Hjelpespråk er språk som blir brukte i samkvem mellom menneske som ikkje forstår morsmålet til kvarandre. Det kan anten vere naturlege språk, t.d. engelsk, eller konstruerte kunstspråk, t.d. esperanto.

Med rudimentært hjelpespråk meiner vi eit forenkla språk som særleg blir nytta i handelssamband av enklare form. Slike språk har ein sterkt forenkla fonologi og grammatikk, og blir kalla pidginspråk. I nokre tilfelle kjem ordtilfanget frå eitt språk, som i lingua franca, eller frå to eller fleire språk, som i russenorsk. Ofte trur dei som brukar eit slikt språk, at dei talar språket til motparten; russarane trudde dei tala norsk og nordmennene at dei tala russisk når dei nytta russenorsk.

I mellomalderen var latin det viktigaste internasjonale hjelpespråket. Frå seinmellomalderen og fram til 1900-talet hadde fransk ei leiande stilling som diplomatispråk. No er engelsk det dominerande internasjonale hjelpespråket på dei fleste felt. I Dei sameinte nasjonane (SN, bokmål FN) er engelsk, fransk, spansk, russisk, kinesisk og arabisk offisielle språk, og dei fem siste spelar ei viss rolle internasjonalt, men ikkje på ein måte som kan jamførast med engelsk.

Mange har prøvd å skape eit nøytralt internasjonalt hjelpespråk. Descartes og Leibniz drøfta om det lét seg gjere å skape eit regelrett kunstspråk, og det fyrste framlegget blei presentert av skotten George Dalgarno (død 1687) i boka Ars Signorum (1661). Det fyrste av dei meir kjende framlegga er volapük, andre er idiom neutral (seinare kalla interlingua), esperanto, ido, occidental (seinare kalla interlingue), novial og interglossa. Av desse har berre esperanto fått ei viss utbreiing.

Ei eiga form for hjelpespråk er forenkla utgåver av eksisterande verdsspråk: latino sine flexione (latin utan bøying) og simplified english eller anglic. Det mest kjende hjelpespråket av denne typen er Basic English, som blei utarbeidt i 1920-åra av briten C. K. Ogden, men som aldri fekk noka utbreiing.

I 1924 blei organisasjonen International Auxiliary Language Association (IALA) danna i New York, med det formålet å freiste å etablere prinsippa for korleis eit internasjonalt hjelpespråk bør vere oppbygt, og å undersøkje om nokon av dei eksisterande konstruerte språka lever opp til desse prinsippa. Organisasjonen skulle ikke lage noko nytt hjelpespråk, men i 1933 slo IALA om, og resultatet blei ikkje mindre enn fem variantar av eit eige hjelpespråk, som blei kalla interlingua. Det vann ikkje nokon stor tilslutnad.

Under den andre verdskrigen blei spørsmålet om eit internasjonalt hjelpespråk teke opp i London. Det blei nedsett ein kommisjon med representantar frå fleire land som tilrådde at engelsk skulle knesetjast som det fyrste internasjonale språket og innførast i grunnskulen i alle land, og at berre engelsk og fransk skulle brukast offisielt på internasjonale møte. Dei tilrådde at fransk blei innført i grunnskulen i engelsktalande land. Heller ikkje dette framlegget førte til større resultat.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.