalhaan/Pajahlaan.

Her er ei setning på meänkieli – pt = preteritum (fortid):

  • Köökissä haisi jo rukkuus ko mie pääsin vintiltä alas.
  • kööki-ssä hais-i jo rukkuus ko mie pääs-in vinti-ltä alas
  • kjøken-i lukte-PRETERITUM alt bøn då eg kome-PRETERITUM-eg loft-frå ned
  • 'På kjøkkenet lukta det alt bønemøte då eg kom ned frå loftet.'

I kööki-ssä og vinti-ltä kjenner vi att dei svenske orda kök 'kjøkken' og vind 'loft'. Pronomenet mie 'eg' er opphavleg austfinsk, men har spreidd seg til mange dialektar, medrekna kvensk. Standardfinsk har minä. Rukkuus 'bøn' svarer til standardfinsk rukous og illustrerer ei typisk lydendring i meänkieli (og kvensk): Ein konsonant blir lang mellom ein kort og ein lang vokal: rukuus > rukkuus.

Lånord

Meänkieli har lånt mange svenske ord, som kan skape vanskar i kommunikasjonen med finsktalande. Her er nokre svenske ord i meänkieli:

Norsk Svensk Meänkieli Finsk
handduk, handkle handduk hantuuki pyyheliina
gaffel gaffel kahveli haarukka
glas, vindauge glas, fönster klasi ikkuna
bleik blek pleeki kalpea

Medan finsk i liten grad har konsonantgruppe fremst i ord, har meänkieli fått mange slike i kontakten med svensk: klasi 'glas', 'vindauge', kranni 'granne', fryysi 'fryseskap', kruua 'gruve'. Boka Populärmusik från Vittula av Mikael Niemi har gjort meänkieliordet knapsu 'kjerringaktig' kjent langt utanfor Tornedalen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kenneth Hyltenstam: «Begreppen språk och dialekt – om meänkielis utveckling till eget språk», i Kenneth Hyltenstam (red.): Sveriges sju inhemska språk – ett minoritetsspråksperspektiv, Studentlitteratur. Lund 1999

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg